Næringsmiddelindustrien bidro til auke i industriproduksjonen i juli

Publisert:

Norsk industriproduksjon hadde ein tydeleg auke på 1,8 prosent frå juni til juli 2020, viser sesongjusterte tal. Vekst i næringsmiddel- og drikkevareindustrien sto for mykje av den samla oppgangen. I mai-juli 2020 viste den samla produksjonen ein kraftig nedgang på 4,2 prosent samanlikna med førre tremånadersperiode.

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 111,2 (2005=100) i perioden mai-juli 2020 mot 116,1 i føregåande tremånedersperiode. Figur 1 visar at dei sesongjusterte tala hadde ei relativt stabil utvikling i 2019 og fram til februar i år, før produksjonen fall kraftig frå og med mars 2020.

1 Mars 2020 og følgjande månader er behandla som ekstremverdiar i sesongjusteringa. Trenden har difor blitt tatt ut frå figuren for dei seinaste månadene.

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte tal. 2005=100

Glatta sesongjusterte Sesongjusterte
Jan. 2015 123.7 122.4
Feb. 2015 122.7 122.6
Mar. 2015 121.8 126.8
Apr. 2015 120.9 121.4
Mai 2015 120.2 119.0
Juni 2015 119.5 120.1
Juli 2015 118.9 115.2
Aug. 2015 118.2 118.1
Sep. 2015 117.6 118.8
Okt. 2015 116.9 115.8
Nov. 2015 116.3 116.8
Des. 2015 115.8 115.3
Jan. 2016 115.4 115.1
Feb. 2016 115.1 115.5
Mar. 2016 114.8 117.9
Apr. 2016 114.5 114.3
Mai 2016 114.1 114.8
Juni 2016 113.6 112.6
Juli 2016 113.1 113.8
Aug. 2016 112.6 109.9
Sep. 2016 112.4 112.3
Okt. 2016 112.4 112.1
Nov. 2016 112.6 112.2
Des. 2016 113.0 112.7
Jan. 2017 113.5 114.3
Feb. 2017 113.9 114.2
Mar. 2017 114.2 114.1
Apr. 2017 114.4 114.2
Mai 2017 114.4 114.3
Juni 2017 114.3 114.3
Juli 2017 114.3 114.7
Aug. 2017 114.4 110.6
Sep. 2017 114.4 114.1
Okt. 2017 114.5 114.2
Nov. 2017 114.6 114.8
Des. 2017 114.7 115.9
Jan. 2018 114.8 113.9
Feb. 2018 114.8 114.6
Mar. 2018 114.8 115.0
Apr. 2018 114.9 115.3
Mai 2018 115.1 114.7
Juni 2018 115.5 115.4
Juli 2018 115.8 115.9
Aug. 2018 116.3 116.6
Sep. 2018 116.8 116.1
Okt. 2018 117.4 117.7
Nov. 2018 117.8 118.0
Des. 2018 118.2 118.6
Jan. 2019 118.4 118.2
Feb. 2019 118.8 118.3
Mar. 2019 119.1 117.0
Apr. 2019 119.3 119.8
Mai 2019 119.5 120.1
Juni 2019 119.6 118.9
Juli 2019 119.6 120.1
Aug. 2019 119.5 118.8
Sep. 2019 119.4 119.6
Okt. 2019 119.3 119.5
Nov. 2019 119.3 119.1
Des. 2019 119.3 119.1
Jan. 2020 119.2 119.6
Feb. 2020 119.3 119.1
Mar. 2020 115.6
Apr. 2020 113.5
Mai 2020 110.4
Juni 2020 110.6
Juli 2020 112.6

Månadsendring: auke i nokre næringar trekk opp samla produksjon

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen samla sett hadde ein klar auke på 1,8 prosent frå juni til juli. Denne auken kjem etter fleire månader med lav produksjonsaktivitet i industrien. Det var næringsmiddel- og drikkevareindustrien som bidrog klart mest til den samla auken, etterfølgt av næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri. Dei to næringsgruppene hadde produksjonsauke på 6 og 7,7 posent høvesvis. Auken i næringsmiddel- og drikkevareindustri heng saman med høg etterspurnad frå den norske daglegvarebransjen.

Sjølv om samla produksjon viste ein tydeleg vekst var det framleis fleire næringar som var sterkt prega av verknadane av koronapandemien også i juli. Metallvareindustrien og maskinindustrien var blant dei som hadde produksjonsnedgang og bidrog mest til å dempe den samla auken.

Figur 2. Utvalde industrinæringar. Sesongjustert, prosentvis månadsendring. Juli 2020/Juni 2020

Prosent
Metallvareindustri -13.6
Maskinindustri -9.3
Nærings-, drikkevare- og tob.ind. 6.0
Oljeraff., kjemisk farmas. industri 7.7

Tremånadsendring: kraftig fall i industriproduksjonen

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen gjekk ned med heile 4,2 prosent i perioden mai-juli samanlikna med førre tremånadersperiode. Nedgangen må sjåast i samanheng med verknadane av koronapandemien som har prega aktiviteten i industrien sidan midten av mars. Det var næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest til nedgangen i denne perioden med eit fall på 7,7 prosent. I tillegg har fleire arbeidsintensive næringar opplevd stor nedgang i perioden, deriblant fleire av næringane innafor petroleumsretta leverandørindustri.

Månadsendring: solid auke i Eurosona i juni 2020

Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i eurosona auka med heile 10 prosent frå mai til juni 2020. Dermed fortsatt auken som starta i mai, etter to månader med kraftig produksjonsfall som en følgje av dei ulike tiltaka som vart sette i verk for å hindre spreiinga av koronaviruset. Samanlikna med juni i fjor er likevel produksjonsaktiviteten framleis lav.

I den same perioden hadde industriproduksjonen i Noreg ein liten auke på 0,2 prosent. Sverige og Danmark hadde ein produksjonsauke på 9,3 og 4 prosent høvesvis.

For meir informasjon om utviklinga i europeisk industriproduksjon i juni, sjå denne artikkelen frå Eurostat.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Eurosona Noreg
Jan. 2015 97.4 102.5
Feb. 2015 99.8 102.7
Mar. 2015 100.6 106.3
Apr. 2015 99.8 101.7
Mai. 2015 100.1 99.7
Juni. 2015 100.3 100.6
Juli. 2015 100.7 96.5
Aug. 2015 100.2 99.0
Sep. 2015 100.3 99.5
Okt. 2015 100.3 97.0
Nov. 2015 100.0 97.9
Des. 2015 100.5 96.6
Jan. 2016 103.4 96.4
Feb. 2016 101.3 96.7
Mar. 2016 100.4 98.8
Apr. 2016 101.7 95.8
Mai. 2016 100.3 96.2
Juni. 2016 101.2 94.3
Juli. 2016 101.4 95.4
Aug. 2016 101.6 92.1
Sep. 2016 101.6 94.1
Okt. 2016 102.7 93.9
Nov. 2016 102.8 94.0
Des. 2016 102.5 94.4
Jan. 2017 101.9 95.8
Feb. 2017 103.1 95.7
Mar. 2017 103.3 95.5
Apr. 2017 104.1 95.7
Mai. 2017 104.3 95.7
Juni. 2017 103.5 95.8
Juli. 2017 105.5 96.1
Aug. 2017 106.1 92.6
Sep. 2017 105.8 95.6
Okt. 2017 105.6 95.7
Nov. 2017 108.1 96.2
Des. 2017 108.8 97.1
Jan. 2018 107.2 95.4
Feb. 2018 105.3 96.0
Mar. 2018 105.3 96.3
Apr. 2018 105.9 96.6
Mai. 2018 107.1 96.1
Juni. 2018 106.9 96.7
Juli. 2018 105.6 97.1
Aug. 2018 106.7 97.7
Sep. 2018 106.1 97.2
Okt. 2018 106.3 98.6
Nov. 2018 105.1 98.8
Des. 2018 105.2 99.3
Jan. 2019 105.8 99.2
Feb. 2019 106.2 99.1
Mar. 2019 105.8 98.0
Apr. 2019 105.1 100.4
Mai. 2019 105.7 100.7
Juni. 2019 104.4 99.7
Juli. 2019 104.3 100.7
Aug. 2019 104.2 99.6
Sep. 2019 104.4 100.2
Okt. 2019 104.1 100.2
Nov. 2019 103.8 99.8
Des. 2019 102.2 99.8
Jan. 2020 104.3 100.3
Feb. 2020 104.3 99.8
Mar. 2020 91.0 96.8
Apr. 2020 73.3 95.2
Mai. 2020 83.1 92.3
Juni. 2020 91.4 92.6

Tremånadersendring: nedgang i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein nedgang på 1,7 prosent i perioden mai-juli 2020 samanlikna med førre tremånadersperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein oppgang på 2,6 prosent, medan utvinning av naturgass gjekk ned 3,7 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester opplevde ein kraftig nedgang på heile 11 prosent i perioden mai-juli samanlikna med førre tremånadersperiode. Strengje smittevernsreglar og den låge oljeprisen er med på å forklare nedgangen.

Bergverksdrift hadde ein nedgang på 9,7 prosent i same periode, medan det for norsk kraftforsyning var ein vekst på over 3,6 prosent.

1  Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

Industri Utvinning, bergverk, industri og kraft Utvinning og utvinningstjenester
Jan. 2010 109.4 92.3 85.1
Feb. 2010 109.7 92.0 84.7
Mar. 2010 110.1 91.6 84.4
Apr. 2010 110.8 90.9 83.8
Mai. 2010 110.3 90.3 83.6
Juni. 2010 111.1 89.3 82.2
Juli. 2010 111.8 88.1 80.4
Aug. 2010 112.0 84.9 75.7
Sep. 2010 111.7 83.6 73.7
Okt. 2010 111.4 84.8 75.3
Nov. 2010 112.6 87.4 77.9
Des. 2010 112.6 89.1 80.0
Jan. 2011 112.7 87.7 78.4
Feb. 2011 112.6 87.0 77.9
Mar. 2011 113.1 85.8 76.5
Apr. 2011 112.9 84.7 74.9
Mai. 2011 113.0 82.3 71.1
Juni. 2011 111.7 81.7 70.0
Juli. 2011 110.2 81.9 69.7
Aug. 2011 109.6 84.3 72.6
Sep. 2011 110.9 85.6 74.2
Okt. 2011 112.9 86.1 74.5
Nov. 2011 113.8 86.4 74.7
Des. 2011 113.5 85.3 73.6
Jan. 2012 113.9 86.6 74.8
Feb. 2012 113.9 87.3 75.1
Mar. 2012 114.0 88.4 75.8
Apr. 2012 113.7 88.4 75.5
Mai. 2012 114.4 88.5 75.5
Juni. 2012 114.8 88.9 76.0
Juli. 2012 115.3 88.0 75.1
Aug. 2012 115.7 87.3 74.0
Sep. 2012 116.3 85.0 70.4
Okt. 2012 116.8 85.2 70.4
Nov. 2012 116.8 84.3 69.3
Des. 2012 116.7 85.3 70.9
Jan. 2013 117.2 83.8 70.1
Feb. 2013 117.7 82.4 69.3
Mar. 2013 118.0 80.7 68.4
Apr. 2013 118.8 81.1 68.9
Mai. 2013 119.0 82.8 71.1
Juni. 2013 120.4 84.0 72.4
Juli. 2013 120.8 85.1 73.6
Aug. 2013 121.1 84.5 72.8
Sep. 2013 120.8 83.9 72.1
Okt. 2013 120.3 81.6 69.4
Nov. 2013 120.1 81.5 69.3
Des. 2013 120.2 82.0 69.9
Jan. 2014 120.7 83.7 71.5
Feb. 2014 121.3 84.3 71.8
Mar. 2014 121.9 85.2 72.3
Apr. 2014 121.9 85.4 72.3
Mai. 2014 122.2 84.2 70.2
Juni. 2014 123.0 83.9 69.4
Juli. 2014 123.6 83.6 68.8
Aug. 2014 125.2 84.7 70.2
Sep. 2014 124.5 85.7 71.8
Okt. 2014 125.4 87.2 73.6
Nov. 2014 124.6 87.7 74.4
Des. 2014 125.4 87.4 73.7
Jan. 2015 124.1 86.1 72.4
Feb. 2015 123.4 86.1 72.7
Mar. 2015 123.9 86.3 72.9
Apr. 2015 123.6 85.4 71.7
Mai. 2015 122.4 84.9 71.3
Juni. 2015 120.2 85.0 72.0
Juli. 2015 118.1 86.2 74.2
Aug. 2015 117.8 87.0 75.4
Sep. 2015 117.4 87.9 76.7
Okt. 2015 117.6 88.1 77.1
Nov. 2015 117.1 87.3 76.2
Des. 2015 116.0 85.4 74.1
Jan. 2016 115.7 85.2 73.7
Feb. 2016 115.3 85.3 73.9
Mar. 2016 116.2 85.7 73.7
Apr. 2016 115.9 86.1 74.2
Mai. 2016 115.7 86.4 74.7
Juni. 2016 113.9 85.3 73.8
Juli. 2016 113.7 84.9 73.5
Aug. 2016 112.1 83.2 71.8
Sep. 2016 112.0 81.9 70.1
Okt. 2016 111.4 82.4 71.0
Nov. 2016 112.2 83.9 73.0
Des. 2016 112.3 85.8 75.4
Jan. 2017 113.1 85.7 74.3
Feb. 2017 113.7 85.9 73.6
Mar. 2017 114.2 87.0 74.2
Apr. 2017 114.2 87.2 74.5
Mai. 2017 114.2 87.2 74.3
Juni. 2017 114.3 87.1 73.8
Juli. 2017 114.4 86.9 73.4
Aug. 2017 113.2 87.0 73.9
Sep. 2017 113.1 87.5 74.8
Okt. 2017 113.0 86.9 74.0
Nov. 2017 114.4 86.1 72.4
Des. 2017 115.0 84.9 70.4
Jan. 2018 114.9 85.9 70.8
Feb. 2018 114.8 86.9 71.1
Mar. 2018 114.5 87.8 71.2
Apr. 2018 115.0 87.3 70.4
Mai. 2018 115.0 86.4 69.5
Juni. 2018 115.1 86.9 70.9
Juli. 2018 115.3 87.3 71.5
Aug. 2018 116.0 88.6 73.2
Sep. 2018 116.2 88.3 72.4
Okt. 2018 116.8 88.8 72.2
Nov. 2018 117.3 87.9 70.5
Des. 2018 118.1 87.3 69.1
Jan. 2019 118.3 85.9 68.2
Feb. 2019 118.4 84.6 67.4
Mar. 2019 117.8 83.2 66.6
Apr. 2019 118.4 82.6 65.7
Mai. 2019 119.0 82.7 65.5
Juni. 2019 119.6 82.5 64.7
Juli. 2019 119.7 82.4 64.2
Aug. 2019 119.3 81.6 63.2
Sep. 2019 119.5 81.6 62.8
Okt. 2019 119.3 81.9 63.6
Nov. 2019 119.4 83.6 66.1
Des. 2019 119.2 85.5 69.3
Jan. 2020 119.3 85.8 70.7
Feb. 2020 119.3 86.2 71.7
Mar. 2020 118.1 86.6 72.5
Apr. 2020 116.1 87.6 73.5
Mai. 2020 113.2 87.4 73.6
Juni. 2020 111.5 86.3 72.8
Juli. 2020 111.2 86.1 72.9

Sesongjusteringsmetoden justert - koronakrisa

Torsdag den 12. mars 2020 innførte regjeringa tiltak mot spreiinga av koronaviruset i Noreg. Fleire av verksemdene i industrien har blitt påverka av dette, noko som har ført til at aktivitetsmønsteret frå mars har vore annleis enn kva vi vanlegvis observerer. Sesongjusteringa under koronakrisa blir gjort på ein slik måte at tal frå og med krisa (mars) ikkje inngår i grunnlaget for berekninga av sesongmønsteret. Teknisk, i sesongjusteringsrutinen, blir dette gjort ved å spesifisere mars 2020 og følgjande månader som ekstremverdiar.

Dette betyr at vanlege trendtal ikkje vil bli berekna og i staden vil trend og sesong følgje kvarandre. Eit viktig unntak er siste observasjon, der trendtalet som bereknas i sesongjusteringsrutinen berre vil være ein framskriven verdi og siste observasjon inngår ikkje. Trendtala frå og med mars 2020 vil såleis være vanskelege å tolke.

SSB si sesongjustering er i tråd med tilrådingar frå Eurostat.

Svarprosent for juni 2020

Tala for juli blei samla inn i perioden frå 31. juli til 3. september 2020. Svarprosenten for juli 2020 er 94 prosent mot 97 prosent i same månad i fjor.

Kontakt