Personar med låg inntekt går sjeldnare til tannlegen

Publisert:

Det er særleg personar med låg inntekt som ikkje går til tannlege sjølv om dei har behov for det. Det er store forskjellar mellom dei og resten av befolkninga.

Fleire medium, som Aftenposten og Dagbladet, har i sommar omtala forskjellar i bruken av og udekt behov for tannlegetenester.

Dei med låg inntekt går sjeldnare til tannlege ved behov

Resultata frå EU-SILC-undersøkinga viser at det er store forskjellar i det udekte behovet for tannlegetenester mellom personar med låg inntekt og resten av befolkninga. I 2016 var det 6,5 prosent av heile befolkninga i alderen 21 år og eldre som rapporterte å ha eit udekt behov for tannlegetenester.

Blant personar med låg inntekt var tilsvarande tal om lag 16 prosent, medan vel 5 prosent blant personar utanom låginntektsgruppa rapporterte udekt behov.

I perioden 2010–2016 har delen med udekt behov blant personar utanfor låginntektsgruppa gått ned, medan det har vore nokså uendra blant personar med låg inntekt.

Det er forskjell i delen med udekt behov for tannlegetenester i 2016 mellom dei med låg inntekt og resten av befolkninga, og forskjellen har auka over tid frå 2010.

Figur 1. Udekt behov for tannlegetenester for personar 21 år og eldre etter inntekt

2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016
Totalt 8.6 7.9 8.6 7.8 6.7 7.4 6.5
Låg inntekt (EU60) 15.4 15.2 17 18 16.3 19.2 15.8
Utan låg inntekt (EU60) 8.1 7.4 7.7 6.7 5.6 5.7 5.4

Tannhelsetilstanden i den norske befolkninga blir stadig betre. Barn og unge har aldri hatt så få hòl i tennene som nå. Samstundes viser analysar utført av SSB at det er store sosiale forskjellar i tannhelsetilstanden, i bruken av tannlegetenester og når det gjeld udekt behov for tannlegetenester i den vaksne befolkninga 21 år og eldre.

Den generelle positive utviklinga dei siste tiåra har ikkje kome alle til gode. Personar med låg utdanning og låg inntekt har dårlegare eigenvurdert tannhelse, går sjeldnare til tannlege, og har eit større udekt behov for tannlegetenester enn resten av befolkninga.

Dårleg råd den viktigaste årsaka

Økonomi er den klart viktigaste årsaka til at vaksne ikkje går til tannlege trass behov. Samstundes er økonomi er ein viktigare årsak blant personar med låg inntekt enn i resten av befolkninga.

Blant personar med låg inntekt og udekt behov synest 81 prosent at det er for dyrt å gå til tannlege, medan tilsvarande tal var 51 prosent blant personar i resten av befolkninga. Samstundes viser grunnlagstala at delen som opplyser at økonomi er viktigaste årsak til at dei ikkje har vore hos tannlegen, har auka frå 70 prosent til 81 prosent i perioden 2010–2016 for dei med låg inntekt. For dei med udekt behov i resten av befolkninga har likevel denne delen halde seg stabil og uendra på om lag 50 prosent i same periode.

Figur 2a. Personar med låg inntekt 21 år og eldre som ikkje har vore hos tannlege, etter hovedgrunn. 2016. Prosent

Låg inntekt (EU 60)
Økonomiske årsaker 81 % 81
Hadde ikkje tid 6 % 6
Tannlegeskrekk 6 % 6
Ville sjå om det blei betre 2 % 2
Andre årsaker 6 % 6

Figur 2b. Personar utan låg inntekt 21 år og eldre som ikkje har vore hos tannlege, etter hovedgrunn. 2016. Prosent

Ikkje låg inntekt (EU 60)
Økonomiske årsaker 51 % 51
Hadde ikkje tid 15 % 15
Tannlegeskrekk 15 % 15
Ville sjå om det blei betre 5 % 5
Andre årsaker 14 % 14

Organisering og finansiering skaper sosiale forskjellar?

Organiseringa og finansieringa av tannhelsetenesta bidreg til å påverka bruken av tannhelsetenestene og dermed det udekte tenestebehovet i Noreg. I lys av resultata kan det difor vera grunn til å reisa spørsmål om det at dei vaksne i utgangspunktet må betala fullt og heilt for tannlegebesøka, bidreg til å skapa sosiale forskjellar i det udekte tenestebehovet mellom personar med låg inntekt og resten av befolkninga.

Organiseringa av tannhelsetenesta i Noreg

Organiseringa av tannhelsetenesta i Noreg er todelt mellom fylkeskommunal (offentleg) og privat sektor.  Den offentlege tannhelsetenesta skal i hovudsak gi tannhelsetenester til prioriterte grupper som har krav på gratis tannbehandling etter tannhelsetenestlova. Det inkluderer mellom anna barn og unge, psykisk utviklingshemma over 18 år, institusjonsbebuarar og mottakar av heimetenester. Resten av befolkninga, som stort sett vil dreia seg om den vaksne befolkninga over 21 år, må betala for tannbehandling sjølve i den private tannhelsetenesta. Unntaket frå regelen om eigenbetaling for tannhelsetenester blant vaksne, er at personar med bestemte sjukdomar og lidingar kan få heil eller delvis økonomisk stønad til behandling gjennom ei refusjonsordning i Folketrygda.

Faktaside

Kontakt