20879_not-searchable
/helse/statistikker/pleie/arkiv
20879
Fleire sjukeheimsplassar
statistikk
2000-10-19T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
pleie, Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester, eldreomsorg, sjukeheimar, funksjonshemma, heimesjukepleie, heimehjelp, heimetenester, IPLOS, aldersheimar, institusjonar, omsorgsbustader, pleiepersonell, avlasting, støttekontakt, omsorgslønn, BPA (brukarstyrt personleg assistanse)KOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester1999

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire sjukeheimsplassar

Framleis kan ein berre sjå ein svak auke i plassar i institusjonar for eldre og funksjonshemma. Sjukeheimsplassane aukar mest. Samstundes aukar òg talet på bustader til pleie og omsorgsføremål.

Av dei 43 240 plassane i institusjonar for eldre og funksjonshemma er 35 700 plassar i sjukeheim, ein auke på i overkant av 900 plassar sidan 1998. Som i tidlegare år er det talet på sjukeheimsplassar som stig, medan talet på plassar i aldersheimar går ned, og ved utgangen av 1999 var 6 800 plassar igjen. Det er no i alt 1 037 institusjonar, som er ein auke på 6 institusjonar sidan 1998.

Institusjonane hadde i overkant av 37 700 rom. 85 prosent av desse var einerom. Sidan byrjinga av 1990-talet har andelen einerom auka med 8,1 prosentpoeng. Ved utgangen av året budde nær 42 700 personar i institusjonane. I overkant av 74 prosent av bebuarane var over 80 år, medan 3,7 prosent var under 67 år. Meir enn 87 prosent av dei som bur i institusjon er skrivne inn for eit langtidsopphald, det vil si eit opphald som då dei vart skrivne inn, var meint å vare meir enn tre månader.

Fleire bustader

På same måte som institusjonane, har òg talet på bustader til pleie- og omsorgsføremål auka frå 1998 til 1999. Desse bustadene har hatt ein markert vekst i andre halvdel av 1990-tallet. Totalt 44 400 bueiningar er registrerte i statistikken i 1999, og meir enn tre firedelar er kommunalt eigde. Blant bustadene var 10 120 omsorgsbustader bygde med oppstartingstilskott frå Husbanken. Talet på omsorgsbustader har auka med nær 4 800 bustader sidan dei første gongen blei registrerte i statistikken i 1997.

Ved utgangen av året budde nær 44 000 personar i ein bustad til pleie- og omsorgsføremål. Yngre bebuarar, dvs. dei som er under 67 år, utgjer 28,5 prosent av alle som bur i ein slik bustad medan dei som er 80 år eller eldre utgjer 41,5 prosent.

Fleire tek imot tenester i heimen

I overkant av 157 400 personar fekk bistand frå heimetenestene ved utgangen av 1999, ein auke på 4  600 frå året før. Framleis får i overkant av 40 prosent av brukarane berre praktisk bistand, dvs. heimehjelp. 5 600 av brukarane fekk tenester frå heimehjelp eller heimesjukepleie meir enn 35,5 time per veke. I motsetnad til bebuarane i institusjonar, der eit mindretal er under 67 år, er nær ein fjerdedel (23 prosent) av mottakarane av heimetenester i denne alderskategorien.

Per 31. desember 1999 hadde 83,2 prosent av kommunane eit tilbod om heimesjukepleie heile døgnet.

I overkant av 5 200 personar fekk omsorgsløn frå kommunen for å gje hjelp til pleietrengjande born, foreldre eller andre nære slektningar. Talet på mottakarar av omsorgsløn har blitt meir enn fordobla sidan 1994.

Stadig fleire årsverk

Årsverka innanfor pleie- og omsorgstenestene auka med 3 600 frå utgangen av 1998 til utgangen av 1999. I 1999 var det stillingar svarande til 86 400 årsverk i pleie- og omsorgstenestene, eller om lag 0,43 årsverk per brukar. Dersom ein ser årsverka relativt til befolkninga over 67 år, viser også desse ein stigande tendens frå 134 årsverk per 1 000 innbyggjarar i 1998 til 140 i 1999.

Tabeller: