53258_not-searchable
/befolkning/statistikker/ekteskap/aar-hovudtal
53258
Færre vigslar
statistikk
2011-02-24T10:00:00.000Z
Befolkning
no
ekteskap, Ekteskap og skilsmisser, vigslar, giftarmål, vigselstypar (for eksempel borgarleg, statskyrkjeleg, i utlandet), ekteskapslengd, separasjonar, partnarskapBarn, familier og husholdninger, Befolkning
false

Ekteskap og skilsmisser2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre vigslar

I 2010 blei det inngått 23 600 ekteskap, ein nedgang på 1 000 samanlikna med året før. 10 300 ektepar blei skilde og 11 700 ektepar blei separerte i 2010. Talet på skilsmisser har vore på om lag det same nivået dei siste fire åra.

Skilde per 1 000 gifte og separerte menn. 2010

Inngåtte registrerte partnarskap. 1993-2008. Ekteskap mellom same kjønn. 2009-2010

Ekteskap, partnarskap, skilsmisser og separasjonar. 1975-2010

Sjølv om talet på vigslar har gått ned dei to siste åra, er det framleis høgt, med 23 600 ekteskap i 2010. Ser ein på femårssnitta, må ein attende til 1976-1980 for å finne høgare tal enn gjennomsnittet for dei siste fem åra. Skilsmissetala har vore på same nivå dei siste fire åra, medan talet på separasjonar har gått noko ned frå 2009.

Det var 264 par av same kjønn som gifta seg i 2010. Av desse var det 97 mannelige par og 167 kvinnelige par. Det er nokre færre enn i 2009, som var det første året med ny ekteskapslov. Berre 68 par, mot 6531 par i 2009, valde å gjera om partnarskapet til ekteskap det andre året med ny ekteskapslov.

I 2010 blei 29 ektepar av same kjønn separerte, og 4 ektepar av same kjønn blei skilde. 60 partnarpar blei separerte, og 83 partnarpar blei skilde i 2010.

1  Talet er retta 25. august 2011.

Tabeller: