Indeksnivået for industriproduksjonen i 2. kvartal 2021 var på 119,0 (2005=100) mot 120,7 i førre kvartal. Sjølv om det var en nedgang i 2. kvartal, indikerer tala frå dei seinaste månadane at industriproduksjonen no har stabilisert seg på om lag same nivå som før koronapandemien (sjå figur 1).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 og påfølgende månader er behandla som ekstremverdier i sesongjusteringa. Trenden har derfor blitt tatt ut fra figuren for de siste månadene.

Tremånadarsendring: fall i petroleumsretta leverandørindustri

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tall. Vanlegvis samanliknas dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkas med varsomhet. visar at industriproduksjonen fall med 1,4 prosent i 2. kvartal samanlikna med 1. kvartal. Det var særleg Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverar størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. som bidrog til det samla fallet i industrien med ein nedgang på 3,8 prosent ( sjå figur 2). Mellom anna hadde bygging av skip og oljeplattformer eit betydeleg fall på 7,5 prosent samanlikna med førre kvartal. Mange verksemder innan næringa melde frå om karantene og reiserestriksjonar for utanlandske arbeidstakarar som årsak til nedgang. For meir informasjon om utviklinga i petroleumsretta leverandørindustri gjennom koronapandemien, sjå eiga artikkel. Dataindustri og elektrisk utstyrsindustri såg også eit klårt fall i denne perioden.

På den annan sida ble den totale nedgangen i industrien dempa av ein sterk produksjonsauke innan kjemiske råvarer. Auken heng delvis saman med ein betring i marknadsforholda.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: auke i industriproduksjonen frå mai til juni

Sesongjusterte tal visar at industriproduksjonen hadde ein auke på 0,7 prosent frå mai til juni 2021. Bygging av skip og oljeplattformer og næringsgruppa dataindustri og elektrisk utstyrsindustri bidrog betydeleg til veksten for den samla industriproduksjonen, med ein oppgang på høvesvis 6,4 og 4 prosent. Det var òg ein klår oppgang i næringsmiddelindustrien og i ikkje-jarnholdige metaller, sistnemnde med ein auke på heile 12,5 prosent frå førre månad.

På den anna side hadde næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri saman med kjemiske råvarer eit klårt fall, og bidrog såleis til å dempa den samla auken.

Månadsendring: nedgang i industriproduksjon i Eurosona i mai 2021

Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Omfattar dei 19 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein nedgang på 0,8 prosent frå april til mai 2021.

I same periode hadde industriproduksjonen i Noreg eit marginalt fall på 0,1 prosent. I Sverige var den uendra, medan Danmark hadde ein auke på 2,6 prosent.

For meir informasjon om utviklinga i europeisk industriproduksjon, sjå denne artikkelen frå Eurostat.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: marginal auke i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein marginal oppgang på 0,2 prosent i 2. kvartal samanlikna med 1. kvartal 2021, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein auke på 1,7 prosent, medan utvinning av naturgass fall med 3,3 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i dette kvartalet, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester fall med 1,7 prosent i perioden. Bergverksdrift hadde ein klår oppgang på 7,3 prosent i same periode, medan produksjonen i norsk kraftforsyning gjekk opp med 3 prosent.

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Torsdag den 12. mars 2020 innførte regjeringa tiltak mot spreiinga av koronaviruset i Noreg. Fleire av verksemdene i industrien har blitt påverka av dette, noko som har ført til at aktivitetsmønsteret frå mars har vore annleis enn kva vi vanlegvis observerer. Sesongjusteringa under koronakrisa blir gjort på ein slik måte at tal frå og med krisa (mars) ikkje inngår i grunnlaget for berekninga av sesongmønsteret. Teknisk, i sesongjusteringsrutinen, blir dette gjort ved å spesifisere mars 2020 og følgjande månader som ekstremverdiar.

Dette betyr at vanlege trendtal ikkje vil bli berekna og i staden vil trend og sesong følgje kvarandre. Eit viktig unntak er siste observasjon, der trendtalet som bereknas i sesongjusteringsrutinen berre vil være ein framskriven verdi og siste observasjon inngår ikkje. Trendtala frå og med mars 2020 vil såleis være vanskelege å tolke.

SSB si sesongjustering er i tråd med tilrådingar frå Eurostat.