20917_not-searchable
/helse/statistikker/helsetjko/arkiv
20917
Auka ressursar i kommunehelsetenesta
statistikk
2002-09-27T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
helsetjko, Kommunehelsetenesta, kommunale helsetenester, driftsutgifter, helsestasjonar, skolehelsetenesten, helsekontroll, helsepersonell (for eksempel fysioterapeutar, helsesystrer, jordmødrer), sykehjemsbebuararKOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Kommunehelsetenesta2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka ressursar i kommunehelsetenesta

Frå 2000 til 2001 auka ressursinnsatsen av legar, fysioterapeutar og helsesystrer i kommunehelsetenesta utanom eldreomsorga. Målt i talet på årsverk stod legane for den største veksten.

Ved utgangen av 2001 utførte legar 3 859 årsverk i kommunehelsetenesta utanom eldreomsorga. Dette var ein vekst på 280 årsverk samanlikna med året før. Målt i høve til befolkninga er det dei minste kommunane som har den beste legedekninga.

Det er dei privatpraktiserande legane med avtale med kommunen og turnuslegane som står for veksten. Talet på årsverk av fast tilsette legar og legar som ikkje har inngått noko avtale med kommunen, har i same periode vorte redusert. Dette er heilt i tråd med utviklinga dei seinare åra.

Ein må sjå veksten i årsverk av legar i kommunehelsetenesta i samanheng med utvikling på legemarknaden dei siste åra. Fastlegeordninga vart innført frå 1.6.2001, og samstundes har det vorte lagt restriksjonar på å opprette nye stillingar innanfor spesialisthelsetenesta for å betre tilgangen på legar, mellom anna i kommunehelsetenesta.

I 2001 utførte legar arbeid tilsvarande 249 årsverk i institusjonar for eldre og funksjonshemma. Dette utgjer om lag 6 prosent av legane sin totale arbeidsinnsats i kommunehelsetenesta. Andelen har halde seg stabil dei siste åra.

Fleire fysioterapeutar

Fysioterapeutane utførte 3 743 årsverk i kommunehelsetenesta ved utgangen av 2001. Dette var ein vekst på 130 årsverk samanlikna med året før. Dette talet omfattar ikkje fysioterapeutar som arbeider i institusjonar for eldre og funksjonshemma. Akkurat som for legane, er det særleg talet på privatpraktiserande fysioterapeutar som aukar.

I motsetnad til legedekninga er det dei største og mest sentrale kommunane som tradisjonelt har hatt den høgaste dekningsgraden for fysioterapeutar. Samanlikna med situasjonen på slutten av 1980-talet har skilnaden på dekningsgraden mellom kommunegrupper med ulik sentralitet gradvis vorte mindre.

368 av alle fysioterapiårsverka i kommunehelsetenesta var i 2001 knytte til institusjonar for eldre og funksjonshemma. Dette var nær 14 årsverk meir enn året før.

Fleire helsesystrer

Årsverka for helsesystrer veks frå 1 725 til 1 807 frå 2000 til 2001. Frå 1991 til 2001 har talet på årsverk av helsesystrer i kommunehelsetenesta auka med 587.

Veksten i talet på jordmorårsverk i kommunehelsetenesta har stoppa opp. Frå 2000 til 2001 viser tala ein liten nedgang. Jordmødrer utførte arbeid tilsvarande 278 årsverk ved utgangen av 2001. Samstundes rapporterer kommunane at talet på ledige stillingar for jordmødrer har auka frå 12 til 13 prosent av årsverksinnsatsen.

Målt i talet på årsverk per innbyggjar, er det dei minst sentrale kommunane som har den beste tilgangen på tenester frå jordmødrer og helsesystrer. Spesielt gjeld dette for jordmødrer, der dei minst sentrale kommunane har nesten 4 gongar så mange årsverk per 10 000 nyfødde som dei mest sentrale kommunane.

I 228 av i alt 466 kommunar/bydelar finn ein tilbod om helsestasjon for ungdom. Prevensjonsrettleiing er det mest vanlege tilbodet på desse helsestasjonane. Nær 100 prosent rapporterer at dei har tilbod om prevensjonsrettleiing knytt til denne verksemda.

Utgifter til kommunehelsetenesta

Om lag 4,3 prosent av kommunane sine netto utgifter går til kommunehelsetenesta. Av netto driftsutgifter innanfor kommunehelsetenesta går 69 prosent til diagnose, behandling og rehabilitering.

Innføring av KOSTRA

Innsamlinga av statistikk har vore under endring dei siste åra. Frå og med 2002 rapporterer alle kommunar data gjennom KOSTRA-systemet. Dette inneber at 218 kommunar/bydelar brukte dette systemet for første gong i år.

Saman med overgongen til elektronisk rapportering har det også vorte endringar i publiseringa av statistikken. Detaljerte samanlikningstal for kommunane er tilgjengeleg på Statistisk sentralbyrås heimesider på Internett: http://www.ssb.no/kostra/ .

Tala i KOSTRA er enno ikkje oppdaterte med endelege tal, og kan difor avvike frå denne artikkelen.

Tabeller: