Auke i avling av bær i 2019

Publisert:

Samanlikna med tørkesommaren 2018 gav fjoråret betre avlingar for bær. Bærproduksjon sett under eitt hadde ein auke på 9 prosent frå 11 300 tonn i 2018 til 12 400 tonn i 2019.

Jordbær utgjorde 74 prosent av bærproduksjonen i landet i 2019, og gav ei avling på vel 9 100 tonn, viser statistikken Hagebruksavlingar. Det er ein auke på 15 prosent samanlikna med året før då avlinga var knapt 8 000 tonn. For bringebær som utgjorde 19 prosent av den totale produksjonen, var det derimot ein nedgang på 7 prosent til 2 400 tonn.

Figur 1. Avling av hagebær

Bær i alt Jordbær Bringebær
2015 15080 11187 2843
2016 12711 8783 2942
2017 11932 8090 2994
2018 11350 7964 2599
2019* 12381 9142 2408

God epleavling

Fjoråret gav og om lag 5 prosent høgare total fruktavling samanlikna med 2018, som trass i tørke var eit godt fruktår. Avling av eple var 15 600 tonn, og utgjorde vel 80 prosent av den totale fruktproduksjonen. Det er ein auke frå 2018 på om lag 700 tonn eller nær 5 prosent. Det var svært gode plommeavlingar i 2019, og avlinga  auka med vel 31 prosent frå året før til 2 500 tonn. Morellar, som gav ei avling høgare enn normalt i den varme sommaren i 2018, hadde ein nedgang på 34 prosent frå over 800 tonn til knapt 550 tonn i 2019.

Figur 2. Avling av eple

Eple
2015 10800
2016 12522
2017 12664
2018 14878
2019* 15593

Betre grønsaksproduksjon

Total produksjon av grønsaker på friland og i veksthus er berekna til 187 100 tonn i 2019. Det er ein auke på 7 prosent frå året før då avlingane av mange vekstar var prega av tørke.

Særleg vekstar som gulrot og kepalauk som utgjer høvesvis 26  og 12 prosent av den totale grønsaksproduksjonen, påverkar dei totale avlingstala. Desse vekstane hadde grunna tørke, lågare avlingar i 2018, men er i 2019 tilbake på meir normale nivå. Gulrot gav i 2019 ei avling på nær 49 000 tonn, noko som er 13 prosent meir enn i 2018. Avlinga av kepalauk vart i 2019 på 22 500 tonn, ein auke på 55 prosent frå knapt 14 500 tonn i 2018.

Figur 3. Avling av gulrot og kepalauk

Gulrot Kepalauk
2015 51744 24511
2016 49736 23065
2017 51538 21888
2018 42841 14466
2019* 48612 22509

For veksthusgrønsaker var avlinga i 2019 totalt 29 900 tonn. Det er om lag 2 prosent mindre enn året før då avlinga var 30 500 tonn. Agurk og tomat utgjer største del av produksjonen, og avlinga av tomat hadde ein nedgang på nær 12 prosent samanlikna med 2018 og vart i 2019 på 11 300 tonn. Agurk auka med 5 prosent til 16 500 tonn i 2019.

 

Faktaside

Kontakt