Marginal auke i industriproduksjonen i juni

Publisert:

Norsk industriproduksjon auka marginalt med 0,4 prosent frå mai til juni viser sesongjusterte tal. Aktiviteten var framleis sterkt prega av verknadene av koronaviruset sjølv om han tok seg litt opp i nokre næringar. I 2. kvartal fall produksjonen kraftig med 5,6 prosent frå førre kvartal.

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 111,5 (2005=100) i 2. kvartal 2020 mot 118,1 i føregåande kvartal. Figur 1 visar at dei sesongjusterte tala har hatt ei relativt stabil utvikling det siste året, før produksjonen fall kraftig frå og med mars 2020.

Grunna behandlinga av mars og følgjande månader som ekstremverdiar er ikkje trendutviklinga etter dette representativ for faktisk utvikling. Trenden har difor blitt tatt ut frå figur 1 for dei seinaste månadene. For meir informasjon, sjå informasjonsboksen om koronaviruset i slutten av artikkelen.

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal. 2005=100

Glatta sesongjusterte Sesongjusterte
Jan. 2015 123.7 122.4
Feb. 2015 122.7 122.6
Mar. 2015 121.8 126.8
Apr. 2015 120.9 121.4
Mai 2015 120.2 119.0
Juni 2015 119.5 120.1
Juli 2015 118.9 115.2
Aug. 2015 118.2 118.1
Sep. 2015 117.6 118.8
Okt. 2015 116.9 115.8
Nov. 2015 116.3 116.8
Des. 2015 115.8 115.3
Jan. 2016 115.4 115.1
Feb. 2016 115.1 115.5
Mar. 2016 114.8 117.9
Apr. 2016 114.5 114.3
Mai 2016 114.1 114.8
Juni 2016 113.6 112.6
Juli 2016 113.1 113.8
Aug. 2016 112.6 109.9
Sep. 2016 112.4 112.3
Okt. 2016 112.4 112.1
Nov. 2016 112.6 112.2
Des. 2016 113.0 112.7
Jan. 2017 113.5 114.3
Feb. 2017 113.9 114.2
Mar. 2017 114.2 114.1
Apr. 2017 114.4 114.2
Mai 2017 114.4 114.3
Juni 2017 114.3 114.3
Juli 2017 114.3 114.7
Aug. 2017 114.4 110.6
Sep. 2017 114.4 114.1
Okt. 2017 114.5 114.2
Nov. 2017 114.6 114.8
Des. 2017 114.7 115.9
Jan. 2018 114.8 113.9
Feb. 2018 114.8 114.6
Mar. 2018 114.8 115.0
Apr. 2018 114.9 115.3
Mai 2018 115.1 114.7
Juni 2018 115.5 115.4
Juli 2018 115.8 115.9
Aug. 2018 116.3 116.6
Sep. 2018 116.8 116.1
Okt. 2018 117.4 117.7
Nov. 2018 117.8 118.0
Des. 2018 118.2 118.6
Jan. 2019 118.5 118.4
Feb. 2019 118.9 118.3
Mar. 2019 119.2 117.0
Apr. 2019 119.4 119.9
Mai 2019 119.6 120.2
Juni 2019 119.7 119.1
Juli 2019 119.7 120.2
Aug. 2019 119.6 118.8
Sep. 2019 119.5 119.7
Okt. 2019 119.4 119.7
Nov. 2019 119.4 119.2
Des. 2019 119.3 119.2
Jan. 2020 119.3 119.7
Feb. 2020 119.3 119.1
Mar. 2020 115.5
Apr. 2020 113.6
Mai 2020 110.2
Juni 2020 110.6

Månadsendring: bransjevise skilnader i industriproduksjonen i juni

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen samla sett hadde ein liten auke på 0,4 prosent frå mai til juni. Denne auken kjem etter tre månader med tydeleg nedgang i produksjonsaktiviteten. Det var næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest til auken i juni, saman med næringsgruppa møbelindustri og anna industri. Dei to næringsgruppene hadde produksjonsauke på 4,5 og 19 posent høvesvis. 

På den motsette sida var det næringsmiddel- og drikkevareindustrien samt metallindustrien som sto for dei største bidraga i negativ retning i perioden. Nedgangen i fyrstnemnde kan mellom anna knytast til lågare produksjon innan tilverking og konservering av fisk. Nedgangen i metallindustrien kan knytast til dårlegare global marknadssituasjon grunna verknadane av tiltaka satt i verk for å hindre spreiinga av koronapandemien.

Figur 2. Utvalde industrinæringar. Sesongjustert, prosentvis månadsendring. Mai / juni 2020

Prosent
Metallindustri -6.3
Nærings-, drikkevare- og tob.ind. -3.1
Oljeraff., kjemisk farmas. industri 4.5
Møbelindustri og annen industri 18.6

Tremånadsendring: historisk fall i industriproduksjonen

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen gjekk ned med så mykje som 5,6 prosent i 2. kvartal 2020 samanlikna med førre kvartal. Det er ikkje målt større fall i eit kvartal for industriproduksjonen i denne tidsserien som går tilbake til 1990. Det bratte fallet må sjåast i samanheng med at alle tre månadene i denne perioden har vore sterkt prega av koronasituasjonen. Bygging av skip og oljeplattformer bidrog klart mest til nedgangen i denne perioden med eit fall på heile 26 prosent. 

På den andre sida, bidrog næringsmiddelindustrien til å dempe den samla nedgangen i industrien noko, med ein produksjonsauke i perioden. Veksten heng mellom anna saman med høg etterspurnad frå den norske daglegvarebransjen i kvartalet.

Månadsendring: solid auke i Eurosona i mai 2020

Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i eurosona auka med heile 13 prosent frå april til mai 2020. Den solide auken kjem etter to månader med kraftig produksjonsfall som en følgje av dei ulike tiltaka som vart sette i verk for å hindre spreiinga av koronaviruset. Etter at medlemslanda byrja å lette på tiltaka i mai gjekk industriproduksjonen opp, men var framleis på eit særs lavt nivå samanlikna med same månad i fjor.

I den same perioden hadde industriproduksjonen i Noreg ein nedgang på 3 prosent. Sverige hadde ein produksjonsauke på 1,1 prosent, medan Danmark hadde eit fall på 3 prosent.

For meir informasjon om utviklinga i europeisk industriproduksjon i mai, sjå denne artikkelen frå Eurostat.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Eurosona Noreg
Jan. 2015 97.4 102.5
Feb. 2015 99.8 102.7
Mar. 2015 100.6 106.3
Apr. 2015 99.8 101.7
Mai. 2015 100.2 99.7
Juni. 2015 100.3 100.6
Juli. 2015 100.7 96.5
Aug. 2015 100.2 99.0
Sep. 2015 100.2 99.5
Okt. 2015 100.3 97.0
Nov. 2015 100.0 97.9
Des. 2015 100.5 96.6
Jan. 2016 103.4 96.4
Feb. 2016 101.3 96.7
Mar. 2016 100.4 98.8
Apr. 2016 101.7 95.8
Mai. 2016 100.3 96.2
Juni. 2016 101.3 94.3
Juli. 2016 101.4 95.4
Aug. 2016 101.6 92.1
Sep. 2016 101.6 94.1
Okt. 2016 102.7 93.9
Nov. 2016 102.9 94.0
Des. 2016 102.5 94.4
Jan. 2017 101.9 95.8
Feb. 2017 103.2 95.7
Mar. 2017 103.3 95.5
Apr. 2017 104.1 95.7
Mai. 2017 104.3 95.7
Juni. 2017 103.6 95.8
Juli. 2017 105.6 96.1
Aug. 2017 106.2 92.6
Sep. 2017 105.9 95.6
Okt. 2017 105.6 95.7
Nov. 2017 108.2 96.2
Des. 2017 108.8 97.1
Jan. 2018 107.2 95.4
Feb. 2018 105.3 96.0
Mar. 2018 105.3 96.3
Apr. 2018 106.0 96.6
Mai. 2018 107.3 96.1
Juni. 2018 106.9 96.7
Juli. 2018 105.7 97.1
Aug. 2018 106.7 97.7
Sep. 2018 106.1 97.2
Okt. 2018 106.3 98.6
Nov. 2018 105.2 98.8
Des. 2018 105.3 99.3
Jan. 2019 105.8 99.2
Feb. 2019 106.2 99.1
Mar. 2019 105.8 98.0
Apr. 2019 105.1 100.4
Mai. 2019 106.0 100.7
Juni. 2019 104.4 99.8
Juli. 2019 104.4 100.7
Aug. 2019 104.2 99.6
Sep. 2019 104.3 100.2
Okt. 2019 104.1 100.2
Nov. 2019 103.9 99.8
Des. 2019 102.2 99.8
Jan. 2020 104.1 100.3
Feb. 2020 104.1 99.8
Mar. 2020 90.8 96.8
Apr. 2020 73.1 95.2
Mai. 2020 82.9 92.3

Tremånadersendring: liten nedgang i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein liten nedgang på 0,5 prosent i perioden 2. kvartal 2020 samanlikna med førre kvartal, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein oppgang på 6,8 prosent, medan utvinning av naturgass gjekk ned 4,7 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i dette kvartalet, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester opplevde ein kraftig nedgang på heile 15 prosent i 2. kvartal 2020 samanlikna med førre kvartal. Strengje smittevernsreglar saman med den låge oljeprisen og reduserte leteinvesteringar på norsk sokkel forklarer nedgangen.

Bergverksdrift hadde ein nedgang på 0,9 prosent i same periode, medan det for norsk kraftforsyning var ein vekst på over 15 prosent. Den høge kraftproduksjonen skuldast mellom anna eit behov for å gjera plass til mykje vanntilsig i magasina før snøsmeltinga starta for fullt.

1  Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

Industri Utvinning, bergverk, industri og kraft Utvinning og utvinningstjenester
Jan. 2010 109.4 92.3 85.1
Feb. 2010 109.7 92.0 84.7
Mar. 2010 110.1 91.6 84.4
Apr. 2010 110.8 90.9 83.8
Mai. 2010 110.3 90.3 83.6
Juni. 2010 111.1 89.3 82.2
Juli. 2010 111.8 88.1 80.4
Aug. 2010 112.0 84.9 75.7
Sep. 2010 111.7 83.6 73.7
Okt. 2010 111.4 84.8 75.3
Nov. 2010 112.6 87.4 77.9
Des. 2010 112.6 89.1 80.0
Jan. 2011 112.7 87.7 78.4
Feb. 2011 112.6 87.0 77.9
Mar. 2011 113.1 85.8 76.5
Apr. 2011 112.9 84.7 74.9
Mai. 2011 113.0 82.3 71.1
Juni. 2011 111.7 81.7 70.0
Juli. 2011 110.2 81.9 69.7
Aug. 2011 109.6 84.3 72.6
Sep. 2011 110.9 85.6 74.2
Okt. 2011 112.9 86.1 74.5
Nov. 2011 113.8 86.4 74.7
Des. 2011 113.5 85.3 73.6
Jan. 2012 113.9 86.6 74.8
Feb. 2012 113.9 87.3 75.1
Mar. 2012 114.0 88.4 75.8
Apr. 2012 113.7 88.4 75.5
Mai. 2012 114.4 88.5 75.5
Juni. 2012 114.8 88.9 76.0
Juli. 2012 115.3 88.0 75.1
Aug. 2012 115.7 87.3 74.0
Sep. 2012 116.3 85.0 70.4
Okt. 2012 116.8 85.2 70.4
Nov. 2012 116.8 84.3 69.3
Des. 2012 116.7 85.3 70.9
Jan. 2013 117.2 83.8 70.1
Feb. 2013 117.7 82.4 69.3
Mar. 2013 118.0 80.7 68.4
Apr. 2013 118.8 81.1 68.9
Mai. 2013 119.0 82.8 71.1
Juni. 2013 120.4 84.0 72.4
Juli. 2013 120.8 85.1 73.6
Aug. 2013 121.1 84.5 72.8
Sep. 2013 120.8 83.9 72.1
Okt. 2013 120.3 81.6 69.4
Nov. 2013 120.1 81.5 69.3
Des. 2013 120.2 82.0 69.9
Jan. 2014 120.7 83.7 71.5
Feb. 2014 121.3 84.3 71.8
Mar. 2014 121.9 85.2 72.3
Apr. 2014 121.9 85.4 72.3
Mai. 2014 122.2 84.2 70.2
Juni. 2014 123.0 83.9 69.4
Juli. 2014 123.6 83.6 68.8
Aug. 2014 125.2 84.7 70.2
Sep. 2014 124.5 85.7 71.8
Okt. 2014 125.4 87.2 73.6
Nov. 2014 124.6 87.7 74.4
Des. 2014 125.4 87.4 73.7
Jan. 2015 124.1 86.1 72.4
Feb. 2015 123.4 86.1 72.7
Mar. 2015 123.9 86.3 72.9
Apr. 2015 123.6 85.4 71.7
Mai. 2015 122.4 84.9 71.3
Juni. 2015 120.2 85.0 72.0
Juli. 2015 118.1 86.2 74.2
Aug. 2015 117.8 87.0 75.4
Sep. 2015 117.4 87.9 76.7
Okt. 2015 117.6 88.1 77.1
Nov. 2015 117.1 87.3 76.2
Des. 2015 116.0 85.4 74.1
Jan. 2016 115.7 85.2 73.7
Feb. 2016 115.3 85.3 73.9
Mar. 2016 116.2 85.7 73.7
Apr. 2016 115.9 86.1 74.2
Mai. 2016 115.7 86.4 74.7
Juni. 2016 113.9 85.3 73.8
Juli. 2016 113.7 84.9 73.5
Aug. 2016 112.1 83.2 71.8
Sep. 2016 112.0 81.9 70.1
Okt. 2016 111.4 82.4 71.0
Nov. 2016 112.2 83.9 73.0
Des. 2016 112.3 85.8 75.4
Jan. 2017 113.1 85.7 74.3
Feb. 2017 113.7 85.9 73.6
Mar. 2017 114.2 87.0 74.2
Apr. 2017 114.2 87.2 74.5
Mai. 2017 114.2 87.2 74.3
Juni. 2017 114.3 87.1 73.8
Juli. 2017 114.4 86.9 73.4
Aug. 2017 113.2 87.0 73.9
Sep. 2017 113.1 87.5 74.8
Okt. 2017 113.0 86.9 74.0
Nov. 2017 114.4 86.1 72.4
Des. 2017 115.0 84.9 70.4
Jan. 2018 114.9 85.9 70.8
Feb. 2018 114.8 86.9 71.1
Mar. 2018 114.5 87.8 71.2
Apr. 2018 115.0 87.3 70.4
Mai. 2018 115.0 86.4 69.5
Juni. 2018 115.1 86.9 70.9
Juli. 2018 115.3 87.3 71.5
Aug. 2018 116.0 88.6 73.2
Sep. 2018 116.2 88.3 72.4
Okt. 2018 116.8 88.8 72.2
Nov. 2018 117.3 87.9 70.5
Des. 2018 118.1 87.3 69.1
Jan. 2019 118.3 85.9 68.2
Feb. 2019 118.4 84.7 67.4
Mar. 2019 117.9 83.2 66.7
Apr. 2019 118.4 82.6 65.8
Mai. 2019 119.0 82.7 65.6
Juni. 2019 119.7 82.5 64.8
Juli. 2019 119.8 82.4 64.2
Aug. 2019 119.4 81.6 63.0
Sep. 2019 119.6 81.5 62.6
Okt. 2019 119.4 81.9 63.5
Nov. 2019 119.5 83.6 66.0
Des. 2019 119.4 85.5 69.3
Jan. 2020 119.4 85.8 70.7
Feb. 2020 119.3 86.3 71.8
Mar. 2020 118.1 86.7 72.6
Apr. 2020 116.1 87.6 73.6
Mai. 2020 113.1 87.5 73.8
Juni. 2020 111.5 86.3 72.9

Sesongjusteringsmetoden justert - koronakrisa

Torsdag den 12. mars 2020 innførte regjeringa tiltak mot spreiinga av koronaviruset i Noreg. Fleire av verksemdene i industrien har blitt påverka av dette, noko som har ført til at aktivitetsmønsteret frå mars har vore annleis enn kva vi vanlegvis observerer. Sesongjusteringa under koronakrisa blir gjort på ein slik måte at tal frå og med krisa (mars) ikkje inngår i grunnlaget for berekninga av sesongmønsteret. Teknisk, i sesongjusteringsrutinen, blir dette gjort ved å spesifisere mars 2020 og følgjande månader som ekstremverdiar.

Dette betyr at vanlege trendtal ikkje vil bli berekna og i staden vil trend og sesong følgje kvarandre. Eit viktig unntak er siste observasjon, der trendtalet som bereknas i sesongjusteringsrutinen berre vil være ein framskriven verdi og siste observasjon inngår ikkje. Trendtala frå og med mars 2020 vil såleis være vanskelege å tolke.

SSB si sesongjustering er i tråd med tilrådingar frå Eurostat.

Svarprosent for juni 2020

Tala for juni blei samla inn i perioden frå 30. juni til 5. august 2020. Svarprosenten for juni 2020 er 92 prosent mot 97 prosent i same månad i fjor.

Kontakt