6042_not-searchable
/befolkning/statistikker/ekteskap/aar
6042
Færre giftar seg i statskyrkja
statistikk
2006-08-30T10:00:00.000Z
Befolkning
no
ekteskap, Ekteskap og skilsmisser, vigslar, giftarmål, vigselstypar (for eksempel borgarleg, statskyrkjeleg, i utlandet), ekteskapslengd, separasjonar, partnarskapBarn, familier og husholdninger, Befolkning
false

Ekteskap og skilsmisser2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre giftar seg i statskyrkja

I 2005 vart det inngått 22 400 ekteskap, som er om lag like mange som dei to tidlegare åra. Talet på skilsmisser låg på det same nivået som året før, medan talet på separasjonar var noko lågare. Men talet på vigslar i statskyrkja gjekk stendig ned.

Inngåtte ekteskap, etter type vigsel. 1994-2005

Både tal for inngåelse og oppløysning av ekteskap heldt seg nær uendra i 2005. 22 400 ekteskapsinngåingar, vel 11 000 skilsmisser og 12 800 separasjonar vart registrerte i fjor. Dei vel 11 000 ekteskapa som vart løyste opp ved skilsmisse i 2005, svarar til 12,6 skilte per 1 000 gifte og separerte, som er det same som i 2004. Til samanlikning var denne rata 11,5 i første part av 1990-talet og 7,8 i første part av 1980-talet. Talet på separasjonar, 12 750, var vel 400 lågare i høve til 2004.

I 2005 vart 62 registrerte partnarskap løyste opp ved skilsmisse, og 60 partnarpar vart separerte.

Under halvparten gifta seg statskyrkjeleg

Det er stadig færre statskyrkjelege vigslar. Om lag 10 600 par, eller 47 prosent, gifta seg statstkyrkjeleg i fjor. Til samanlikning var det 63 prosent som gifta seg statskyrkjeleg i 1995. Medan færre og færre vel statskykjeleg vigsel, vel fleire borgarlege vigslar og vigslar i utlandet. 33 prosent av dei som gifta seg, valde å gifta seg borgarleg, og 17 prosent valde å gifta seg i utlandet.

Før 2005, og så langt attende vi har slik statistikk, har talet på vigslar knytte til andre trussamfunn (dissenter kyrkjelydar) stått for ein liten del av vigslane. Dei har variert mellom 339 (2002) til 540 (1988), og i 2005 var talet stige til 630. I dette inngjekk vigselstal frå Human-Etisk Forbund som fekk vigselsrett i slutten av 2004.

Skilsmissehyppigheit for kvinner i utvalde aldersgrupper. 1981-2005

Flest skilde i aldersgruppa 35-39 år

For menn var det framleis flest som vart skilde i aldersgruppa 35-39 år, sett i høve til talet på gifte og separerte, og for kvinner var det flest i aldersgruppene 30-34 år og 35-39 år. For kvinner auka rata noko i aldersgruppa 30-34 år dei tre siste åra, og for menn og kvinner i aldrane 35-39 år, har rata endra seg ubetydeleg i same periode. Talet på skilde menn og kvinner i aldersgruppene 40-44 år og 45-49 år, sett i høve til gifte og separerte, har stendig auka frå 1999.

På fem år vart 56 100 barn råka av skilsmisse

11 200 barn under 18 år vart råka av at foreldra vart skilde i 2005; det er 400 færre i høve til i 2004. Dei fem siste åra har til saman 56 100 barn under 18 år vorte råka. Statistisk sentralbyrå har ikkje oppgåve over kor mange barn som opplevde at sambuande foreldre flytta frå kvarandre i denne perioden.

Giftermålshyppigheit for førstegongsvigde kvinner i utvalde aldersgrupper. 1971-2005

Førstegongsgifte menn var vel 33 år

Førstegongsgifte menn og kvinner var høvesvis 33,2 år og 30,4 år, i gjennomsnitt i 2005. Gjennomsnittsaldrane auka framleis, slik dei har gjort i ei lang rekkje år. Sett i høve til ikkje tidlegare gifte menn og kvinner under 35 år, var det færre førstegongsgifte under 35 år i 2005 i høve til i 2004. Giftermålsratene var framleis høgast for menn i alderen 30-34 år, og for kvinner i aldrane 25-29 år og 30-34 år.

Menn og kvinner som gifta seg på ny var høvesvis 47,8 år og 43,9 år.

Nær halvparten gifta seg på sommaren

Det er i sommarmånadene juni, juli og august dei fleste vel å gifte seg. I 2005 valde 10 300, eller 46 prosent, å gifte seg sommarstid. Det var berre vel 13 prosent som valde vintermånadene desember, januar og februar. Av sommarmånadene var det august som vart valt av dei fleste, slik det og var i 2003. I 2004 valde dei fleste juli.

Inngåtte registrerte partnarskap, etter kjønn. 1993-2005

Like mange menn som kvinner inngjekk partnarskap

Som i 2004 var det i 2005 192 inngåtte registrerte partnarskap, 97 var mellom 2 menn og 95 mellom 2 kvinner. Sidan 1993, da partnerskapslova trådte i kraft, er det berre i åra 2000 og 2005 som det var omlag like mange kvinner og menn som inngjekk partnarskap. Dei andre åra har det vore langt fleire menn i høve til kvinner.

Endra publisering

Tal for vigslar, skilsmisser og separasjonar for heile landet og for fylka for 2005, vart publiserte alt i februar, eit halvt år tidlegare i høve til åra før, men meir statistikk innafor emnet om sivilstandsendringar ligg føre i denne frigivinga.

Tidlegare publisering av totaltal har vore mogeleg, fordi Statistisk sentralbyrå utfører dei kontrollane som trengst tidlegare, i høve til åra før.

Tabeller: