I årets første kvartal innvandra 14 600 personar til Noreg, og 5 300 personar flytta ut av landet. Det blei fødd 12 900 born, og 11 900 personar døydde. Totalt var folkeauken på 10 300 personar, viser nye tal frå statistikken Befolkning.

– Høgare innvandring og lågare utvandring bidrog til den høgaste folkeauken i 1. kvartal sidan 2015, sjølv om fruktbarheita var lågare og dødelegheita høgare enn i same kvartal i fjor, seier seniorrådgjevar Espen Andersen.

Fruktbarheita sokk

I 2021 steig fruktbarheita for første gong på 12 år, men i årets første kvartal var ho lågare enn før oppgangen i 2021. I alt vart det fødd 12 900 barn, som er det lågaste i eit førstekvartal sidan SSB byrja lage kvartalsstatistikk i dagens form i 1997.

– Det kan sjå ut som auken i fødslar under pandemien var mellombels, seier Espen Andersen.

– Det var flest av dei som allereie hadde barn, som fekk eit barn til under pandemien. Tala våre viser framleis at mange kvinner i denne generasjonen ventar lenger med å få sitt første barn. Så lenge det ikkje er fleire i fruktbar alder som får sitt første barn, vil fruktbarheita truleg halde seg låg også i åra framover, seier Espen Andersen.

Oslo, Nordland og Troms og Finnmark var fylka med størst nedgang i talet på fødslar samanlikna med same kvartal i fjor, målt i prosent. I alle desse fylka sokk fødselstalet med minst ti prosent samanlikna med førre året: I Oslo med 15 prosent, i Troms og Finnmark med 13 prosent og i Nordland med 10 prosent. Desse tre fylka hadde rett nok auka mykje frå første kvartal 2020 til første kvartal 2021.

I 2021 – både i 1. kvartal og for året totalt – var det ein auke i talet på fødslar per kvinne i alle aldersgruppene frå 25–44 år. I årets første kvartal sokk fødselsratane att for alle desse gruppene, og var lågare enn før fjorårets auke. I motsetnad til i 2021 sokk fruktbarheita òg for aldersgruppa 20–24 år.

Figur 1. Fødde i 1. kvartal etter mors alder, per 1 000 kvinner 1. januar

Fleire døde

Talet på døde var 11 900, opp frå 10 100 i same kvartal året før. Noko av auken skuldast at ein stadig større del av befolkninga har kome i aldrar med høgare risiko for å døy, men dødelegheita har auka sjølv om ein tek omsyn til den aldrande befolkninga. Til liks med dei to siste kvartala i fjor, var dødsratane høgare for aldersgruppene over 50 år enn dei var på same tid eitt år tidlegare.

– Dødelegheita var kunstig låg i 2020 og eit stykke inn i 2021 grunna tiltaka mot koronapandemien. Desse verna dei mest sårbare blant oss og gjorde at fleire fekk leve lenger enn under meir normale omstende. No er dei fleste tiltaka borte, og for tredje kvartal på rad var dødelegheita høgare enn på same tid eitt år føre, seier Espen Andersen.

I figur 2 ser vi korleis dødsratane har utvikla seg hjå forskjellige aldersgrupper i 1. kvartal dei siste åra. Den største auken frå 2021 kom blant menn som var 90 år eller eldre.

– Det var nettopp blant desse at dødelegheita sokk mest under pandemien, dermed er det inga overrasking at det er her ho har auka mest igjen dei siste månadene. Dette er ei venta innhenting, seier Espen Andersen.

Figur 2. Døde i 1. kvartal per 1 000 innbyggjarar 1. januar

Få ukrainarar busette i 1. kvartal

Statistikken for 1. kvartal inneheld berre 271 innvandringar av ukrainske statsborgarar. Årsaka til det låge talet er at dei ukrainske flyktningane normalt vert registrert som innvandra først når dei vert busett i ein norsk kommune og får fødselsnummer. Derfor vert dei fleste ukrainarane som flykta til Noreg i første kvartal ikkje rekna som innvandra før i andre kvartal.

Per 18. mai har 6 400 ukrainske statsborgarar vorte registrert innvandra i 2. kvartal, og talet vil auke i vekene framover. Desse 6 400 innvandringane tel ikkje med i statistikken over innvandringar og folketal på slutten av 1. kvartal.