6032_not-searchable
/befolkning/statistikker/ekteskap/arkiv
6032
Auke i talet på vigslar
statistikk
2009-02-19T10:00:00.000Z
Befolkning
no
ekteskap, Ekteskap og skilsmisser, vigslar, giftarmål, vigselstypar (for eksempel borgarleg, statskyrkjeleg, i utlandet), ekteskapslengd, separasjonar, partnarskapBarn, familier og husholdninger, Befolkning
false

Ekteskap og skilsmisser2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i talet på vigslar

I 2008 blei det inngått 25 100 ekteskap. Ein må tilbake til 2000, og før det til 1976, for å finne eit høgare tal på inngåtte ekteskap. 10 200 ekteskap enda i skilsmisse, og 11 700 par blei separerte. Talet på skilsmisser ligg på same nivå som året før, medan talet på separasjonar er noko høgare.

Skilsmisser og separasjonar. 1977-2008

Inngåtte ekteskap. 1977-2008

Vel 25 100 ekteskap blei inngått i 2008. Det er 1 650 fleire enn året før.

10 200 ekteskap enda i skilsmisse i 2008. Talet på skilsmisser har gått ned dei siste fire åra. Skilsmisseraten, som er oppløyste ekteskap ved skilsmisse per 1 000 gifte og separerte kvinner, var 11,6 i 2008. Raten har variert mellom 10,4 og 12,6 sidan byrjinga av 1990-talet, og var på sitt høgaste i 2004 og 2005. Talet på separasjonar auka noko frå 2007, etter ein nedgang åra før.

Førre året blei det inngått 224 partnarskap, 134 mellom to kvinner og 90 mellom to menn. Alt i alt 43 færre enn i 2007. For tredje året på rad blei det inngått fleire registrerte partnarskap mellom to kvinner enn mellom to menn. 58 partnarskap blei oppløyst ved skilsmisse og 94 partnarpar blei separerte i 2008.

Inngåtte registrerte partnarskap, etter kjønn. 1993-2008

Hovudtala er klare

Med hovudtal meiner vi her tal for vigslar, skilsmisser og separasjonar for heile landet og fylka, etter mannen sitt bustadfylke ved hendinga. Meir statistikk innafor emnet vil komme hausten 2009.

Denne frigjevinga av hovudtala heng saman med at det vert publisert endelege hovudtal for folkemengd 1. januar og endringstal for kalenderåret og 4. kvartal alt i februar, sjå http://www.ssb.no/folkendrkv/ og http://www.ssb.no/folkemengde/ .

Tabeller: