Statistikk mot år 2000: 1972-1973

1974 blei toppår for industrien

Publisert:

Med nedlegginga av Kværner Brug, seinare Kværner Energy AS i Lodalen den 30. juni 1999, var det sett endeleg sluttstrek for tungindustriell produksjon i Noregs gamle industrihovudstad. 146 år hadde då gått sidan Oluf Onsum starta opp i det små med smie og verkstad i det som då framleis var Christiania.

I den industrialiserte verda nådde industrisysselsettinga ein historisk topp rundt 1970, både i absolutte tal og relativt i forhold til andre grupper arbeidstakarar.

For Norge sin del er toppåret 1974. Då er det i heile landet 394 204 personar sysselsette i bergverksdrift og industri. Ulik næringsgruppering i industristatistikken gjer at tala før og etter 1992 ikkje utan vidare kan samanliknast. Uansett når talet på industrisysselsette ein historisk botn i 1992 med 265 261 personar.

Siste halvdel av 1990-talet ser vi igjen ein viss auke for sysselsette i bergverk og industri, til 286 265, som grovt sett tilsvarer 1990-nivå.

Utviklinga for Oslo-industrien følgjer ei anna kurve. Her kjem avindustrialiseringa før, og blir langt meir dramatisk enn i resten av landet. Ser vi på tala frå kvart tiår frå 1960 til 1990, er det i 1960 58 457 sysselsette i Oslo-industrien. På overgangen frå 1960- til 1970-talet har utviklinga alt kulminert, men held seg, med 54 292 industrisysselsette, på nokolunde same nivå.

Også i Oslo kjem den dramatiske utviklinga på 1970-talet. I tiåret mellom 1970 og 1980 blir 16 446 arbeidsplassar borte i Oslo-industrien, slik at berre 37 826 er igjen. Utover i det neste tiåret held avindustrialiseringa av hovudstaden fram med same fart og styrke. I 1990 er det berre 24 755 industriarbeidarar igjen i "produktive bransjar". Deretter stabiliserer tala seg, men sjølv med ein mindre oppgang mot slutten av tiåret, er ein ennå ikkje tilbake på 1990-nivå.

No har også grafisk industri med 45,0 prosent og nærings- og nytingsmiddel med 16,3 prosent vakse seg til å bli dei utan samanlikning viktigaste industrigreinene i Oslo.

Utviklinga er fullført. Frå å vera norsk tyngdepunkt for industriell produksjon har Oslo blitt regionsenter for konsumpsjon, og nasjonal hovudstad for konsumpsjonen sin ideologi.

 

Kjelder:

  • Victor Dimola/Knut A. Nilsen: Så er gravølet drukket i Lodalen, Aftenposten morgon, 3. juli 1999.
  • Kim Moody: Workers in a Lean World, London/New York 1997.
  • Industristatistikk 1996, Næringstall, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.
  • Historisk statistikk 1994, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1995.

Kontakt