6044_not-searchable
/befolkning/statistikker/ekteskap/arkiv
6044
22 400 vigslar og vel 11 000 skilsmisser
statistikk
2006-02-23T10:00:00.000Z
Befolkning
no
ekteskap, Ekteskap og skilsmisser, vigslar, giftarmål, vigselstypar (for eksempel borgarleg, statskyrkjeleg, i utlandet), ekteskapslengd, separasjonar, partnarskapBarn, familier og husholdninger, Befolkning
false

Ekteskap og skilsmisser2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

22 400 vigslar og vel 11 000 skilsmisser

I 2005 vart det inngått 22 400 ekteskap her i landet, like mange som dei to åra før. Vel 11 000 ekteskap enda i skilsmisse, mens nærmare 12 800 par vart separerte. Talet på skilsmisser låg på det same høge nivået som året før, mens talet på separasjonar var litt lågare.

Endra publisering - hovudtal er alt klare

Endelege hovudtal for vigslar, skilsmisser og separasjonar siste kalenderår blir frå no av publiserte alt i februar, eit halvt år tidlegare enn åra før. Dette er mogleg fordi Statistisk sentralbyrå utfører dei kontrollane som trengst tidlegare.

Med hovudtal meiner vi her tal for vigslar, skilsmisser og separasjonar for heile landet og fylka, etter mannen sitt bustadfylke ved hendinga. Meir statistikk innanfor emnet vil liggje føre 1. september.

Omlegginga har samanheng med at det frå no av blir publisert endelege hovudtal for folkemengd 1. januar og endringstal for kalenderåret og 4. kvartal alt i februar. Sjå også Befolkningsstatistikk. Folkemengde 1. januar 2006 og endringene i 4. kvartal 2005 og i hele 2005 og Befolkningsstatistikk. Folkemengd etter alder, kjønn, sivilstand og statsborgarskap, 1. januar 2006

Skilsmisser og separasjonar. 1977-2005

Inngåtte ekteskap. 1977-2005

Framleis mange skilsmisser

Talet på skilsmisser i 2005, 11 040, var på same høge nivå som det for 2004, det høgaste som er registrert nokon gong. Årsgjennomsnittet for dei fem siste åra var 10 720, eller vel 1 100 høgare enn gjennomsnittet for femårsperioden før.

Nokre færre separasjonar

Det vart i 2005 registrert vel 400 færre separasjonar enn året før. Talet på separasjonar har variert mellom 12 750 og 13 200 dei fem siste åra, og gjennomsnittet for 2001-2005, 12 900, var 1 100 høgare enn i den førre femårsperioden.

Stabile tal for vigslar

Dei tre siste åra har talet på inngåtte ekteskap lege på knapt 22 400 per år, eller om lag same nivå som mot slutten av 1990-talet. I 2000 og 2002 var tala på vigslar noko høgare, men likevel langt lågare enn i toppåra i perioden 1940-1975 med opp mot 30 000 årleg.

Tabeller: