Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden februar-april 2022 var på 119,5 (2005=100) mot 118,5 i føregåande tremånadarsperiode. Etter ein klår nedgang i februar har både mars og april vist auke i aktivitetsnivået i industrien (sjå figur 1).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 og påfølgende måneder er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har derfor blitt tatt ut fra figuren for de siste månedene.

Månadsendring: auke i maskinreparasjon og -installasjon

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknas dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkas med varsomhet. viser at den samla industriproduksjonen hadde ein auke på 1,0 prosent frå mars til april 2022. Maskinreparasjon og -installasjon bidrog mest til den samla oppgangen med ein vekst på 4,2 prosent, det var òg ein auke i dataindustri og elektrisk utstyrsindustri. Fleire verksemder i desse næringane melde i april frå om store prosjekt og gode marknadsforhold som årsak til vekst.

På den anna side hadde næringsmiddelindustrien ein nedgang på 1,1 prosent frå mars til april og bidrog såleis til å dempe den samla produksjonsoppgangen i industrien.

Tremånadarsendring: moderat vekst i industriproduksjonen

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein moderat oppgang på 0,8 prosent i perioden februar-april 2022 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Det var maskinreparasjon og -installasjon som bidrog mest til den samla oppgangen i industrien med ein auke på 2,8 prosent.

På den motsette sida hadde kjemiske råvarer ein klår nedgang i denne tremånadarsperioden med 10,4 prosent. Nedgangen i næringa må delvis sjåast i samanheng med vedlikehaldsstans ved enkelte verksemder.

Samla sett hadde den Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 2,4 prosent i perioden februar-april 2022 samanlikna med førre tremånadarsperiode (sjå figur 2).

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: nedgang i industriproduksjon i Eurosona i mars

Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Omfattar dei 19 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein nedgang på 1,6 prosent frå februar til mars 2022. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg opp med 1,4 prosent.

Sverige hadde ein oppgang på 1,7 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein klår vekst på 5,2 prosent

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: vekst i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein oppgang på 2,2 prosent i perioden februar-april 2022 samanlikna med førre tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utviklinga var uendra innanfor utvinning av råolje. Uendra utvikling var det òg innanfor utvinning av naturgass. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester på si side hadde ein vekst på 1,6 prosent i same periode. Bergverksdrift hadde ein nedgang på 5,4 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning fall med 3,1 prosent.

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Torsdag den 12. mars 2020 innførte regjeringa tiltak mot spreiinga av koronaviruset i Noreg. Fleire av verksemdene i industrien har blitt påverka av dette, noko som har ført til at aktivitetsmønsteret frå mars har vore annleis enn kva vi vanlegvis observerer. Sesongjusteringa under koronakrisa blir gjort på ein slik måte at tal frå og med krisa (mars) ikkje inngår i grunnlaget for berekninga av sesongmønsteret. Teknisk, i sesongjusteringsrutinen, blir dette gjort ved å spesifisere mars 2020 og følgjande månader som ekstremverdiar.

Dette betyr at vanlege trendtal ikkje vil bli berekna og i staden vil trend og sesong følgje kvarandre. Eit viktig unntak er siste observasjon, der trendtalet som bereknas i sesongjusteringsrutinen berre vil være ein framskriven verdi og siste observasjon inngår ikkje. Trendtala frå og med mars 2020 vil såleis være vanskelege å tolke.

SSB si sesongjustering er i tråd med tilrådingar frå Eurostat.

Det er viktig å vere klar over at det er større uvisse enn normalt i dei kalenderjusterte og sesongjusterte indeksane for mars og april grunna ulik plassering av påska frå år til år. Dette verkar òg inn på dei sesongjusterte tala for 1. og 2. kvartal. Rutinen for sesongjustering tek omsyn til påska si plassering, men det kan vere vanskeleg å korrigere for alle effektane av denne høgtida.