Auka laksefangst i sjøen

Publisert:

I den ordinære sesongen i 2016 blei det fiska 273 tonn villaks og sjøaure i norske fjordar. Dette er 15 prosent meir enn året før. Mest laks blei fiska i Finnmark.

Fangsten fordelte seg på 269 tonn laks og 4 tonn sjøaure. Dette er ein auke frå året før på 16 prosent for laks og ein nedgang på 2 prosent for sjøaure. Gjennomsnittsvekta for laks var 4,6 kilo i 2016 mot 4,1 kilo året før. 14 prosent av laksen vog under 3 kilo, 59 prosent vog mellom 3 og 7 kilo, medan 27 prosent var storlaks over 7 kilo. Prosenttala for 2015-sesongen var respektive 20, 59 og 21.

Figur 1

Figur 1. Sjøfiske etter laks og sjøaure. Kommunar med størst fangst

Stor auke i Finnmark

I Finnmark, som er det viktigaste laksefylket, blei det fiska 134 tonn laks i fjordane. Dette er 50 prosent meir enn året før, og fangsten utgjorde om lag halvparten av den totale laksefangsten i sjøen i Noreg. Det var auke i dei fleste andre fylka, bortsett frå Trøndelagsfylka og Sogn og Fjordane. Størst nedgang hadde Sør-Trøndelag, der fangsten nær blei halvert frå året før og enda på 19 tonn. Variasjonen i fangstane frå år til år heng i stor grad saman med tidspunktet på innsiget av laks og endringar i regulering av fisket.

Figur 2

Figur 2. Sjøfiske etter laks og sjøaure. Fylke

Av kommunane hadde Namsos, Sør-Varanger og Alta dei største fangstane.

Rømt oppdrettsfisk

Langs kysten frå Rogaland til Troms er det høve til å fiske etter rømt oppdrettsfisk i utvida sesong. Fisketida er frå 5. august til 28. februar, og fangsten er hovudsakleg rømt oppdrettsfisk, men med innslag av villfisk.

I sesongen 2015/2016 blei det fiska 8,6 tonn, fordelt på 8,5 tonn laks og 0,1 tonn sjøaure. Gjennomsnittsvekta var 3,5 kilo for laks og 2,8 kilo for sjøaure.

Kontakt