148792_not-searchable
/befolkning/statistikker/ekteskap/aar-hovudtal
148792
Færre vigslar, skilsmisser og separasjonar
statistikk
2014-02-20T10:00:00.000Z
Befolkning
no
ekteskap, Ekteskap og skilsmisser, vigslar, giftarmål, vigselstypar (for eksempel borgarleg, statskyrkjeleg, i utlandet), ekteskapslengd, separasjonar, partnarskapBarn, familier og husholdninger, Befolkning
false

Ekteskap og skilsmisser2013

Denne publiseringen inneholder lands- og fylkestall. Kommunetall publiseres 21. august 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre vigslar, skilsmisser og separasjonar

I 2013 blei det inngått 23 400 ekteskap, 10 900 par tok ut separasjon, og 9 700 par blei skilde. Sett i høve til 2012 er det ein nedgang for alle dei tre sivilstandsendringane.

Inngåtte ekteskap, skilsmisser og separasjonar
2013Endringer i prosent
2012 - 20132009 - 20132004 - 2013
Inngåtte ekteskap23 410-3,8-3,84,7
Skilsmisser9 736-1,9-4,9-11,9
Separasjonar10 912-1,6-8,6-17,1

Talet på skilmisser har gått ned kvart år sidan 2005, med unntak av 2009. Nedgangen har vore på 12 prosent i løpet av desse åra. Størst var nedgangen i 2006, men han har variert frå år til år. Også for separasjonar har det vore ein nedgang kvart år sidan 2005, med unntak av åra 2008 og 2009.

Talet på inngåtte ekteskap gjekk ned frå 2012, med 900, men det er framleis høvesvis mange som gifter seg, 23 400 vigslar. I perioden 2006-2010 var det i snitt 23 700 vigslar, og før det må ein attende til perioden 1976-1980 for å finne tilsvarande høge tal.

252 ekteskap mellom par av same kjønn blei inngåtte i 2013, 90 mannlege par og 162 kvinnelege par. Talet på inngåtte ekteskap mellom par av same kjønn har vore stabilt dei siste fire åra. Sidan 2006 har det vore fleire kvinnelege par enn mannlege par som har inngått partnarskap (gjaldt fram til 2009) eller ekteskap (frå 2009). I 2005 var det omtrent like mange av kvart kjønn, og før den tid var det flest mannlege par.

I 2013 blei 76 ektepar av same kjønn separerte, og 56 ektepar av same kjønn blei skilde. 32 partnarpar blei separerte, og 38 partnarpar blei skilde.