Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden desember 2021-februar 2022 var på 118,3 (2005=100) mot 118,8 i føregåande tremånadarsperiode. Figur 1 viser at dei sesongjusterte tala har hatt ein del svingingar dei seinaste månadene. Aktiviteten i februar lå noko under nivået frå før pandemien.

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 og påfølgende måneder er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har derfor blitt tatt ut fra figuren for de siste månedene.

Månadsendring: Nedgang i dei fleste næringane

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknas dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkas med varsomhet. viser at den samla industriproduksjonen hadde ein nedgang på 2,1 prosent frå januar til februar 2022 der mange næringar bidrog til at indeksen fall. Mest bidrog næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri i en negativ retning med ein nedgang på 4,6 prosent. Næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri saman med trelast- og trevareindustri hadde òg eit klårt fall i februar. Fleire verksemder på tvers av næringane rapporterer om nedgang etter ein svært god januar-månad.

Tremånadarsendring: fall i næringsmiddel, auke i metallindustri

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde eit lite fall på 0,4 prosent i desember 2021-februar 2022 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Det var næringsmiddelindustrien som bidrog mest til den samla nedgangen i industrien med eit fall på 2,8 prosent. Dette kjem særleg av nedgang innan foredling og konservering av fisk frå høge produksjonsnivå i førre tremånadarsperiode. Fleire verksemder innanfor næringa meldte om tilfelle av driftsstans i noverande periode. Nedgangen heng òg saman med gode forhold i oppdrettsindustrien og høge slaktevolum i førre periode, samt ein tidleg oppstart av makrellsesongen hausten 2021.

På den anna side hadde metallindustrien ein klår auke i denne tremånadarsperioden med 6,0 prosent. Det var òg vekst i dataindustri og elektrisk utstyrsindustri i denne perioden som bidrog til å dempe den samla nedgangen i industrien.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: svak nedgang i industriproduksjon i Eurosona i januar

Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Omfattar dei 19 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein marginal nedgang på 0,2 prosent frå desember 2021 til januar 2022. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg opp med 3,3 prosent.

Sverige hadde ein nedgang på 0,7 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein oppgang på 2,2 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: moderat fall i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein nedgang på 0,9 prosent i perioden desember 2021-februar 2022 samanlikna med førre tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Nedgangen kjem særleg av eit fall på 7,5 prosent innanfor utvinning av råolje. I tillegg gjekk utvinning av naturgass òg ned med 3,9 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester på si side hadde ein vekst på 4,8 prosent i same periode. Bergverksdrift hadde òg ein auke på 2,3 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med 2,8 prosent.

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Torsdag den 12. mars 2020 innførte regjeringa tiltak mot spreiinga av koronaviruset i Noreg. Fleire av verksemdene i industrien har blitt påverka av dette, noko som har ført til at aktivitetsmønsteret frå mars har vore annleis enn kva vi vanlegvis observerer. Sesongjusteringa under koronakrisa blir gjort på ein slik måte at tal frå og med krisa (mars) ikkje inngår i grunnlaget for berekninga av sesongmønsteret. Teknisk, i sesongjusteringsrutinen, blir dette gjort ved å spesifisere mars 2020 og følgjande månader som ekstremverdiar.

Dette betyr at vanlege trendtal ikkje vil bli berekna og i staden vil trend og sesong følgje kvarandre. Eit viktig unntak er siste observasjon, der trendtalet som bereknas i sesongjusteringsrutinen berre vil være ein framskriven verdi og siste observasjon inngår ikkje. Trendtala frå og med mars 2020 vil såleis være vanskelege å tolke.

SSB si sesongjustering er i tråd med tilrådingar frå Eurostat.