54660_not-searchable
/helse/statistikker/tannhelse/aar
54660
Over 2,7 milliardar til tannhelse i Noreg
statistikk
2011-07-04T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
tannhelse, Tannhelsetenesta, tannstatus, karies, tannleger, tannpleiere, tannlegesekretærer, driftsutgifterKOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Tannhelsetenesta2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Over 2,7 milliardar til tannhelse i Noreg

I overkant av 2,7 milliardar kroner vart brukt på tannhelse i fylkeskommunane i 2010. Det er ein auke på 5,6 prosent frå 2009. Talet på årsverk aukar, medan gjennomsnittleg tal på hol for 12- og 18-åringar går ned.

Bruttodriftsutgifter per person undersøkt/behandla. 2001-2010. Kroner

Målt i brutto driftsutgifter brukte fylkeskommunane til saman i overkant av 2,7 milliardar kroner på tannhelsetenester i 2010. Talet er medrekna fylkeskommunar som er organiserte i fylkeskommunale føretak. Dette er om lag 146 millionar kroner meir enn året før, ein auke på 5,6 prosent. Dei gjennomsnittlege brutto driftsutgiftene per innbyggjar i landet var 559 kroner i 2010, ein auke på om lag 23 kroner per innbyggjar samanlikna med året før. Finnmark brukte mest kroner per innbyggjar på tannhelse med 1 298, medan Akershus brukte minst med 312 kroner per innbyggjar.

Fleire tannlegar

Talet på årsverk for tannlegar i landet har auka frå 2009, etter ein nedgang året før som kjem av færre private tannlegar. Talet på avtalte årsverk i offentleg og privat tannhelseteneste samla har auka frå 3 994 i 2006 til 4 088 i 2010. Dette utgjer 203 innbyggjarar per tannlege i landet for 2010, og er ein auke på 31 innbyggjarar per tannlege sidan 2006. Hordaland, Oslo og Tromsø er dei tre fylka som tilbyr tannlegeutdanning i Noreg. Dette er også dei tre fylka som har høgast tannlegedekning. Nord- og Sør-Trøndelag er dei to fylka som har lågast tannlegedekning.

Gjennomsnittleg tal på hol. 12- og 18-åringar. 1985-2010

Tannlegespesialistar har i same periode auka frå snautt 280 avtalte årsverk i 2006 til om lag 386 i 2009. Dette tilsvarer ein auke på 38 prosent. Talet på innbyggjarar per tannlegespesialist har hatt ein nedgang på vel 4 000 personar sidan 2006. Samstundes er det store regionale skilnader i spesialisttilbodet kor Oslo og Hordaland er fylkeskommunane med høgast dekning, medan Hedmark og Sør-Trøndelag har lågast dekning.

Stor auke i talet på tannpleiarar

Talet på tannpleiarar i tannhelsetenesta har auka, frå snautt 680 avtalte årsverk i 2006 til snautt 774 i 2010. Det er også ein auke på i underkant av 40 årsverk mellom 2009 og 2010. Det er framleis flest tannpleiarar som arbeider i den offentlege tannhelsetenesta, men den prosentvise auken held fram med å vere størst i den private tannhelsetenesta. Finnmark er fylket med høgast tannpleiedekning, medan Oppland har lågast.

18-åringar, delen behandla med DMFT>9. Fylkesvis. 2010

Talet på utanlandske tannlegar held fram med å auke

Talet på utanlandske tannlegar som jobbar i Noreg held fram med å auke. Dei siste fem åra har tannlegar med utanlandsk landbakgrunn i privat og offentleg tannhelseteneste auka med nesten 30 prosent, frå 848 i 2006 til 1 096 i 2010. Delen utanlandske tannlegar av alle tannlegar i landet er 25,6 prosent i 2010. Auken skjer både blant tannlegar med europeisk og ikkje-europeisk landbakgrunn.

Ein ser framleis ingen klare sektortendensar. Talet på utanlandske tannlegar stig både i privat og offentleg tannhelseteneste. Samstundes held den prosentvise auken fram med å vere størst i privat sektor når det gjeld tannlegar med landbakgrunn utanfor Europa.

Tannlegar med utanlandsk landbakgrunn. 2004-20101
  2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010
Det totale talet på utanlandske tannlegar  666     770     848     907     993    1 036    1 096
Europeiske tannlegar i offentleg tannhelseteneste2  224  241  257  278  311  317  330
Ikkje-europeiske tannlegar i offentleg tannhelseteneste 92  101  115  122  132  136  148
Europeiske tannlegar i privat tannhelseteneste  248  290  325  343  367  389  410
Ikkje-europeiske tannlegar i privat tannhelseteneste  102  138  151  164  183  194  208
1  Tannlegar med utanlandsk landbakgrunn som arbeider i tannhelsetenesta.
2  Tyrkia er ikkje rekna med blant europeiske land.

Færre hol blant 12- og 18-åringar

Etter ein jamn nedgang i gjennomsnittstalet på hol i tennene blant 12- og 18-åringane dei siste 25 åra, opplevde ein inga endring mellom 2008 og 2009 for begge aldersgruppene. Hol i tennene blant 12- og 18-åringar minskar frå 2009 til 2010. I 2010 er gjennomsnittstalet på tenner med karieserfaring, det vil seie hol, blant 12-åringar på 1,3. Året før var talet 1,4. Hedmark fylkeskommune har færrast hol blant sine 12-åringar med 0,9, medan Finnmark har flest med 1,9.

For 18-åringar er gjennomsnittstalet i landet på 4,6 hol, noko som er ein nedgang på 0,1 hol samanlikna med 2009. Trass i nedgang på landsnivå har det likevel skjedd ein auke for enkelte fylke i talet på hol. Hedmark har færrast med 3,7 hol, medan Finnmark har flest med eit gjennomsnitt på 6,4. Finnmark og Nordland er dei to fylka som har den største prosentvise auken i talet på hol blant 18-åringar mellom 2009 og 2010, medan Sør-Trøndelag har den største prosentvise nedgangen.

Det er færre 18-åringar med mange hol, samstundes som gruppa med null hol aukar. Delen 18-åringar med mange hol i tennene er på 12,2 prosent for heile landet, mot 14,5 prosent i 2006. Ei samanlikning av fylka viser store regionale skilnader. I Buskerud ligg gruppa med 18-åringar som har mange hol på 7,5 prosent, medan den same gruppa utgjer 22,2 prosent i Finnmark. Oppland har den største nedgangen.

I år er det andre året Noreg publiserer kvalitetsindikatoren Signifikant Caries Indeks (SiC) for 12-åringar. Indikatoren freistar å seie noko om tannhelsetilstanden til den tredjedelen av 12-åringane med flest hol i tennene. Det vekta gjennomsnittstalet for heile landet var på 3,3 hol i tennene i 2010, dette er ein nedgang frå 3,5 året før. Hedmark har lågast verdi med 2,4 hol, medan Finnmark har høgast med 4,1. Målsetnaden er at indikatoren vil bidra til å kartleggje dei som har størst behov for tannbehandling blant barn og unge i fylka i tida som kjem.

Signifikant Caries Indeks for tolvåringar

Signifikant Caries Indeks (SiC) blei introdusert internasjonalt i år 2000 for å setje søkjelyset på barna som har høgast kariesførekomst i ei gruppe.

DMFT er eit uttrykk for summen av delen tenner som treng eller har trengt behandling, samt gått tapt skulda sjukdom. Sjølv om DMFT hos 12-åringar viser at dei fleste har friske tenner, er det framleis nokon som har høge eller svært høge verdiar. SiC-indeksen vektlegg dette forholdet. Såleis belyser indeksen eit aspekt ved sosial ulikskap i helse, som den norske regjeringa ønskjer å redusere.

Indikatoren seier noko om alvoret av karies i gruppa barn som har høgast førekomst. Målsetjinga er at indikatoren skal retta auka fokus på det helsefremjande og førebyggande arbeidet slik at ein oppnår betre tannhelse hos dei som har dei største problema.

Les meir informasjon om kvalitetsindikatorar innanfor tannhelse hos Helsedirektoratet .

Indikatoren seier noko om resultatkvalitet.

Tabeller: