3 av 4 kommunar har tilsett jordmor, resten kjøper tenesta

Publisert:

Gravide og heilt nybakte mødrer hadde tilbod om jordmortenester i nær alle kommunar i 2019. 77 prosent av kommunane hadde tilsett eiga jordmor, medan resten kjøpte tenesta frå andre, som sjukehus eller nabokommunen.

I 2019 hadde 421 av 422 kommunar i Noreg tilgang til jordmortenester anten i eller utanfor kommunen. Dette er ein liten oppgang frå 2018, då fire kommunar mangla tilbodet.

Når 77 prosent av kommunane hadde tilsett eiga jordmor i 2019, var det ein nedgang frå perioden 2015-2018 då talet var om lag 83 prosent. Det er særleg blant dei små kommunane at delen med eiga tilsett jordmor har minska. Kommunar som ikkje har tilsett eiga jordmor, kjøper tenesta frå andre kommunar, spesialisthelsetenesta eller private aktørar. Ein del av kommunane med eiga jordmor har òg supplert tenesta med kjøp frå eller samarbeid med andre.

Kartlegging av jormortilbodet i kommunane

I KOSTRA-skjema 1 (Personell og verksemd i kommunale helse- og omsorgstenester) blir det spurt om kommunen har tilsett eiga jordmor. Det blir òg spurd om den kjøper jordmortenester frå andre til sine innbyggjarar, og i så tilfelle om tilbodet blir gitt i eller utanfor eigen kommune. 2019 er første årgang med tal for kven kommunane har kjøpt tenesta av eller samarbeider med. Kartlegginga av jordmortilbodet gir berre informasjon om kommunen har eit tilbod eller ikkje. Det blir ikkje spurt om omfanget av tilbodet her. Det betyr at innhaldet i tenesta kan variera blant kommunar som har oppgitt at dei har tenestetilbodet. Den eine kommunen som mangla jordmortilbod i 2019 har fått jordmortilbod i den nye samanslåtte kommunen som dei inngår i frå og med 2020.

Store kommunar tilsett jordmor, små kjøper oftare tenesta

Det er særleg kommunar med få innbyggjarar som kjøper jordmortenester, i hovudsak ved interkommunalt samarbeid. Ei jordmor kan då vera tilsett i ein kommune, men arbeider òg med kvinner i nabokommunane under svangerskap og barseltid. I kommunar med over 10 000 innbyggjarar har dei aller fleste tilsett eiga jordmor, medan i mindre kommunar minskar delen jo lågare folketalet er. I kommunar med færre enn 2 000 innbyggjarar hadde litt under halvparten tilsett eiga jordmor.

Figur 1. Kommunar med jordmortilbod lokalisert i eigen kommune, etter kommunestorleik. 2019. Prosent

Jordmødrer tilsett Anten jordmor tilsett eller anna jordmortilbod i kommunen
Heile landet 77 92
Under 2000 innbyggjarar 47 76
2000 - 4999 innbyggjarar 71 93
5000 - 9999 innbyggjarar 90 100
10000 - 19999 innbyggjarar 98 100
20000 - 49999 innbyggjarar 95 100
50000 eller fleire innbyggjarar 100 100

Kommunar som kjøper jordmortenester, kan anten kjøpe heile tenesta frå andre aktørar, eller for å supplera eigne tilsette jordmødrer. Dei kjøpte tenestene vil som oftast vere lokalisert i eigen kommune, til dømes ved poliklinikken på lokalsjukehuset. Dette gjeld samlege kommunar med minst 5 000 innbyggjarar. I kommunar med 2 000 – 4 999 innbyggjarar hadde 7 prosent jordmortilbod berre utanfor kommunen, og i dei minst folkerike kommunane var det 23 prosent.

2 av 5 kjøper eller samarbeider om jordmor

42 prosent av kommunane kjøper eller samarbeider om jordmortilbodet i svangerskapsomsorga med ein annan aktørar. Blant desse vil enkelte kjøpa eller samarbeida med fleire aktørar, som til dømes både kjøp frå spesialisthelsetenesta og interkommunalt samarbeid. 25 prosent av alle kommunar samarbeider med eller kjøper tenesta frå andre kommunar, 23 prosent gjer tilsvarande med spesialisthelsetenesta og 1 prosent med andre, som t.d. privatpraktiserande jordmor. Samarbeid eller kjøp av tenesta er vanlegast blant kommunane med færrast innbyggjarar og minst blant dei mest folkerike.

Figur 2. Kommunar som kjøper eller samarbeider om jordmortilbodet med andre etter kommunestorleik. 2019. Prosent

Totalt - kjøper og samarbeider med ein eller fleire andre aktørar Andre kommunar Spesialisthelsetenesta Andre (t.d. private)
Heile landet 42 25 23 1
Under 2000 innbyggjarar 72 46 35 2
2000 - 4999 innbyggjarar 48 36 22 2
5000 - 9999 innbyggjarar 24 8 18 1
10000 - 19999 innbyggjarar 25 14 18 2
20000 - 49999 innbyggjarar 21 7 16 0
50000 eller fleire innbyggjarar 19 6 13 0

Kor er tala henta frå?

Årsverkstal for jordmødrer blir henta frå den registerbaserte sysselsettingsstatistikken til SSB, som er basert på a-ordninga. Det er då avtalte årsverk innanfor næring 86.903 helsestasjons- og skulehelsetenesta i Einingsregisteret for alle som er registrert med utdanninga jordmor i Utdanningsregisteret, som blir talde med. Jordmorårsverk kjem til syne i statistikken i den kommunen dei er tilsette i, sjølv om delar av årsverket er seld til å tena innbyggjarar i andre kommunar. Det finst per i dag ingen statistikk over kor mange jordmorårsverk som er kjøpt av kommunane frå spesialisthelsetenesta og private aktørar, slik at ein ikkje kjenner årsverk totalt retta mot kommunane.

Stor auke i jordmorårsverk dei siste åra

Sjølv om nær alle kommunar hadde ei form for jordmortilbod til innbyggjarane i kommunen, så kan omfanget av tilbodet variera. Statistikken over jordmorårsverk i helsestasjons- og skulehelsetenesta syner at det har vore ein stor auke i årsverk i perioden 2015-2019 i landet totalt.

Veksten har samanheng med eit særskilt tilskot frå Helsedirektoratet til styrking og utvikling av helsestasjons- og skulehelsetenesta i kommunane, som starta i 2016. I perioden 2015 til 2019 har det vore ein auke frå om lag 320 til vel 510 jordmorårsverk, eller nær 60 prosent. Årsverk kjøpt frå spesialisthelsetenesta og private aktørar er ikkje inkludert her. Auken gjeld stort sett for alle kommunar, bortsett frå i dei med under 2 000 innbyggjarar. Der har det har vore ein liten nedgang, som blant anna kan skuldast at meir enn halvparten kjøper tenesta frå andre. Dei minste kommunane kan difor ha hatt ein vekst i jordmortilbodet dei òg. Den største prosentvise auken i årsverk for jordmødrer er i kommunane med over 50 000 innbyggjarar, der veksten har vore på 86 prosent i perioden.

Fleire nybakte mødrer får heimebesøk av jordmor

Det er interessant å sjå på korleis auken i jordmorårsverk har gitt seg utslag i tenestene til gravide og barselkvinner. Om lag halvparten av nybakte mødrer og barn fekk heimebesøk av jordmor innan tre døgn etter heimkomst frå føde-/barselavdeling i 2019. Det er ein auke frå 2018 då ein tredel fekk tilsvarande besøk. Jordmorbesøket er i hovudsak retta mot mora, og det blir særleg snakka om fødselen, barseltida og yta ammehjelp. Delen som får heimebesøk er minst i kommunar med under 5 000 innbyggjarar og over 50 000 innbyggjarar.

Fødselstala går ned, men fleire gravide til jordmor

Sjølv om fødselstala i Noreg har gått ned dei siste åra, har talet på nyinnskrivne gravide som har møtt til svangerskapskontroll ved helsestasjon, auka. Ein større del vel altså å få oppfølging av jordmor under svangerskapet, og ikkje berre hos fastlegen sin. I 2019 var det om lag 52 000 gravide som nytta jordmortilbodet ved helsestasjonane.

Figur 3. Nyinnskrivne gravide til jordmor ved helsestasjon og talet på fødde. 2015-2019. Absolutte tal

År Tal nyinnskrivne gravide som har møtt til svangerskapskontroll (tal) Fødte i året (tal)
2015 49491 59058
2016 50399 58890
2017 50337 56633
2018 50650 55120
2019 51994 54495

Faktaside