178811_not-searchable
/befolkning/statistikker/ekteskap/aar
178811
Færre skil og separerer seg
statistikk
2014-08-21T10:00:00.000Z
Befolkning
no
ekteskap, Ekteskap og skilsmisser, vigslar, giftarmål, vigselstypar (for eksempel borgarleg, statskyrkjeleg, i utlandet), ekteskapslengd, separasjonar, partnarskapBarn, familier og husholdninger, Befolkning
false
Statistikken viser tal for ekteskap, separasjonar og skilsmisser i ulike aldersgrupper. I 2013 vart det oppløyst 200 færre ekteskap enn i 2012.

Ekteskap og skilsmisser2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre skil og separerer seg

Talet på skilsmisser og separasjonar har gått ned dei siste åra. Frå 2005 har nedgangen i talet på skilsmisser vore på 12 prosent. I 2013 vart det oppløyst 200 færre ekteskap ved skilsmisse og tatt ut 200 færre separasjonar enn i 2012.

Inngåtte ekteskap, skilsmisser og separasjonar
2013Endringer i prosent
2012 - 20132009 - 20132004 - 2013
Inngåtte ekteskap23 410-3,8-3,84,7
Skilsmisser9 736-1,9-4,9-11,9
Separasjonar10 912-1,6-8,6-17,1

I 2013 vart det inngått 23 400 ekteskap, 10 900 par tok ut separasjon og 9 700 par vart skilde.

For dei som skilde seg i 2013, hadde ekteskapet i gjennomsnitt vara 12,9 år.

I 2013 opplevde 9 000 barn under 18 år at foreldra skilde lag, og 11 900 barn at foreldra vart separerte.

Låg skilsmisserate

Skilsmisseraten for menn var 10,3, medan han var 10,8 for kvinner i 2013. For menn har ikkje denne raten vore lågare sidan 1989, og for kvinner må ein attende til 1999 for å finne ein lågare rate. Skilsmisseraten var høgast for menn i aldersgruppa 45-49 år i 2013, nest høgast var han for aldersgruppa 40-44 år. For kvinner var skilsmisseraten høgast i aldersgruppa 40-44 år, deretter aldersgruppa 35-39 år. Ut frå skilsmissemønsteret i 2013 er det rekna ut at 39,8 prosent av alle inngåtte ekteskap vil ende i skilsmisse, dersom mønsteret held seg. Dette er den lågaste berekna oppløysingsprosenten sidan 1989.

Separasjonsraten for menn var 12,0 i 2013, for kvinner 12,7 . Både for menn og kvinner er dette dei lågaste ratane sidan 1999, som var det første året ratane vart berekna.

76 ektepar av same kjønn vart separerte, og 56 ektepar av same kjønn vart skilde i 2013.

Ekteskap kan oppløysast enten ved skilsmisse eller død. Flest ekteskap vert oppløyste ved at ektefellen døyr. Ved starten av 1950-talet var delen oppløyste ekteskap ved død 84 prosent, medan berre 16 prosent vart oppløyste ved skilsmisse. Etter den tida har skilsmissedelen auka, og i 2004 var delen oppløyste ekteskap ved skilsmisse 43 prosent. Frå då av har denne delen gått litt ned, til 40 prosent. Før 1978 vart det inngått fleire ekteskap enn det vart oppløyst. Frå og med 1978 har talet på oppløyste ekteskap vore høgare enn talet på giftarmål. Etter 2007 har det vore nesten like mange inngåtte som oppløyste ekteskap.

Fortsatt mange som giftar seg

Det var 900 færre inngåtte ekteskap i 2013 enn året før. Sjølv om talet på inngåtte ekteskap gjekk noko ned frå 2012, er det framleis mange som giftar seg. Frå 1992 til 2000 auka talet på par som giftar seg frå 18 600 til ein topp på 25 500 par i 2000. I periodane 2001-2005 og 2006-2010 var gjennomsnitta på høvesvis 23 000 og 23 800.

Fleire giftar seg meir enn ein gong

I perioden 1966-1970 var 89 av 100 par førstegongsvigde, sidan den tida har denne delen gått ned, og i perioden 2006-2010 var delen på 70,7. Samtidig har delen gifte par der begge enten er skilde eller enke/enkemann, auka frå 3,0 i perioden 1966-1970 til 12,2 i perioden 2006-2010.

Stadig auke i gjennomsnittsalder for førstegongsvigde

Gjennomsnittsalderen for førstegongsvigde menn og kvinner var høvesvis 34,2 år og 31,4 år i 2013. Dette utgjer ein auke frå 2012 på 0,1 år for både menn og kvinner. Gjennomsnittsalderen for førstegongsvigde, både menn og kvinner, aukar stadig, med unntak av 2009 og 2010 då han gjekk noko ned.

Giftarmålsraten var i 2013 høgast i alderen 30-34 år både for menn og kvinner. Menn i aldersgruppa 45-49 år hadde ein liten auke i giftarmålsraten frå 2012 til 2013, elles gjekk han ned i alle aldersgruppene frå og med 20 år og oppover. Kvinner hadde ein liten auke i giftarmålsraten for aldersgruppa 50-54 år, elles var det ein nedgang i alle aldersgruppene i høve til 2012.

252 ekteskap mellom par av same kjønn vart inngåtte i 2013, 90 mannlege par og 162 kvinnelege par.