6072_not-searchable
/befolkning/statistikker/ekteskap/aar
6072
Yngre nygifte
statistikk
2010-08-26T10:00:00.000Z
Befolkning
no
ekteskap, Ekteskap og skilsmisser, vigslar, giftarmål, vigselstypar (for eksempel borgarleg, statskyrkjeleg, i utlandet), ekteskapslengd, separasjonar, partnarskapBarn, familier og husholdninger, Befolkning
false

Ekteskap og skilsmisser2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Yngre nygifte

I 2009 vart 24 600 par gifte, 10 200 par vart skilde, og 11 900 par tok ut separasjon. Det er ein liten nedgang i talet på gifte frå året før, medan talet på skilde og separerte var om lag på same nivå som i 2008.

Sjølv om talet på ekteskap gjekk ned med 500 frå året før, er tala for vigslar framleis høge. Utanom eit par år har det ikkje vore fleire giftarmål sidan midten av 1970-talet.

Inngåtte ekteskap, skilsmisser og separasjonar. 1977-2009

Giftarmålsalderen på veg ned

I 2009 gjekk gjennomsnittsalderen til dei som gifta seg, ned for fyrste gong sidan byrjinga av 1970-talet, både for fyrstegongsvigde og for alle vigde. For fyrstegongsvigde i 2009 var gjennomsnittsalderen 33,8 år for menn og 31 år for kvinner. Det er ein nedgang på 0,3 og 0,2 år samanlikna med året før.

Giftarmålsraten høgast i aldersgruppa 30-34 år

Både for menn og kvinner var giftarmålsraten, fyrstegongsvigde per 1 000 av middelfolkemengde av ikkje tidlegare gifte, høgast i aldersgruppa 30-34 år. For menn har giftarmålsraten vore høgast i denne aldersgruppa dei siste 15 åra. For kvinner var denne raten nær like høg i aldersgruppa 25-29 år, slik har det vore dei siste åra.

Eitt av fem par gifta seg i utlandet

I 2009 valde 20 prosent av para å gifte seg i utlandet. Sidan 1986, så langt attende som vi har statistikk, har mengda vigslar i utlandet auka med 15 prosentpoeng.

Flest veljer å gifte seg i august

Ein stor del av vigslane skjer i sumarmånadane, og i alt 47 prosent av vigslane førre året var i månedane juni, juli og august. Nær 20 prosent av dei som gifta seg i 2009, valde august.

Ekteskap per månad. 2009. Indeks

Inga endring i talet på skilsmisser

10 200 par vart skilde førre året. Skilsmisseraten, som vert rekna som skilde per 1 000 gifte og separerte kvinner, var 11,6, som er det same som året før. Skilsmisseraten for menn var høgast i aldersgruppa 40-44 år, og for kvinner var den høgast i aldersgruppene 35-39 år og 40-44 år.

Førre året vart 11 900 separerte, som er 200 fleire enn året før. Separasjonsraten, separerte per 1 000 gifte kvinner, var 14,1.

I 2009 opplevde 10 000 barn under 18 år at foreldra vart skilde, og 13 400 barn under 18 år hadde foreldre som vart separerte.

Frå 1. januar 2009 vart ekteskapslova endra slik at to personar med same kjønn kan inngå ekteskap. Samstundes med den nye lova vart det ikkje lenger mogeleg å inngå registrert partnarskap. Dei som allereie var registrerte partnarar, kunne anten halda fram som det, eller be om å få partnarskapet sitt konvertert til ekteskap.

I det fyrste året med ny ekteskapslov vart 283 par av same kjønn gifte, 105 mannlege par og 178 kvinnelege par. Da partnarskapslova kom i 1993 var det flest menn som inngjekk registrert partnarskap, men sidan 2006 har det vore flest kvinner som har inngått registrert partnarskap.

653 partnarskap, eller 32 prosent av dei 2 014 partnarskapa som stod ved lag ved inngangen til 2009, vart omgjorde til ekteskap i 2009, 293 var mannlege par og 360 var kvinnelege par. Om lag 60 prosent av desse konverteringane skjedde i januar og februar.

I 43 prosent av dei likekjønna ekteskapa var eldste ektefelle busett i Oslo. Gjennomsnittsalderen til eldste ektefelle var 39,5 år, og yngste ektefelle var 34,0 år.

Tabeller: