Det vart selt 259 millionar liter autodiesel i november, 16 millionar liter meir enn i november 2020 viser statistikken Sal av petroleumsprodukt. Salet av bilbensin gjekk opp 5 millionar liter og enda på 72 millionar liter.

Auka sal av autodiesel hittil i år

Førebelse tal for perioden januar til og med november synar eit samla sal av autodiesel på 2,7 milliardar liter. Det er ein auke på 1,2 prosent samanlikna med same periode i fjor. Salet av bilbensin hittil i år ligg på 897 millionar liter, tilnærma likt som i same periode i 2020.

Figur 1. Sal av petroleumsprodukt, januar t.o.m. november 2020 og 2021. Millionar liter. Førebelse tal

¹ Omfattar tungdestillat, tungolje, flybensin og bitumen (asfalt).