For å bestille data om norske dotterselskap i utlandet, må du fylle ut og krysse av for dei variablane du ønsker i variabellisten for dotterselskap i utlandet (Excel). Lista må du leggje ved søknaden du sender til SSB om utlån av data.

Data om norske dotterselskap i utlandet

Statistikken er ein utvalsstatistikk som gjev ei oversikt over norsk næringsliv i utlandet. Dette gjeld norske dotterselskap i utlandet som er kontrollerte, direkte eller indirekte med over 50 prosent frå Noreg, og som har Noreg som ultimate eigarland (Ultimate Controlling Institution (UCI)). Ein ser på tal for føretak, sysselsette og omsetning fordelt etter næring og land. Føremålet er å gi ei samla oversikt over norske dotterselskap si økonomiske aktivitet i utlandet som er med i utvalet.

Berre aktive føretak, med omsetning eller sysselsette fordelt på næring og land, er med i statistikken. Statistikken omfattar i prinsippet eit utval av selskap frå alle norske institusjonelle sektorar, men ikkje-finansielle føretak er i denne samanhengen den viktigaste sektoren. Sjå meir under «Om statistikken» for nærmare definisjon av dotterselskap og andre omgrep.


Statistikken er internasjonalt kjend som Outward Foreign Affliatetes Statistics (OFATS). Statistikken vert publisert årleg, innan 20 månader etter referanseåret, og data blei samla inn for første gang i 2008. Tal er basert på eit stort utval og grunnlaget for statistikken er SSB si eiga innsamling av spørjeundersøkinga «Investeringer i utlandet».
Utvalsundersøkinga «Investeringer i utlandet» består av eit utval som dekkjer dei største føretaka som har direkteinvesteringar i utlandet i tillegg til et utval av mindre føretak. Det vil seie norske føretak som eig 20 prosent eller meir i eit utanlandsk føretak.

Definisjon og dokumentasjon av variablar

I variabellistene finn du lenker til definisjonar av variablar og kodelister for dei variablane dette er relevant for.

Data innenfor andre områder

Du kan også låne fleire datasett med variablar innanfor andre område. Hugs da å leggje ved alle variabellistene du har fylt ut som vedlegg til søknaden om lån av data.