Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden februar-april 2021 var på 120 (2005=100) mot 118,8 i føregåande tremånadersperiode. Etter det kraftige fallet frå mars til mai 2020, har industriproduksjonen henta seg inn. Sjølv om det er ein klår nedgang mot mars , ligg produksjonen i april 2021 på om lag same nivå som før koronapandemiens inntog ( sjå figur 1).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 og påfølgende måneder er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har derfor blitt tatt ut fra figuren for de siste månedene.

Månadsendring: klår nedgang i april etter høg aktivitet i mars

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremåneders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknas dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkas med varsomhet. viser at industriproduksjonen fall med 1,9 prosent frå mars til april 2021. Dette er eit fall som kjem etter tre månader med høg aktivitet i industrien. Produksjon fall i ein rekke næringar; blant anna dataindustri og elektrisk utstyrsindustri, maskinreparasjon og -installasjon, og bygging av skip og oljeplattformer.

Nedgangen i industrien ble dempa av ein stor oppgang i kjemiske råvarer, som skilde seg ut med ein vekst på heile 9,7 prosent.

Tremånadsendring: næringsmiddelindustri bidrog til vekst

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein auke på 1 prosent i perioden februar-april 2021 samanlikna med førre tremånadersperiode. Det er den delen av industrien som ikkje er knyta til petroleumsnæringa som no trekkjer opp den samla industriproduksjonen. Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverar størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. var omtrent uendra mot føregåande periode ( sjå figur 2). For meir informasjon om utviklinga i petroleumsretta leverandørindustri gjennom Korona-situasjonen, sjå eiga artikkel.

Næringsmiddelindustrien og næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri var dei som bidrog mest til den samla veksten med ein auke på høvesvis 3 og 3,4 prosent. Verksemder innanfor maskinreparasjon og -installasjon hadde òg ein klår vekst.

På den motsette sida hadde dataindustri og elektrisk utstyrsindustri, og bygging av skip og oljeplattformer ein nedgang i denne tremånadersperioden. Mange verksemder innan sistnemnde næring melde frå om karantene og reiserestriksjonar for utanlandske tilsette som årsak til nedgang.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: uendra industriproduksjon i Eurosona i mars 2021

Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Omfattar dei 19 EU-landa som har valt euro som valuta. var uendra frå februar til mars 2021.

I same periode hadde industriproduksjonen i Noreg ein moderat oppgang på 0,7 prosent. Sverige hadde ein oppgang på 2,8 prosent, medan Danmark hadde ein vekst på heile 5 prosent.

For meir informasjon om utviklinga i europeisk industriproduksjon, sjå denne artikkelen frå Eurostat.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadersendring: vekst i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein oppgang på 1 prosent i perioden februar-april 2021 samanlikna med førre tremånadersperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein auke på 1,2 prosent, medan utvinning av naturgass fall med 1,2 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne tremånadersperioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester hadde ein vekst på 1,8 prosent i perioden. Bergverksdrift på si side hadde ein betydeleg nedgang på 22,7 prosent i same periode, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med 0,9 prosent. Det kraftige fallet i bergverksdrift kan knytast til en relativt kald vinter i år med mykje frost og låge temperaturar.

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Torsdag den 12. mars 2020 innførte regjeringa tiltak mot spreiinga av koronaviruset i Noreg. Fleire av verksemdene i industrien har blitt påverka av dette, noko som har ført til at aktivitetsmønsteret frå mars har vore annleis enn kva vi vanlegvis observerer. Sesongjusteringa under koronakrisa blir gjort på ein slik måte at tal frå og med krisa (mars) ikkje inngår i grunnlaget for berekninga av sesongmønsteret. Teknisk, i sesongjusteringsrutinen, blir dette gjort ved å spesifisere mars 2020 og følgjande månader som ekstremverdiar.

Dette betyr at vanlege trendtal ikkje vil bli berekna og i staden vil trend og sesong følgje kvarandre. Eit viktig unntak er siste observasjon, der trendtalet som bereknas i sesongjusteringsrutinen berre vil være ein framskriven verdi og siste observasjon inngår ikkje. Trendtala frå og med mars 2020 vil såleis være vanskelege å tolke.

SSB si sesongjustering er i tråd med tilrådingar frå Eurostat.

Det er viktig å vere klar over at det er større uvisse enn normalt i dei kalenderjusterte og sesongjusterte indeksane for mars og april grunna ulik plassering av påska frå år til år. Dette verkar òg inn på dei sesongjusterte tala for 1. og 2. kvartal. Rutinen for sesongjustering tek omsyn til påska si plassering, men det kan vere vanskeleg å korrigere for alle effektane av denne høgtida.