Beitebruk og seterdrift

Publisert:

Frå 2019 til 2020 har talet på sauer på utmarksbeite gått ned frå 1,93 millionar til 1,91 millionar. Seterdrift har tidlegare hatt ein sentral rolle i landbruket, men i 2020 blei det registrert berre 781 setrer i drift, og berre 2,5 prosent av jordbruksbedriftene dreiv med seterdrift.

Gjennom søknader om produksjonstilskot i jordbruket blir det gitt tilskot til to ordningar for dyr på beite. Eit tilskot blir gitt for dyr som går minst 5 veker på utmarksbeite og eit for dyr som går minst 12 veker på beite (16 veker i visse geografiske soner), uavhengig av om beitet er utmarksbeite eller innmarksbeite. Føremålet med ordningane er å oppnå god utnytting av ressursane på utmarksbeite og å stimulere til pleie av kulturlandskapet. Det er mogleg å få tilskot for begge ordningane for dei same dyra. Tilskota for 2020 utgjorde 658 millionar kroner for husdyr på minst 5 vekers utmarksbeite og 381millionar kroner for husdyr på minst 12 eller 16 vekers beite.

Færre sauer på utmarksbeite

Dei siste åra er det registrert ein nedgang i talet på sau på utmarksbeite, medan det er ein auke for storfe, geiter og hestar. For 2020 blei det gitt produksjonstilskot for totalt 2,2 millionar husdyr på minst 5 vekers utmarksbeite. Av dette utgjorde sauer og lam 1,9 millionar dyr. Storfe på utmarksbeite utgjorde om lag 249 000 dyr, medan geiter utgjorde 56 000 og hestar 8 500. 

1 Omlegging av søknader om produksjonstilskot kan vere ei årsak til låge tal for registrerte beitedyr i 2017.

Figur 1. Indeks for utvikling i talet på husdyr med minst 5 veker på utmarksbeite¹. 1989=100

Storfe Sauer og lam Geiter og kje Hestar over 1 år
1989 100 100 100 100
1990 104 102 101 101
1991 99 104 100 95
1992 98 106 100 93
1993 95 104 102 95
1994 93 109 99 100
1995 101 111 94 90
1996 91 111 93 92
1997 93 106 90 91
1998 91 104 87 89
1999 89 99 83 95
2000 85 100 80 90
2001 83 101 78 85
2002 84 103 77 90
2003 82 103 76 77
2004 84 103 76 84
2005 90 103 76 113
2006 84 99 73 115
2007 82 95 70 123
2008 84 94 67 131
2009 84 97 67 129
2010 86 97 67 136
2011 87 97 65 134
2012 89 94 63 131
2013 92 96 61 132
2014 92 97 62 137
2015 93 100 64 130
2016 95 104 68 128
2017¹ 78 100 60 105
2018 88 100 64 117
2019 90 96 61 116
2020 93 95 65 122

Figur 2

Figur 2. Sau på minst 5 vekers utmarksbeite, etter kommune. 2020

Sjå fleire tal for husdyr på minst 5 vekers utmarksbeite

Også færre sauer på minst 12 vekers beite

Det blei gitt produksjonstilskot for totalt 2,9 millionar husdyr på beite i minst 12 veker (16 veker i visse geografiske soner) i 2020. Av dette var det 2,2 millionar sauer og lam, 608 100 storfe, 66 900 geiter og 23 800 hestar. Frå 2019 til 2020 minka talet på sau på beite med ein prosent, medan talet på storfe og geit på beite auka med knapt to prosent. Nesten alle sauene og geitene er på beite minst 12 eller 16 veker i sommarhalvåret. Av alle mjølkekyr og ammekyr var 86 prosent på sommarbeite i 2020. Ungdyr av storfe hadde den lågaste delen med 58 prosent på beite.

1 Omlegging av søknader om produksjonstilskot kan vere ei årsak til låge tal for registrerte beitedyr i 2017.

Figur 3. Husdyr med minst 12 (eller 16) veker på beite i prosent av husdyr i alt, etter husdyrslag

Geiter og kje Sauer og lam Hestar Mjølkekyr og ammekyr Ungdyr av storfe
2006 92.7 97.5 68.4 79.5 50.7
2007 95.0 98.4 82.8 83.4 53.4
2008 96.6 98.5 89.1 84.0 55.2
2009 96.6 98.9 91.3 84.4 55.6
2010 96.7 99.0 92.4 83.7 55.4
2011 96.5 98.9 92.9 83.1 55.6
2012 95.1 98.9 93.2 83.1 56.4
2013 95.7 98.8 95.5 82.5 58.3
2014 96.5 99.1 98.2 85.2 59.7
2015 98.2 99.1 96.8 85.2 60.0
2016 98.2 99.1 97.2 85.4 60.1
2017¹ 98.3 95.7 83.6 83.3 55.1
2018 99.5 97.6 92.4 85.8 57.6
2019 100.0 96.9 92.7 86.6 58.4
2020 99.8 96.6 90.9 86.2 58.9

Organisert beitebruk

Gjennom ordninga Regionale miljøprogram (RMP) kan det givast tilskot til ei rekkje tiltak som skal vere med på å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap, og hindre erosjon og avrenning av næringsstoff til vatn. Ordninga opnar for at fylka kan støtte tiltak som er mest målretta i deira område, og som kan bidra til å hindre gjengroing og stimulere til beiting og betre opplevingskvaliteter i kulturlandskapet. Tiltaka skal bidra til å ta vare på det tradisjonelle kulturlandskapet utover det ein oppnår gjennom nasjonale ordningar. Beitelag kan få tilskot gjennom RMP til drift, tilsyn og sanking av dyr frå beite. Tilskotet skal gå til å fremme den organiserte bruken av beite gjennom fellestiltak, og føremålet med ordninga er å legge til rette for ei meir rasjonell utnytting av utmarka, og å redusere tap av dyr på beite.

Det kan også givast tilskot til ulike planleggings- og tilretteleggingstiltak for god og effektiv bruk av utmarksbeitene, slik som tidsavgrensa utprøving av nytt utstyr som kan bidra til effektiv og god beitebruk og prosjektretta arbeid for stimulering til auka beitebruk og rasjonell utnytting av beitene.

Tilskotet kan og givast til investeringar knytt til utmarksbeite, t.d. oppsetjing av sperregjerde, buer for gjetarar og utstyr for elektronisk overvaking av beitedyra.

I miljøtemaet Kulturlandskap i RMP blei det i 2020 utbetalt totalt 146 millionar kroner til 24 600 tiltak. Det blei gitt tilskot til mellom anna beiting på inn- og utmark, skjøtsel av bratt areal og anna verdfulle jordbrukslandskap samt beiting i område som er verna. Samla blei det gitt tilskot for 1,8 millionar beitedyr og 767 000 dekar areal til slått og beite. Tilskot til organisert beitebruk blei gitt til 1 200 tiltak i 2020, og samla utbetaling var 32,6 millionar kroner for 1,5 millionar beitedyr.

Slått og beite av lokalt verdfulle jordbrukslandskap i innmark og utmark fekk i alt eit tilskot på 40,6 millionar kroner for 2020. Det omfatta beite på 155 000 dekar innmark, og 81 000 dekar areal til slått. Det blei gitt tilskot til beiting av verdfulle jordbrukslandskap i utmark for 117 000 dyr.

Figur 4. Utvalde aktivitetsdata innanfor tema Kulturlandskap og Kulturminne og kulturmiljø i RMP. 2019 og 2020

År Regionalt prioriterte kulturlandskap Oppretthalde kulturlandskapet Utvalde naturtypar Prioriterte naturverdiar Setring
2020 117 31 12 34 46
2019 113 33 13 39 46

Kraftig reduksjon i seterdrifta

Seterdrift har hatt ei sentral rolle i landbrukets historie og skapt særeigne landskap i Noreg. Tidlegare var seterdrift svært omfattande, og tidleg på 1900-talet var det mange jordbruksbedrifter som hadde seter. Sidan midten på 1900-talet og fram til i dag har talet på jordbruksbedrifter med seter gått kraftig tilbake, men seterdrift er framleis eit viktig element i kulturlandskapet i fjellet i einskilde område av landet.

I 1949 var det 22 600 jordbruksbedrifter, eller 11 prosent av alle jordbruksbedriftene, som hadde eiga seter eller del i seter. I 1959 var dette talet redusert til 13 700 jordbruksbedrifter, eller 7 prosent av alle jordbruksbedriftene. 50 år etter, i 2009, hadde talet gått ned til 1 700 bedrifter, eller 3 prosent av alle jordbruksbedriftene. I 2020 var det 976 jordbruksbedrifter, eller 2,5 prosent av alle jordbruksbedrifter, som hadde seter eller del i seter.

Figur 5. Indeks for utvikling i talet på jordbruksbedrifter med seter eller del i seter. 1949=100

År Jordbruksbedrifter i alt Jordbruksbedrifter med seter eller del i seter
1949 100.0 100.0
1959 92.9 60.4
1969 72.6 27.1
1979 58.7 13.5
1989 46.6 12.8
1999 33.1 12.1
2009 22.3 7.3
2019 18.3 4.6
2020 18.1 4.3

Berre 781 setrer i drift i 2020

I 1949 var det registrert 21 812 setrer i drift. Sidan 1949 har talet på setrer gått kraftig ned. I 2005 (første året med RMP-tilskot) var det 1 403 setrer. RMP-tala for 2020 viser at det var 781 setrer i drift. Desse 781 setrene fekk eit tilskot på 47,8 millionar kroner, dette utgjorde 75 prosent av alle tilskota under miljøtema «Kulturminner og kulturmiljøer» i 2020. I 2019 var det 821 setrer i drift som fekk eit tilskot på 46,2 millionar kroner.

I tala for 2019 og 2020 inngår «Besøksseter» som kom som eit eige tiltak i RMP i 2019. Hittil er det berre Trøndelag som har nytta dette. I 2019 og 2020 fekk tiltaket «Besøksseter» eit tilskot på høvesvis 1,4 og 1,3 millionar kroner.

Figur 6. Talet på setrer og jordbruksbedrifter med seter eller del i seter

2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020
Jordbruksbedrifter med seter eller del i seter 2620 2439 2379 2290 2195 2017 1952 1900 1783 1658 1579 1508 1430 1295 1227 1172 1124 1099 1060 1034 976
Talet på setrer 1403 1356 1339 1279 1197 1163 1112 1078 991 958 915 886 861 838 821 781

Mest seterdrift i Innlandet og Trøndelag

Det er naturleg nok fylka Innlandet og Trøndelag med mange beitedyr og store beiteområde som har flest jordbruksbedrifter med seterdrift. I 2020 hadde Innlandet 499 jordbruksbedrifter med 447 setrer i drift. Tilsvarande tal for Trøndelag var 181 bedrifter med 118 setrer i drift.

Tabell 1. Jordbruksbedrifter med seter og talet på setrer, etter fylke. 2020

Til tabellen

Produksjonstilskot (Landbruksdirektoratet)

Ordninga med søknader om produksjonstilskot i jordbruket 1. mars og 1. oktober blir administrert av Landbruksdirektoratet. Materialet inneheld opplysningar om areal og husdyrhald hos søkjarane. Data frå søknadene kan publiserast på alle regionale nivå under føresetnad av at informasjon om enkeltbruk ikkje blir offentleggjord.

Regionale miljøprogram - RMP (Landbruksdirektoratet)

Regionale miljøprogram (RMP) skal stimulere til auka miljøinnsats i jordbruket ut over det som er mogleg gjennom nasjonale ordningar. Kvart fylke har eit eige miljøprogram med eit utval miljøtiltak som ein kan få tilskot til å utføre. Tiltaka blir bestemt ut frå kva Statsforvaltaren ser som dei største miljøutfordringane i sitt fylke. Fleire tilskot som tidlegare var del av nasjonalt miljøprogram eller produksjonstilskot i jordbruket er no del av RMP, slik som tilskot til seterdrift, bratt areal og endra jordarbeiding. For å søkje om tilskot frå RMP er det eit vilkår at søkjaren også fyller krava for å ta imot produksjonstilskot.

Miljøtiltak i RMP 2020

Dei ulike miljøtiltaka i RMP er delte inn i ulike miljøtema. Samla RMP-tilskot for 2020 var totalt 552 millionar kroner. Her er 2020-tal fordelte etter miljøtema:

Kulturlandskap 145,6 mill. kr

Biologisk mangfald 52,0 mill. kr

Kulturminne og kulturmiljø 63,6 mill. kr

Friluftsliv og friluftsverdiar 5,0 mill. kr

Avrenning til vatn 171,1 mill. kr

Utslepp til luft 108,4 mill. kr

Plantevernmiddel 4,6 mill. kr

Miljøavtalar 2,0 mill. kr

 

Faktaside

Kontakt