Færre institusjonsplassar i omsorgstenesta

Publisert:

Talet på institusjonsplassar i omsorgstenesta går framleis ned. Det gjeld særleg plassar i aldersheim, men også til ein viss grad i sjukeheim. Nedgangen i talet på plassar i sjukeheim er størst blant dei i privat eige.

Førebelse tal for 2018 som blei publiserte gjennom KOSTRA 15. mars 2019, viser at det samla talet på institusjonsplassar i sjukeheimar og aldersheimar rundt omkring i Noreg, har gått litt ned samanlikna med tidlegare år.

I 2018 var det samla talet på disponible plassar i institusjon i omsorgstenesta i kommunane på under 42 000. Det representerer ein nedgang på meir enn to prosent i perioden frå 2015 til 2018, og ein nedgang på under ein prosent frå 2017 til 2018.

KOSTRA – Kommune-stat-rapporteringa

KOSTRA gir styringsinformasjon om ressursinnsats, prioriteringar og mål i kommunar, bydelar og fylkeskommunar. Gjennom KOSTRA helse- og omsorgstenester blir det presentert indikatorar som blant anna seier noko om plassar i institusjonar (kapasitet), årsverk som går med for å utføre omsorgstenester (personell), utgifter knytt opp til ulike typar av tenester (ressursinnsats) og mottakarar av tenestene (brukarar). KOSTRA gjer det mogleg å samanlikne kommunar med kvarandre, med regionale inndelingar og med landsgjennomsnitt langs desse og andre dimensjonar.

Først og fremst nedgang i aldersheimplassar

Den største nedgangen i talet på institusjonsplassar har funne stad i aldersheimar. Førebelse tal viser at det i 2018 var 554 aldersheimplassar i omsorgstenesta ute i kommunane. Det inneber ein reduksjon på 480 disponible plassar (46 prosent) frå 2015, og ein reduksjon på 173 plassar (24 prosent) frå 2017.

For sjukeheimar er situasjonen annleis og meir stabil. Førebelse tal viser at det i 2018 var 39 627 sjukeheimplassar i omsorgstenesta. Det inneber til dømes same tal på disponible plassar som i 2015 og ein reduksjon på 47 plassar (0,1 prosent) frå 2017. 

Figur 1. Plassar i institusjon, etter type institusjon. 2015-2018. tal

2015 2016 2017 2018
Aldersheim 1034 889 727 554
Sjukeheim 39674 39605 39674 39627

Nedgang i plassar i privat eigde sjukeheimar

Det er vidare i privat eigde sjukeheimar at nedgangen i talet på plassar har gjort seg gjeldande. Førebelse tal viser at det i 2018 var 4 252 plassar i privat eigde sjukeheimar i omsorgstenesta i kommunane. Det inneber ein reduksjon på 651 disponible plassar (13,3 prosent) frå 2015, og ein reduksjon på 253 sjukeheimsplassar (5,6 prosent) frå 2017.

For kommunalt eigde sjukeheimar har talet på disponible plassar vore stabilt og auka litt. Førebelse tal viser at det i 2018 var 35 375 plassar i kommunalt eigde sjukeheimar i omsorgstenesta i kommunane. Det inneber ein auke på 604 disponible plassar frå 2015 (1,7 prosent) og ein liten auke på 206 plassar (0,6 prosent) frå 2017. 

Figur 2. Plassar i sjukeheim, etter eigarforhold. 2015-2018. tal

2015 2016 2017 2018
Kommunalt eigde sjukeheimsplassar 34771 34887 35169 35375
Privat eigde sjukeheimsplassar 4903 4718 4505 4252

Små kommunar har betre kapasitet i sjukeheim

Det er dei minst folkerike kommunane som har flest disponible sjukeheimsplassar i høve til innbyggjarane sine i alderen 80 år og eldre. Sjølv om data om brukarar av omsorgstenester er forseinka, er det grunn til å tru at det stadig er sånn at dei over 80 år brukar slike omsorgstenester mest.

Førebelse tal for 2018 viser at dei minste kommunane med under 2 000 innbyggjarar hadde flest sjukeheimsplassar per 10 000 innbyggjarar i aldersgruppa 80 år og eldre, medan dei nest største kommunane med mellom 20 000 og 49 999 innbyggjarar hadde færrast disponible plassar sett i høve til denne aldersgruppa i befolkninga.

Den generelle tendensen er at talet på sjukeheimsplassar i høve til talet på innbyggjarar 80 år og eldre, går ned med aukande kommunestorleik. Unntaket er dei mest folkerike kommunane.

Figur 3. Plassar i sjukeheim per 10 000 innbyggjarar 80 år og eldre, etter kommunestorleik. 2018. tal

Plassar
Heile landet 1753
Under 2000 innb. 2504
2000-4999 innb. 1904
5000-9999 innb. 1678
10000-19999 innb. 1617
20000-49999 innb. 1546
50000 eller flere innb. 1863
 

Faktaside