Indeksnivået for industriproduksjonen i 3. kvartal 2022 var på 118,9 (2005=100) mot 118,4 i føregåande kvartal. Trenden viser at aktivitetsnivået i industrien dei seinaste månadane har vore meir stabil (sjå figur 1).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

Tremånadarsendring: stor auke i oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknas dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkas med varsomhet. viser at industriproduksjonen hadde ein auke på 0,4 prosent i 3. kvartal 2022 samanlikna med kvartalet før. Det var særleg næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog til den samla oppgangen i industriproduksjonen i dette kvartalet med ein auke på heile 9,3 prosent. Oppgangen kan sjåast i samanheng med drifts- og vedlikehaldsstans ved ein del større verksemder i næringa i førre kvartal og ein påfølgande normalisering i 3. kvartal. Det var òg auke i næringsmiddelindustri i denne perioden, dette skuldast særleg ein oppgang innan foredling og konservering av fisk.

På den anna side hadde gummi, plast og mineralsk industri ein nedgang på 5,3 prosent i 3. kvartal og bidrog såleis til å dempe veksten i industriproduksjonen.

Månadsendring: auke frå august til september

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein oppgang på 0,7 prosent frå august til september 2022. Det var særleg bygging av skip og oljeplattformer som bidrog mest til auka i industriproduksjonen, med ein vekst på 4,8 prosent.

På den motsette sida var det nedgang i metallindustrien på 1,2 prosent.

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 2,0 prosent i september samanlikna med førre månad (sjå figur 2).

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: oppgang i industriproduksjon i Eurosona i august

Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 19 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein auke på 1,7 prosent frå juli til august 2022. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg ned med 0,9 prosent (sjå figur 3).

Sverige hadde ein nedgang på heile 7,0 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein vekst på 2,6 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: Samla produksjonsindeks held fram med å auke

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein oppgang på 2,6 prosent i 3. kvartal 2022 samanlikna med førre kvartal, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein vekst heile på 9,9 prosent, medan utvinning av naturgass auka med 7,3 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester på si side hadde eit fall på 0,6 prosent i 3. kvartal 2022 samanlikna med førre kvartal. Bergverksdrift hadde ein oppgang på 5,5 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning fall med heile 11,3 prosent (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.