4 av 5 kommunar har tilbod om helsestasjon for ungdom

Publisert:

I 2017 hadde 80 prosent av alle kommunar anten eigen helsestasjon for ungdom eller så samarbeidde dei med andre kommunar om tilbodet. Flest små kommunar i mindre sentrale strøk manglar slike helsestasjonar.

341 av 426 kommunar, eller 80 prosent, rapporterer via KOSTRA at dei har eit tilbod om helsestasjon for ungdom i 2017.

72 prosent av kommunane har tilbodet i eigen kommune, medan 8 prosent samarbeider med ein eller fleire kommunar om tilbodet. Kvar femte kommune har altså ikkje eit HFU-tilbod.

Helsestasjon for ungdom (HFU)

Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit lågterskeltilbod til ungdommar i alderen 13–20 år, der dei kan stilla spørsmål som gjeld fysisk og psykisk helse, ta opp problem med mobbing, i heimen eller med rus, få prevensjonsrettleiing med meir. Helsestasjon for ungdom kan vera organisert på ulike måtar. Dei kan ha ope ein eller fleire dagar i veka, og nokre kommunar har eiga telefonteneste eller kontakt via sosiale medium. Tilbodet kan vera betena av helsesyster, lege eller anna helsepersonell.

Alle kommunar skal ha eit gratis helsestasjonstilbod for ungdom opp til 20 år, jf. forskrift om helsestasjons- og skulehelsetenesta § 2-1. Helsestasjonstilbodet til ungdom bør organiserast slik at det er tilpassa behova til ungdommane, blir gitt på deira premissar og blir opplevd som tilgjengeleg òg for dei som ikkje går på skule. Helsestasjon for ungdom (HFU) skal vera eit supplement til og ikkje koma i staden for skulehelsetenesta.

Fylkesvise forskjellar i tilbodet

Figur 1. Kommunar med tilbod om helsestasjon for ungdom (HFU). Fylke. 2017

Kommunar med HFU eller samarbeider om HFU
Nordland 64
Møre og Romsdal 69
Troms 71
Finnmark 74
Sør-Trøndelag 76
Nord-Trøndelag 78
Vest-Agder 80
Rogaland 81
Oppland 81
Sogn og Fjordane 81
Hordaland 82
Hedmark 86
Aust-Agder 87
Buskerud 90
Vestfold 92
Oslo 94
Østfold 94
Telemark 94
Akershus 95
 

Medan 80 prosent av kommunane på landsnivå hadde eit tilbod om helsestasjon for ungdom, viser tala samstundes forskjellar mellom fylka. Dei tre nordlegaste fylka og Møre og Romsdal er fylka der delen kommunar med HFU-tilbod er lågast, medan Akershus og Telemark er fylka der delen kommunar som har tilbodet er høgast.

Færrast HFU-kommunar i minst sentrale strok

Figur 2 Kommunar med tilbod om helsestasjon for ungdom (HFU). Kommunesentralitet. 2017

Kommunar med HFU eller samarbeider om HFU
Minst sentrale kommunar 72
Mindre sentrale kommunar 76
Noko sentrale kommunar 81
Sentrale kommunar 89

Delen kommunar med eit tilbod om HFU aukar med stigande sentralitet. Delen kommunar som har tilbod om helsestasjon for ungdom, er lågast i minst sentrale kommunar og høgast i sentrale kommunar. Medan 72 prosent av kommunane har tilbodet i dei minst sentrale kommunane, er det om lag 90 prosent som har det i dei sentrale.

Færrast med HFU-tilbod i små kommunar

Figur 3. Kommunar med tilbod om helsestasjon for ungdom (HFU). Kommunestorleik. 2017

Kommunar med HFU eller samarbeider om HFU
Under 2000 innbyggjarar 57
2000 - 4999 innbyggjarar 69
5000 - 9999 innbyggjarar 95
10000 - 19999 innbyggjarar 100
20000 - 49999 innbyggjarar 100
50000 eller flere innbyggjarar 100

Målt etter kommunestorleik (innbyggjartal) viser tala at det er blant dei aller minste kommunane at færrast har tilbodet. Medan det var 57 prosent som rapporterte at dei hadde HFU i kommunar med under 2 000 innbyggjarar, hadde alle kommunar med over 10 000 innbyggjarar tilbodet. Prosentdelen kommunar med helsestasjon for ungdom aukar med aukande kommunestorleik.

Helsemyndigheitene tilrår små kommunar å etablera helsestasjon for ungdom på tvers av kommunegrensene for å få ei føremålstenleg drift og eit større fagmiljø. Tala viser at det i kommunar med under 2 000 innbyggjarar er 42 prosent som har tilbodet i eigen kommune, medan 15 prosent rapporterer at dei ikkje har eigen helsestasjon for ungdom, men samarbeider med ein eller fleire kommunar om tilbodet.

Nesten all ungdom er busett i kommunar med HFU-tilbod

Sjølv om kvar femte kommune manglar eit tilbod om helsestasjon for ungdom, viser grunnlagstala at heile 96 prosent av alle 13–20-åringar er busett i kommunar med eit HFU-tilbod. Dei resterande 4 prosentane 13–20-åringar, som er busett i kommunar der det ikkje finst eit tilbod, er alle busett i kommunar med under 10 000 innbyggjarar.

Ei forklaring på at det er flest små kommunar i minst sentrale strok som manglar tilbodet, kan vera vanskar med tilgang til relevant helsepersonell med kompetanse innanfor førebygging. Ei anna forklaring kan vera at store reiseavstandar i kommunar med spreidd busetjing gjer det mindre aktuelt for ungdommen å nytta seg av tilbodet der. I tillegg kan dårleg kommuneøkonomi føra til at kommunar vel å nedprioritera tilbodet til fordel for andre lovpålagte tenester.

Kartlegginga frå 2017 er første gong ein har ein oversikt over kommunar med og utan HFU-tilbod. Helsemyndigheitene uttalar at alle ungdommar bør har eit kommunalt helsestasjonstilbod. Den nye kartlegginga gjer det mogleg å følgja utviklinga av dette tilbodet til ungdommar i tida som kjem. Eit tiltak for styrka arbeidet til kommunane arbeid med Helsestasjon for ungdom er Nasjonal fagleg retningsline for helsestasjon for ungdom, som blei publisert 2017.

 

Faktaside

Kontakt