20875_not-searchable
/helse/statistikker/pleie/arkiv
20875
Fleire tek imot tenester heime
statistikk
2001-10-04T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
pleie, Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester, eldreomsorg, sjukeheimar, funksjonshemma, heimesjukepleie, heimehjelp, heimetenester, IPLOS, aldersheimar, institusjonar, omsorgsbustader, pleiepersonell, avlasting, støttekontakt, omsorgslønn, BPA (brukarstyrt personleg assistanse)KOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire tek imot tenester heime

I overkant av 159 700 personar fekk hjelp frå heimetenestene ved utgangen av 2000. Dette er det høgaste talet på brukarar som er registrert sidan statistikken blei lagt om i byrjinga på 1990-talet.

I overkant av 159 700 personar fekk hjelp frå heimetenestene ved utgangen av 2000, ein auke på 2 300 frå året før. Dette er det høgaste talet på brukarar som er registrert sidan statistikken blei lagt om i byrjinga på 1990-talet. Framleis får nær 40 prosent av brukarane berre praktisk bistand, det vil seie heimehjelp. Ein av fire mottakarar av heimetenester er under 67 år. To av tre brukarar av heimetenester er kvinner.

Nær 6 000 av brukarane fekk tenester frå heimehjelpa eller heimesjukepleien meir enn 35,5 timar per veke, ein auke på 400 frå 1999. Om lag 700 personar hadde brukarstyrt personleg assistent.

19 900 personar hadde støttekontakt ved utgangen av året. Dette er ein auke på 1 700 personar sidan 1999. 13 600 av desse var under 50 år. 7 900 personar fekk avlasting utanfor institusjon, 5 200 av dei var born og unge under 18 år.

Nær 5 900 personar fekk omsorgsløn frå kommunen for å gi hjelp til pleietrengjande born, foreldre eller andre nære slektningar i 2000, ein auke på 700 personar frå 1999. Talet på mottakarar av omsorgsløn er meir enn dobla sidan 1994.

 Personer som tek imot omsorgsløn. 1994-2000

Fleire sjukeheimsplassar

Av dei nær 42 900 plassane i institusjonar for eldre og funksjonshemma var 36 100 plassar i sjukeheim, ein auke på 400 plassar sidan 1999. Som tidlegare år er det talet på sjukeheimsplassar som stig, medan talet på plassar i aldersheimar går ned. Ved utgangen av 2000 var det 6 100 plassar igjen i aldersheimar. I 2000 var det i alt 1 047 institusjonar for eldre og funksjonshemma, som er ein auke på ti institusjonar frå 1999.

Institusjonane hadde i 2000 over 37 700 rom. 86 prosent av desse var einerom. Sidan byrjinga av 1990-talet har delen einerom auka med 7,3 prosentpoeng. Ved utgangen av året budde 42 200 personar i institusjon. Om lag 75 prosent av bebuarane var over 80 år, medan nær 4 prosent var under 67 år. Nær 88 prosent av dei som bur i institusjon er skrivne inn for eit langtidsopphald, det vil seie eit opphald som var meint å vare meir enn tre månader då dei vart skrivne inn. 0,5 prosent av dei som var skrivne inn for langtidsopphald i institusjon var personar under 50 år.

Fleire bustader

Talet på bustader til pleie- og omsorgsføremål har auka med om lag 2 000 einingar kvart år sidan 1997. Totalt 46 400 bueiningar er registrerte i statistikken i 2000, og meir enn tre firedelar er kommunalt eigde. Blant bustadene var i overkant av 13 100 omsorgsbustader bygde med oppstartingstilskott frå Husbanken. Talet på omsorgsbustader har auka med nær 7 700 sidan dei første gongen blei registrerte i statistikken i 1997.

Ved utgangen av året budde 45 500 personar i ein bustad til pleie- og omsorgsføremål. Yngre bebuarar, det vil seie dei som er under 67 år, utgjer nær 30 prosent av alle som bur i ein slik bustad, medan dei som er 80 år eller eldre utgjer 43 prosent. Nær to av tre av alle bebuarane i slike bustader er kvinner. Berre blant dei som er yngre enn 50 år, er menn i fleirtal.

Stadig fleire årsverk

Årsverka innanfor pleie- og omsorgstenestene auka med 3 300 frå utgangen av 1999 til utgangen av 2000. I 2000 var det stillingar svarande til 89 700 årsverk i pleie- og omsorgstenestene, eller om lag 0,44 årsverk per brukar. 45 100 årsverk blei utførte av personar med enten sjukepleiar- eller hjelpepleiarutdanning.

Tabeller: