Fleire årsverk i omsorgstenesta

Publisert:

Talet på årsverk i omsorgstenesta som blir ytt i kommunane aukar, og i 2017 var det om lag 270 årsverk per 10 000 innbyggjarar i landet.

Frå 2016 til 2017 steig det samla talet på årsverk i omsorgstenesta for heile landet med 3,6 prosent, til 143 000, viser tal frå kommunane (KOSTRA).  I den same perioden har talet på brukarar av omsorgstenester auka med 1,6 prosent, til i overkant av 282 000, viser førebelse tal frå IPLOS-registeret.

Avtalte årsverk i omsorgstenesta blir utført av personar med ulik utdanningsbakgrunn. Med a-ordninga som informasjonskjelde er det no mogleg å presentere endelege tal allereie i samband med marspubliseringa i KOSTRA.

Det kan vere grunn til å understreke at det er årsverk i verksemder som er registrert i Enhetsregisteret med ein næringskode knytt til omsorg som er inkludert. Det inneber blant anna at årsverk i privat verksemd som yter omsorgstenester for kommunen, men der verksemda ikkje er registrert i Enhetsregisteret med ein slik næringskode, ikkje blir inkludert.

Årsverka aukar

Talet på årsverk i omsorgstenesta i kommunane er stigande. Ved hjelp av opplysningar frå register kan årsverka bli knytt til personar med ulike utdanningsbakgrunnar.

Personar med utdanning som sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar stod for i overkant av 75 000 årsverk, eller 52,5 prosent av årsverka i omsorgstenesta i 2017. Til samanlikning utgjorde dei litt meir enn 72 000 årsverk, eller 52,2 prosent, i 2016.

Ein del av årsverka som går med i omsorgstenesta er knytt til personar som er registrert med anna utdanning enn helsefagleg utdanning, men som har oppgåver som pleiemedhjelparar eller assisterande heimehjelp, og kan utføre praktisk bistand eller anna brukarretta teneste. Desse utgjorde over 32 000 årsverk, eller 22,5 prosent av årsverka i tenesta i 2017. Til samanlikning utgjorde dei over 31 000 årsverk, eller 22,7 prosent, i 2016.

Figur 1 viser dei samla tala på avtalte årsverk i omsorgstenesta i kommunane for 2016 og 2017.

Figur 1. Avtalte årsverk i omsorgstenesta. 2016 og 2017. Absolutte tal

2016 2017
Landet - årsverk 137950 142937

Figuren viser at samla tal på årsverk i omsorgstenesta i kommunane har auka frå 2016 til 2017. I perioden steig årsverka for heile landet med 3,6 prosent.

Grunnlagstala viser elles at det i perioden har vore ein nedgang i talet på årsverk blant til dømes hjelpepleiarar og omsorgsarbeidarar, medan det har vore ein relativt kraftig auke i talet på årsverk utført av helsefagarbeidarar. Ei viktig årsak til denne utviklinga er at personar som tidlegare har vore registrert med utdanninga hjelpepleiar, har kunna søkje om å få bruke tittelen helsefagarbeidar.

Når det gjeld lege- og fysioterapeutårsverk i omsorgstenesta, inngår ikkje dei i tala som er henta frå register. Kommunane rapporterer dei gjennom KOSTRA på særskild skjema.

Dei fleste legeårsverka i kommunane er knytt til det som tradisjonelt blir omtala som kommunehelsetenester, som til dømes fastlegetenesta. I KOSTRA blir det også publisert tal for legetimar per veke per bebuar i sjukeheim. Talet auka frå 0,53 timar per veke i 2015 til 0,55 timar i 2016, for så å halde seg uendra til 2017.

Det er grunn til å sjå årsverkstal i samanheng med andre storleikar for å få eit betre grep på kva dei inneber. Tal frå 2017 viser til dømes at det er om lag 270 årsverk per 10 000 innbyggjarar i landet, og at det er rundt rekna 2 brukarar per årsverk.

Talet på brukarar aukar

Publisering av førebelse tal frå IPLOS-registeret for 2017 i samband med KOSTRA-publiseringa i mars viser blant anna at det blir fleire brukarar i omsorgstenesta. Sjølv om 2017-tala er førebelse og kan bli justert fram til KOSTRA-publiseringa i juni, er det som regel tale om små justeringar og difor meiningsfullt å sjå tala i samband med tal på årsverk.

Det er likevel grunn til å understreke at brukarar av omsorgstenester er ei heterogen gruppe. Brukarane inkluderer personar i ulike aldrar med forskjellige bistandsbehov og ulike behov for tenester. Nokre brukarar er meir ressurskrevjande enn andre, og nokre tenester er meir kostbare å produsere for kommunane. Ei samanstilling av årsverk og brukarar uttrykker likevel noko om tilbod og etterspurnad i omsorgstenesta i kommunane.

Figur 2 viser korleis utviklinga i høvesvis avtalte årsverk og brukarar i omsorgstenesta i kommunane har vore i perioden frå 2016 til 2017.

Figur 2. Avtalte årsverk og brukarar i omsorgstenesta. 2016 og 2017. Absolutte tal

2016 2017
Landet - årsverk 137950 142937
Landet - brukarar 278161 282630

Figuren viser at talet på høvesvis årsverk og brukarar per 31.12. i omsorgstenesta i kommunane, aukar frå 2016 til 2017. Den relative auken er noko kraftigare for årsverk enn for brukarar, med høvesvis 3,6 og 1,6 prosent.

 

Faktasider