20921_not-searchable
/helse/statistikker/helsetjko/arkiv
20921
Auka ressursar til kommunehelsetenesta
statistikk
2001-10-12T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
helsetjko, Kommunehelsetenesta, kommunale helsetenester, driftsutgifter, helsestasjonar, skolehelsetenesten, helsekontroll, helsepersonell (for eksempel fysioterapeutar, helsesystrer, jordmødrer), sykehjemsbebuararKOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Kommunehelsetenesta2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka ressursar til kommunehelsetenesta

Frå 1999 til 2000 har det vorte fleire legar, fysioterapeutar, jordmødre og helsesystrer i kommunehelsetenesta. Også dekningsgradene har gått opp for alle desse yrkesgruppene. Målt i talet på årsverk, var det fysioterapeutane som hadde den største veksten.

Ved utgangen av 2000 utførte fysioterapeutar 3 614 årsverk i kommunehelsetenesta utanom eldreomsorga. Dette var ein vekst på 194 årsverk samanlikna med året før, og det er første året talet på årsverk av fysioterapeutar i kommunehelsetenesta var større enn for legar.

Fysioterapeutar i distrikta

I motsetnad til legedekninga er det dei største og mest sentrale kommunane som har hatt den høgaste dekningsgraden for fysioterapeutar. Samanlikna med situasjonen på slutten av 1980-talet har skilnaden på dekningsgraden mellom kommunegrupper med ulik sentralitet gradvis blitt mindre. Frå 1999 til 2000 vart skilnaden igjen større, men dette har samanheng med at nær 90 årsverk i bydelsovergripande tenester (helsevernetaten) i Oslo kommune er inkludert i statistikken for 2000. Desse årsverka har tidlegare ikkje vore med i datagrunnlaget. Tala viser likevel at innbyggjarane i distrikta førebels ikkje har same tilbodet om fysikalsk behandling som dei som er busette i store og sentrale kommunar.

355 av alle fysioterapiårsverka i kommunehelsetenesta var i 2000 knytte til institusjonar for eldre og funksjonshemma. Dette er 64 færre årsverk enn året før, noko som kan kome av overgang til KOSTRA rapportering.

Fleire legar med avtale om driftstilskott

Eit markert trekk ved legetenesta i kommunane, er at det gjennom nesten heile 1990-talet har vore ein overgang av legar frå kommunale stillingar med fast lønn til privat praksis. Fram til 1990 auka talet på årsverk utført av legar med fast lønn, for deretter å stagnere. Etter 1992 byrja årsverk av fastlønna legar utanfor eldreomsorga å gå ned. Denne utviklinga har halde seg også frå 1999 til 2000. I 2000 sto fastlønna legar for 18 prosent av legeårsverka i kommunehelsetenesta utanom eldreomsorga. Også årsverk av legar utan avtale om driftstilskott har vorte reduserte frå 1999 til 2000. Dette har samanheng med endringar i legemarknaden i opptakten til fastlegeordninga. Mellom anna har ein bydel i Oslo justert ned sine berekningar med 20 årsverk som følgje av betre oversikt over desse tenestene.

I 2000 vart det samla sett utført 3 579 årsverk av leger i kommunehelsetenesta utanom eldreomsorga. Dette er ein auke på 52 årsverk samanlikna med 1999. Målt i høve til befolkninga er legedekninga på 7,9 årsverk per innbyggjar.

I 2000 utførte legar arbeid tilsvarande 230 årsverk i institusjonar for eldre og funksjonshemma. Dette utgjer om lag 6 prosent av legane sin totale arbeidsinnsats i kommunehelsetenesta. Andelen har halde seg stabil dei siste åra.

Fleire jordmødre og helsesystrer

Frå 1999 til 2000 auka talet på årsverk for jordmødre i kommunehelsetenesta frå 269 til 283. Tilsvarande auka årsverka for helsesystrer frå 1 650 til 1 725. Målt i talet på årsverk per innbyggjar, er det dei minst sentrale kommunane som har den beste tilgangen på tenester frå desse yrkesgruppene. Spesielt gjeld dette for jordmødre, der dei minst sentrale kommunane har om lag 4 gongar så mange årsverk per 10 000 nyfødde som dei mest sentrale kommunane.

Dei siste 10 åra har talet på årsverk utført av jordmødre auka med 173. Størst har veksten vore etter at obligatorisk svangerskapskontroll blei innført i 1994. Frå 1990 til 2000 har årsverka for helsesystrer i kommunehelsetenesta auka med 553.

Verknad av KOSTRA

Innsamlinga av statistikk er for tida under endring. Eit aukande tal kommunar leverer opplysningar for kommunehelsetenesta etter KOSTRA-systemet (KOmmune STat RApportering). I 2001 rapporterte 217 kommunar etter dette nye systemet. I tillegg har skjema for dei andre kommunane blitt tilpassa KOSTRA-skjemane.

Nye skjema med til dels endra spørsmål, saman med endra rutiner for innsamlinga, kan ha verknader på resultata i statistikken.

Tabeller: