44643_not-searchable
/inntekt-og-forbruk/statistikker/inntpensj/aar
44643
AFP-pensjonistane er få, men tek imot mest
statistikk
1998-01-01T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk
no
inntpensj, Inntektsstatistikk, pensjonsordninger utenfor folketrygdenInntekt og formue , Inntekt og forbruk
true

Inntektsstatistikk, pensjonsordninger utenfor folketrygden1996

Innhald

Publisert:

AFP-pensjonistane er få, men tek imot mest

Blant dei om lag 518 000 personane som i 1996 fekk pensjonar frå pensjonsordningar utanfor folketrygda, var pensjonar og livrenter knytta til tidlegare arbeidsforhold vanlegast. Mest fekk likevel dei 17 200 mottakarane av avtalefesta pensjon (AFP). Dei fekk i gjennomsnitt 75 600kroner frå pensjonsordningar utanom folketrygda.

Kva ein pensjonist får utbetalt i pensjon er sterkt knytta til kva rettar han har opparbeidd seg via tilknyting til arbeidsmarknaden - særleg gjeld dette opparbeiding av pensjon i ordningar utanfor folketrygda. Det blir òg gjenspeila i statistikken: Heile 357 400 personar fekk i gjennomsnitt 39 900 kroner i pensjon og livrenter opptent på bakgrunn av tidlegare arbeidsforhold. I tillegg fekk i alt 121 700 personar i snitt 30600kroner i uførepensjon frå ordningar utanfor folketrygda.

Med innføringa av AFP-ordninga i 1989 fekk mange arbeidstakarar høve til å gå av tidlegare enn aldersgrensa i folketrygda tilseier. Dermed oppstod òg ei relativt lita pensjonistgruppe med store pensjonsytingar frå kjelder utanom folketrygda. Blant dei 17 200 mottakarane i 1996 var 56 prosent menn, og dei fekk òg mest - i gjennomsnitt 87 000 kroner. Kvinnelege mottakarar av AFP fekk i gjennomsnitt 60 900 kroner. Dette året var dessutan nedre aldersgrense for å få AFP 64 år.

Ikkje alle pensjonistar har folketrygd

Majoriteten av pensjonistane med pensjonsinntekter utanom folketrygda tek òg imot folketrygdpensjon. 53600 av dei fekk likevel berre pensjon frå andre pensjonsordningar. Dei fleste av desse, 31 100, har pensjon og livrenter i arbeidsforhold. AFP-pensjon er den nest største pensjonstypen, vel 12 400 personar tek imot denne ytinga. Resten, vel 10000 personar har anten uførepensjon, barnepensjon, eiga pensjonsforsikring eller føderåd.

Dersom vi samanliknar dei pensjonistane som berre har pensjonsinntekter frå andre kjelder enn folketrygda med dei som òg har folketrygd, finn vi at pensjonistar utan folketrygd har eit klart høgare nivå på ytingane frå andre ordningar.

Til dømes fekk dei som har pensjon og livrenter i arbeidsforhold utan å vere folketrygdpensjonistar 96200kroner i snitt, medan AFP-pensjonistane i kategorien i gjennomsnitt fekk 83 100 kroner.

Statistikken syner dessutan at det å vere minstepensjonist, det vil seie pensjonistar som tek i mot særfrådrag, ikkje er einslydande med å berre ha minstepensjon å leve av. Av dei 518000 pensjonistane som tek i mot ulike tilleggspensjonar var faktisk 81000 òg minstepensjonistar i folketrygda. Dei fleste av desse, 88prosent, var kvinner. Pensjonar og livrenter i arbeidsforhold var den vanlegaste tilleggsytinga. 60 100 av minstepensjonistane hadde slike inntekter.

Dei som i dag betalar premie til pensjonsordningar utanfor folketrygda er framtidas pensjonistar. Om lag 1,4 millionar personar betalte premie til desse ordningane, eller fekk slik premie betalt av arbeidsgjevar. Av desse er 728 700 menn og 671700 kvinner.

Om statistikken

Statistikken omfattar berre dei som har tek imot pensjonsinntekter eller betalt inn premie til andre pensjonsordningar enn folketrygda.

Pensjonsordningar utanfor folketrygda er ordningar i regi av stat, kommuner, arbeidsgjevarar/bedrifter, fagrørsle, organisasjonar eller forsik-ringsselskap. Desse har saman, eller kvar for seg, etablert pensjonar basert på rettar eller behov. Pensjonsrettane kan vere knytta til eit tilsetjingstilhøve, yrke eller organisasjonstilknyting. Dei kan òg vere kont-rakter/poliser teikna på kollektiv eller individuell basis.

Statistikken over pensjonsordningar utanfor folketrygda baserer seg på opplysningar frå Skattedirektoratet sitt løns- og trekkoppgåveregister (LTO-registeret). Alle arbeidsgjevarar eller oppdragsgjevarar er som hovudregel plikta å sende løns- og trekkoppgåve til kommunekasseraren/Skattedirektoratet. I tillegg nyttast òg opplysningar om inntekter og frådrag som er henta frå skattelikninga gjennom den personlege sjølvmeldinga. Storleiken på desse beløpa vil difor vere bestemt av gjeldane skattereglar og likningspraksis. Skattefrie inntekter kjem ikkje med i statistikken.

Figur

inntpensj figur 11998

Figur 1: Gjennomsnittleg inntekt for utvalde pensjonsordningar, pensjonistar med og utan folketrygd. 1996

Tabeller