20871_not-searchable
/helse/statistikker/pleie/arkiv
20871
Fire av fem tek imot tenester heime
statistikk
2002-10-04T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
pleie, Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester, eldreomsorg, sjukeheimar, funksjonshemma, heimesjukepleie, heimehjelp, heimetenester, IPLOS, aldersheimar, institusjonar, omsorgsbustader, pleiepersonell, avlasting, støttekontakt, omsorgslønn, BPA (brukarstyrt personleg assistanse)KOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fire av fem tek imot tenester heime

Fire av fem brukarar av pleie- og omsorgstenester tek imot tenester heime. 161 200 personar hadde hjelp frå heimetenestene ved utgangen av 2001, medan 41 900 budde i institusjonane.

Nær halvparten av dei 161 200 som fekk heimetenester ved utgangen av 2001 var over 80 år, medan ein firedel av mottakarane var under 67 år. Medan talet på mottakarar som får både heimesjukepleie og praktisk hjelp har halde seg nokså stabilt dei siste åra, har talet på mottakarar som berre får heimesjukepleie auka. I heimetenestene er to av tre mottakarar kvinner.

Nær 6 400 personar fekk tenester frå heimehjelp eller heimesjukepleie meir enn 35,5 timar per veke. Dei fleste av desse var under 67 år, berre ein av seks var over 67 år. Om lag 800 personar hadde brukarstyrt personleg assistent.

Tre firedelar av dei nær 41 900 som budde i institusjon, var over 80 år. Også her finn ein eit fleirtal av kvinner. Rundt 87 prosent av bebuarane var skrivne inn til langtidsopphald i institusjonen, medan 13 prosent var skrivne inn til korttidsopphald.

Fleire institusjonar og einerom

Det var 1 052 institusjonar for eldre og funksjonshemma ved utgangen av 2001, ein svak auke frå året før. Ein av ti av desse institusjonane var ått av private næringsdrivande eller frivillige organisasjonar. Talet på slike private institusjonar har vore nokså stabilt dei siste åra. Dei private institusjonane har i overkant av 4 700 plassar.

Ved utgangen av 2001 hadde institusjonane om lag 38 100 rom. Nær 88 prosent av desse var einerom. Sidan byrjinga av 1990-talet har talet på einerom auka med 9 prosentpoeng.

Av dei 42 700 plassane i institusjonane for eldre og funksjonshemma var 37 000 plassar i sjukeheimar, ein auke på 2 700 plassar sidan 1997. Som tidlegare år stig talet på sjukeheimsplassar, medan talet på plassar i aldersheimar går ned. Ved utgangen av 2001 var det 5 200 plassar igjen i aldersheimane.

Andre tenester aukar òg

Om lag 20 600 personar hadde støttekontakt ved utgangen av året. Mottakarar under 67 år er i fleirtal og 13 900 var og under 50 år. 8 100 personar fekk avlasting utanfor institusjon, 5 700 av dei var barn og unge under 18 år.

Nær 6 300 personar fekk omsorgsløn frå kommunen for å gi hjelp til pleietrengjande barn, foreldre eller andre nære slektningar i 2001. Talet på personar som tek imot ei slik yting har auka med i overkant av 300 personar sidan 2000 og er meir enn dobla sidan 1994.

Personer som tek imot omsorgsløn. 1994-2001

Ved utgangen av året budde meir enn 46 000 personar i ein bustad til pleie- og omsorgsføremål. 30 prosent av dei busette var under 67 år og 43 prosent var 80 år eller eldre.

Stadig fleire årsverk

Sidan 1997 har årsverka innanfor pleie- og omsorgstenestene auka med nær 12 400. I 2001 var det stillingar svarande til 91 800 årsverk i pleie- og omsorgstenestene, eller om lag 0,45 årsverk per brukar. Om lag halvparten av årsverka vart utførte av personar med anten sjukepleiar- eller hjelpepleiarutdanning. Legar og fysioterapeutar utførde i tillegg om lag 620 årsverk på institusjonane som høyrer under pleie- og omsorgstenestene.

Innføring av KOSTRA

Frå og med 2002 rapporterar alle kommunar elektronisk via KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering) Meir informasjon om denne rapporteringa finn ein på http://www.ssb.no/kostra . 218 kommunar rapporterte gjennom KOSTRA for fyrste gong i 2002, medan dei andre kommunane har rapportert sine data eitt eller fleire år tidlegare. Det kan vere forskjell mellom tala som blir presenterte her og i KOSTRA, fordi vi i tabellane har estimert datagrunnlaget for kommunar som ikkje leverte tal innan fristen for KOSTRA-publiseringa, samt at datagrunnlaget har gjennomgått ytterlegare kontrollar sidan siste publisering. Estimata er ikkje med i nøkkeltala under KOSTRA.

Tabeller: