6028_not-searchable
/befolkning/statistikker/ekteskap/arkiv
6028
Stabile tal for vigslar og skilsmisser
statistikk
2010-02-18T10:00:00.000Z
Befolkning
no
ekteskap, Ekteskap og skilsmisser, vigslar, giftarmål, vigselstypar (for eksempel borgarleg, statskyrkjeleg, i utlandet), ekteskapslengd, separasjonar, partnarskapBarn, familier og husholdninger, Befolkning
false

Ekteskap og skilsmisser2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stabile tal for vigslar og skilsmisser

I 2009 blei det inngått 24 6001 ekteskap, 10 200 ekteskap endte i skilsmisse og 11 900 par blei separerte. Det er om lag same tal som i 2008.

Inngåtte ekteskap og partnarskap. 1975-2009

Skilsmisser og separasjonar. 1977-2009

Talet på inngåtte ekteskap held seg på et høgt nivå, sjølv om det var ein nedgang på om lag 5001 frå 2008. Om ein ser bort frå dei to åra 2008 og 2000, har det ikkje vore fleire giftermål sidan midten av 1970-talet. Talet på skilsmisser er på same nivå som dei to førre åra, medan talet på separasjonar har auka noko.

Den nye ekteskapslova

Frå 1. januar 2009 blei ekteskapslova endra slik at to personar med same kjønn kan inngå ekteskap. Samtidig med den nye lova blei det ikkje lenger mogleg å inngå registrert partnarskap. Dei som allereie var registrerte partnarar, kunne anten halde fram som det, eller be om å få partnarskapet sitt konvertert til ekteskap.

Inngåtte registrerte partnarskap 1993-2008. Ekteskap mellom same kjønn 2009

I det fyrste året med ny ekteskapslov var det 283 par av same kjønn som gifta seg, 63 prosent av desse var kvinnelege par. 653 partnarskap, eller 32 prosent, av dei 2 014 partnarskapa som stod ved lag ved inngangen til 2009 blei omgjorde til ekteskap i 2009.

I 2009 blei 73 partnarskap oppløyste ved skilsmisse, og 82 partnarpar blei separerte.

1  Talet blei retta 24. august 2010.

Tabeller: