Opprett publikasjonsliste

Velg publikasjoner fra listen.
Loading...
Publikasjonslisten opprettet
Historisk statistikk

Norske folketeljingar

Folketeljingane er ei unik historisk kjelde til informasjon om befolkninga i Noreg i moderne tid.

 

Folketeljingar gjennom 200 år

Registreringa av taterar, fruktbarheitsundersøkingane i mellomkrigstida og innføringa av personnummersystem i Noreg. Sjå publikasjonen "Folketellinger gjennom 200 år".

Norden var tidleg ute
På 1700-talet byrja europeiske land å halde folketeljingar som kunne gje grunnlag for ei statistisk beskriving og analyse av befolkninga. Sjå artikkelen "Norden tidlig ute".

Folketeljing utan skjema
Mens folketejlingane tidlegare blei til ved at alle hushald måtte oppgje nødvendig informasjon sjølv, har register overteke jobben gradvis sidan 1960-talet. Sjå artikkelen "Steg for steg mot registerbasert telling".

Om "idiotar" og "tullingar" i statistikken
Det kan ofte vere like interessant å sjå på kva ein valde å telje, og korleis ein valde å definere dei kategoriane ein delte befolkninga opp i.  Sjå artikkel i Samfunnsspeilet 2006/3

Anna

Søketips

Bruk Ctrl + F for å søke inne i PDF-ane for folketeljingspublikasjonane.

Nyttig for slektsgranskarar

Er du nysgjerrig på formødrene og -fedrane dine? Under folketeljinga i 1801, og alle frå og med 1865, måtte kvar person fylle ut eit eige skjema. Desse skjemaa er digitaliserte og søkbare på Arkivverkets folkteljingssider.

Utstilling: Folketeljingar ved tre hundreårsskifte

I samband med folketeljinga i 2001 blei det i eit samarbeidsprosjekt mellom Riksarkivet og Statistisk sentralbyrå laga ei utstilling om folketeljingane.

image-20190409130913-12

Korleis såg Henrik Ibsens skjema frå folketeljinga i 1900 ut?