Mannlege flyktningar kjem raskare i arbeid

Publisert:

Menn kjem raskare i arbeid enn kvinner. Blant flyktningar som har vore i Noreg i 4 til 6 år er skilanden i sysselsetjing på heile 23 prosentpoeng. Etter 10 år i landet blir skilnadane mykje mindre.

For flyktningar sett under eitt er skilnaden i sysselsetjing 5,1 prosentpoeng mellom kjønna, og 2,8 prosentpoeng for heile befolkinga.

Skilnaden er størst blant flyktningar frå Afghanistan, der delen sysselsette menn er 21 prosentpoeng høgare enn hos kvinner, viser tal frå rapporten «Flyktninger i og utenfor arbeidsmarkedet 2016». Det er også store skilnadar i gruppene frå Tyrkia, Somalia og Irak, på mellom 12 og 16 prosentpoeng.

– På den andre sida har flyktningar frå Bosnia-Hercegovina ein skilnad mellom kjønna på berre 1,5 prosentpoeng, som er mindre enn i hele befolkninga. Elles er det moderate skilnadar blant flyktningar frå Myanmar, 3,2 prosentpoeng, i tillegg til dei frå Chile og Vietnam, begge gruppene med 3,6 prosentpoeng, seier rådgjevar i Statistisk sentralbyrå, Bjørn Olsen.

Blant flyktningane som heilskap, er sysselsetjinga på 49,7 prosent for menn og 44,6 prosent for kvinner. I heile befolkinga er tala 72,3 og 69,5 prosent. Sysselsette vert rekna i aldersgruppa 15–66 år.

Figur 1. Sysselsette etter innvandrarkategori, landbakgrunn og kjønn. I prosent av personar i alt 15–66 år i kvar gruppe. 4. kvartal 2016

Kvinner Menn
Syria 9.0 15.9
Sudan 24.1 33.3
Eritrea 38.2 37.6
Somalia 24.6 40.3
Russland 48.1 45.9
Irak 39.6 51.4
Etiopia 49.3 53.2
Iran 51.5 55.4
Afghanistan 35.0 56.4
Tyrkia 43.6 58.9
Kosovo 54.4 62.1
Myanmar 60.9 64.1
Vietnam 62.0 65.6
Chile 63.8 67.4
Bosnia-Hercegovina 66.9 68.4
Sri Lanka 66.9 76.5
Flyktningar i alt 44.6 49.7
Innvandrarar i alt 58.2 64.9
Sysselsette i alt 69.5 72.3

Butid viktig for sysselsetjing

Kor lenge flyktningane har vore i landet, er ein viktig faktor for kor mange som er sysselsette, men butid aukar ikkje sysselsettinga i like stor grad hos alle. Til dømes ser vi at flyktningar frå Afghanistan, Eritrea, Etiopia og Myanmar har eit høgare sysselsettingsnivå enn dei frå Irak, Somalia, Sudan og Syria i grupper med like lang butid

Andre viktige faktorar, er utdanning og alderen då flyktningane kom til Noreg. Flyktningar med berre grunnskule, har desidert lågast del sysselsette.

– Sidan over halvparten av flyktningane berre har grunnskule, trekkjer denne gruppa gjennomsnittet ein del ned, forklarer Olsen.

Av dei som var under 15 år då dei busette seg i Noreg, er sysselsetjingsdelen mellom 69 og 73 prosent etter at dei har budd 20 år i landet. Mange av desse har teke utdanning i Noreg.

Flest sysselsette srilankarar

Flyktningmennene frå Sri Lanka har ein sysselsetjingsdel på 76 prosent, som er 4 prosentpoeng høgare enn i heile den mannlege befolkinga. Etter dei følgjer Bosnia-Hercegovina og Chile, der høvesvis 68,4 og 67,4 er sysselsette.

Menn frå Syria og Sudan hadde lågast sysselsetjing, med høvesvis 16 og 33 prosent, noko som mellom anna er fordi det er svært høg del med kort butid i desse gruppene.

Blant kvinnene, er flyktningar frå Sri Lanka og Bosnia-Hercegovina høgast sysselsetjingsdel, på 67 prosent. Blant kvinnene i heile befolkinga, er talet 69,5 prosent. Kvinnene frå Syria og Sudan er på botnen, med høvesvis 9 og 24 prosent.

Faktaside

Kontakt