Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden mai- juli 2021 var på 119 (2005=100) mot 120 i føregåande tremånadersperiode. Tala frå dei seinaste månadene indikerer at industriproduksjonen no har stabilisert seg på om lag same nivå som før koronapandemien (sjå figur 1).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 og påfølgende måneder er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har derfor blitt tatt ut fra figuren for de siste månedene.

Månadsendring: fall i næringsmiddel og maskinindustri

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tall. Vanlegvis samanliknas dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkas med varsomhet. visar at industriproduksjonen hadde ein moderat nedgang på 0,6 prosent frå juni til juli 2021. Næringsmiddelindustrien saman med maskinindustrien bidrog mest til den samla produksjonsnedgangen med eit fall på høvesvis 3 og 5,2 prosent.

Den samla nedgangen i industrien ble dempa av ein stor oppgang i trelast- og trevareindustri som hadde ein vekst på heile 13,6 prosent. I tillegg var det auke i produksjonen innanfor kjemiske råvarer, og i annan verkstadindustri.

Tremånadersendring: næringsmiddel trekk ned den samla produksjonen

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde eit fall på 0,8 prosent i perioden mai- juli 2021 samanlikna med førre tremånedersperiode. Det var næringsmiddelindustrien som bidrog mest til den samla produksjonsnedgangen med eit fall på 2,3 prosent. Nedgangen heng saman med lågare aktivitet innan slakting og foredling av fisk, grunna eit høgt slaktevolum i føregåande tremånadersperiode. I tillegg bidrog òg maskinreparasjon og -installasjon negativt med eit fall på 3,5 prosent.

På motsette side ble den samla nedgangen i industrien dempa av produksjonsauke i kjemiske råvarer og i metallvareindustrien. Auken i desse næringane heng delvis saman med betring i marknadsforholda og auke i ordremengda.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: liten nedgang i industriproduksjon i Eurosona i juni 2021

Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Omfattar dei 19 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein nedgang på 0,4 prosent frå mai til juni 2021.

I same periode hadde industriproduksjonen i Noreg ein auke på 0,7 prosent. Sverige hadde ein klår oppgang på 3,7 prosent, medan produksjonen i Danmark fall kraftig med så mykje som 4,3 prosent.

For meir informasjon om utviklinga i europeisk industriproduksjon, sjå denne artikkelen frå Eurostat.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: moderat auke i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein moderat auke på 0,6 prosent i perioden mai-juli 2021 samanlikna med førre tremånadersperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein oppgang på 3,1 prosent, medan utvinning av naturgass fall med 2,6 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne tremånadersperioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester på si side hadde ein klår nedgang på 4,3 prosent i same periode. Bergverksdrift og norsk kraftforsyning hadde begge ein auke på 1,1 prosent.

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Torsdag den 12. mars 2020 innførte regjeringa tiltak mot spreiinga av koronaviruset i Noreg. Fleire av verksemdene i industrien har blitt påverka av dette, noko som har ført til at aktivitetsmønsteret frå mars har vore annleis enn kva vi vanlegvis observerer. Sesongjusteringa under koronakrisa blir gjort på ein slik måte at tal frå og med krisa (mars) ikkje inngår i grunnlaget for berekninga av sesongmønsteret. Teknisk, i sesongjusteringsrutinen, blir dette gjort ved å spesifisere mars 2020 og følgjande månader som ekstremverdiar.

Dette betyr at vanlege trendtal ikkje vil bli berekna og i staden vil trend og sesong følgje kvarandre. Eit viktig unntak er siste observasjon, der trendtalet som bereknas i sesongjusteringsrutinen berre vil være ein framskriven verdi og siste observasjon inngår ikkje. Trendtala frå og med mars 2020 vil såleis være vanskelege å tolke.

SSB si sesongjustering er i tråd med tilrådingar frå Eurostat.