20901_not-searchable
/helse/statistikker/helsetjko/arkiv
20901
Kun ein av tre aldersheimsplassar er igjen
statistikk
2006-12-08T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
helsetjko, Kommunehelsetenesta, kommunale helsetenester, driftsutgifter, helsestasjonar, skolehelsetenesten, helsekontroll, helsepersonell (for eksempel fysioterapeutar, helsesystrer, jordmødrer), sykehjemsbebuararKOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Kommunehelsetenesta2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Kun ein av tre aldersheimsplassar er igjen

Det vert stadig færre plassar i aldersheimane. I 2005 var det under 2 500 slike plassar, berre ein tredjedel av talet i 1998. I motsetnad til tidligare kjem det ikkje sjukeheimsplassar i staden for aldersheimsplassar, og det er no i overkant av 38 000 sjukeheimsplassar.

I tillegg er det rundt 300 plassar i såkalla ”buform med heildøgns omsorg og pleie”. Dette er institusjonar som er heimla etter kommunehelsetenestelova og er såleis å samanlikna med sjukeheimar. Forskjellen ligg i at buformene i større grad har eit spesialtilpassa tilbod til einskilde grupper med spesielle behov. Vi finn ein langt større del yngre bebuarar her. 48 personar eller 17 prosent av dei på langtidsopphald i buform er under 50 år. I sjukeheimar er 129 personar på langtidsopphald under 50 år. Dette utgjer 0,3 prosent av plassane. På aldersheimar var det tilsvarande berre ein person.

”Bustadgjering”

Forutan fleire sjukeheimar førte Handlingsplanen for eldreomsorgen (St.meld.nr. 50, 1996-1997) til ein ”bustadgjering”, det vil seie at plassar i aldersheimar vart erstatta av omsorgsbustader og andre bustader til pleie- og omsorgsformål. Samstundes har det òg vore ein auke i talet på mottakarar av heimetenester, serleg blant dei yngre. Av 165 000 mottakarar er 50 000 under 67 år. Auken i talet på mottakarar av heimetenester skuldast fleire mottakarar av heimesjukepleie. Dei utgjer no 71 prosent av alle heimetenestemottakarane, medan det var like mange mottakarar av heimesjukepleie som av praktisk bistand i 1998.

Auke i sjukefråveret

Det har vore ein viss auke i talet på årsverk totalt i pleie- og omsorgstenestene, til 111 000. Auken i årsverkstalet ligg litt over auken i talet på mottakarar, slik at det no er i overkant av eit halvt årsverk per mottakar av pleie- og omsorgstenester. Noko av auken i årsverk skuldast stigning i sjukefråveret og dermed fleire vikarar. Legemeldt sjukefråvær var i 2005 på 9 prosent av talet på årsverk totalt.

Fleire legar, færre fysioterapeutar i institusjonane

I 2005 var det ein auke på rundt 6 prosent til 275 legeårsverk i institusjonar for eldre og funksjonshemma. Samstundes finn vi ein tilsvarande nedgang i talet på årsverk av fysioterapeutar i institusjon. Auken i talet på legeårsverk har vore større enn auken i sjukeheimsplassar, noko som har ført til at det er vorte noko meir legetid til kvar bebuar - no på drygt eit kvarter per veke.

Legeinnsatsen i institusjonar er no på 275 årsverk. Det er elles ein svak vekst i talet på legeårsverk uavhengig av verksemdsområde, på 2 prosent til totalt rundt 4 200 årsverk. Denne veksten er størst blant fastlegane, men det er turnuskandidatane som kan vise til den største relative auken - på nærare 8 prosent. Samstundes er det ein generell svak nedgang i talet på fysioterapeutårsverk, til 4 150. Det er særleg dei kommunalt tilsette fysioterapeutane og turnuskandidatane som har ein nedgang i talet på årsverk, på rundt 3 prosent. I tillegg til reduksjon i aktiviteten på institusjonar har også talet på årsverk av fysioterapeutar minska i helsestasjons- og skolehelsetenesta. Tala på årsverk av helsesystrer og jordmødrer syner ein svak auke.

Meir informasjon om legetimar på institusjon og andre kvalitetsindikatorar finn ein på www.bedrekommune.no . Nettstaden er drifta av Sosial- og helsedirektoratet, KS, Helse- og omsorgsdepartementet og Statistisk sentralbyrå.

Justerte årsverkstal for pleie og omsorg

I tabell 9 i kommunal helse- og omsorgsstatistikk 2005 kan ein rekne seg fram til ein auke i talet på årsverk innanfor pleie og omsorg på om lag 3 000 frå 2004 til 2005. SSB har vurdert at den reelle veksten var noko lågare; mellom 1 600 og 2 200 årsverk. Statistikken over årsverk baserer seg på data frå ei rekkje register. I Arbeidsgiver/arbeidstakerregisteret, som er det viktigaste av desse, har mange kommunar forbetra registreringa si av tilsette frå 2004 til 2005. Dette har gitt ein auke i talet på tilsette som ikkje er reell. SSB har klart å justere for ein del av desse kvalitetsforbetringane i materialet som er publisert. Vi har under noko ulike føresetnadar gått ut i frå at den reelle auken har vore i intervallet på 1 600 - 2 200 årsverk, ikkje 3 000 som kan lesast ut av tabellen. Se Årsverk - beregninger og begreper og den aktuelle tabell 9

Tabeller: