Høge hytteprisar i 100-metersbeltet langs kysten

Publisert:

Hyttekjøparane måtte i gjennomsnitt betale 2,1 millionar kroner for ei hytte i strandsona i perioden 2013-2016, men dei måtte ut med langt meir langs kyststripa frå svenskegrensa til Agder. I Vestfold var til dømes tilsvarande gjennomsnittspris 4,1 millionar kroner.

So fort ein kjem ut av strandsona, dett gjennomsnittleg kjøpesum markert. Fritidsbustadene som låg mellom 100 og 400 meter frå kystlina, hadde ein gjennomsnittleg kjøpesum på 1,6 millionar kroner. Endå rimelegare blir det dersom nærleik til sjøen ikkje er eit kriterium. Då kosta fritidsbustadane i kystfylka våre i gjennomsnitt 1,4 millionar kroner.

Figur 1. Gjennomsnittleg kjøpesum for fritidsbustadar i fritt sal i ulik avstand frå kystlinja. 2013-2016

kjøpesum
1-100 m 2120316
101-400 m 1567133
Meir enn 400 m 1380073

Strandsona i Vestfold på hyttepristoppen

Dei høgaste gjennomsnittsprisane på hyttene i 100-metersbeltet langs sjøen finn vi i Vestfold, der dei nye eigarane i gjennomsnitt laut ut med 4,1 millionar kroner for hyttene som vart omsette i fireårsperioden, sjå figur 2. Dette er ikring det dobbelte av gjennomsnittet for landet. Også dei som ville ha hytte i strandsona i Akershus, Telemark og Aust-Agder måtte grave djupt i lommeboka. I gjennomsnitt var prisen per omsette fritidsbustad i alle desse tre fylka i underkant av 4 millionar kroner i denne perioden. Det er særleg i fylka rundt hovudstaden og nedover til Agder-fylka at skilnaden mellom dei kystnære hyttene og dei som ligg lenger inn i landet, verkeleg er stor.

Figur 2 Gjennomsnittspris for fritidsbustadar i fritt sal i ulik avstand frå kysten i meter. Utvalde fylke. 2013-2016

Østfold Akershus Vestfold Telemark Aust-Agder Vest-Agder Rogaland Hordaland
1-100 m 3416359 3928363 4101512 3927995 3765112 3275568 2514415 1916336
101-400 m 2134107 2245147 2380125 2073204 1972285 2408322 2070613 1376764
Over 400 m 1011613 1172555 1277533 1562182 1319763 1559520 1171462 1536920

Datagrunnlag og datakoplingar

Utgangspunktet for denne analysen er tinglyste omsetjingar av fritidsbustader i fritt sal og på eigd tomt i fireårsperioden 2013-2016. I denne artikkelen vekslar vi mellom å kalle desse for hytte og fritidsbustad. Vi har dessutan nytta opplysingar frå Matrikkelen og digitalt eigedomskart til å finne avstanden frå kystlina. Der det er fleire fritidsbustader på ein eigedom, er bygningskode 161 prioritert, men dersom det er fleire med same kode, er det rekna avstand til den som ligg nærast sjøen. Kystlina følgjer overgangen mellom sjø og land ved middels høgvasstand.

Fritidseigedomane som er med i analysen, er dei som jamfør skøytet er tenkt nytta til fritidsbustad og som har bygningar med ein av desse bygningskodane i Matrikkelen: 161 fritidsbygning (hytte, sommarhus), 162 heilårs bustad nytta som fritidsbustad, 163 våningshus nytta som fritidsbustad, 111 einebustad, 171 seterhus, sel, rorbu og 113 våningshus. I den ordinære eigedomsomsetjingsstatistikken blir alle eigedomar med bygning rekna med dersom føremålet med omsetjinga er fritid. I denne analysen blir omsetjingane haldne utanom dersom einaste registrerte bygning på eigedomen er naust, garasje og andre bygningar som ikkje er fritidsbustad. For ein liten del av omsetjingane har vi heller ikkje hatt tilstrekkeleg med opplysingar til å rekne ut avstand til kystlina.

I alt vart det tinglyst 39 250 sal av fritidseigedomar med bygning på eigd tomt og i fritt sal i fireårsperioden 2013-2016. Om vi ser bort frå Hedmark og Oppland, som ikkje har kyststripe, var talet 31 200. Etter at vi har plukka bort omsetjingane som berre har bygningar som ikkje kan nyttast til fritidsbustad, og dei vi ikkje har naudsynte opplysingar om til å rekne ut avstanden til kystlina, sit vi att med 23 500 fritidsbustader, som er grunnlaget for denne analysen.

Kvart fjerde hyttesal i 100-metersbeltet

Tek vi utgangspunkt i fylka som har kystline, som er alle fylka utanom Oppland og Hedmark, låg 42 prosent av dei omsette hyttene nærmare kystlina enn 400 meter, sjå figur 3. Kvart fjerde hyttesal gjekk føre seg innanfor 100-metersbeltet mot sjøen. I alt vart det omsett i overkant av 5 800 fritidsbustadar i strandsona i fireårsperioden. Til saman var det registrert 91 800 fritidsbustadar i 100-metersbeltet langs kysten vår i 2016, syner statistikken Byggeaktivitet i strandsona. Det vil seie at godt under 2 prosent av fritidsbustadene i strandsona blir lagt ut for sal kvart år.

I utgangspunktet gjeld eit generelt bygge- og delingsforbod i strandsona, men sidan desse områda er so populære, er dei òg under press. Frå 2000 er det vorte 13 100 fleire fritidsbustader i strandsona trass i dette generelle byggjeforbodet.

Figur 3. Omsette fritidsbustadar i fritt sal i ulik avstand frå kystlina. 2013-2016. Prosent

tal
1-100 m 24 % 5758
101-400 m 18 % 4151
Meir enn 400 m 58 % 13542

Bærum og Tjøme på pristoppen blant kommunane

Om det er stor skilnad mellom fylke, er det enno større skilnad mellom kommunane. Bærum i Akershus og Tjøme i Vestfold var på pristoppen i perioden 2013-2016. I desse kommunane måtte ein gjennomsnittskjøpar bla opp høvesvis 8,7 og 7,2 millionar kroner for å bli eigar av ein fritidsbustad innanfor 100-metersbeltet. Vidare på lista kjem andre kjende hyttekommunar som Lillesand i Aust-Agder og Vestfold-kommunane Nøtterøy og Tønsberg, der gjennomsnittet låg i underkant av 5,5 millionar kroner. Sidan det i nokre tilfelle er somme særs dyre fritidseigedomar som dreg opp gjennomsnittet, har vi også sett på median kjøpesum, som er den kjøpesummen der det er like mange fritidsbustader som kostar meir som det er som kostar mindre. Bærum og Tjøme hamnar like fullt på toppen av lista med ein median kjøpesum på høvesvis 7,3 og 5,9 millionar kroner.

Hvaler i Østfold og Kragerø i Telemark var dei kommunane som hadde flest registrerte sal av fritidseigedomar innanfor 100-metersbeltet i perioden 2013-2016.

Tabell: Gjennomsnittleg kjøpesum for omsette fritidsbustader på eigd grunn og i fritt sal, fordelt etter avstand frå kysten i meter. Fylke

Til tabellen

Kontakt