I 2020 var 2. kvartal prega av strenge koronatiltak som bidrog til rekordlåg innvandring. I 2. kvartal 2021 var det derimot 11 600 innvandringar – eit tal som er meir på høgde med kvartala før pandemien, viser dei ferske tala frå statistikken Befolkning.

Talet på utvandringar var svært høgt, men dette skuldast i stor grad etterregistreringar av utvandringar som eigentleg har skjedd i tidlegare kvartal. Dette bidrog til at den registrerte folkeauken var svært låg. I tillegg var det negativ nettoinnvandring, altså fleire utvandringar enn innvandringar. Ein kan lese meir om desse utvandringane i infoboksen nedst i artikkelen.

Korkje folkeauken eller nettoinnvandringa ville vore utanfor det normale utan den ekstraordinære registreringa av utvandringar. Desse tala må derfor tolkast varsamt.

Framleis fleire fødde

Det vart fødd 14 600 barn i 2. kvartal. Det er omtrent 600 fleire enn i same periode i fjor, og høgare enn i noko kvartal sidan 3. kvartal 2019.

9 500 personar døydde i 2. kvartal i år. Det tyder at Fødde minus døde. var på 5 100, som er det høgaste i eit andrekvartal sidan 2017.

– Auken i talet på fødde byrja alt i desember 2020, og har halde fram gjennom både 1. og 2. kvartal, seier Ane Margrete Tømmerås i SSB.

I høve til folketalet var det flest fødde i Oslo, deretter Rogaland og Trøndelag. Nordland er fylket med klart størst auke i talet på fødde samanlikna med 2. kvartal i fjor.

Innlandet og Vestfold og Telemark var fylka med færrast fødde i høve til folketalet. Dei var også dei einaste fylka med nedgang i talet på fødde samanlikna med same periode i 2020.

Figur 1. Fødde per 1 000 innbyggere, 2. kvartal

Samla fruktbarheitstal (SFT) har falle kvart år siden 2009 og var 1,48 i 2020. Dersom utviklinga med fleire fødslar fortset ut 2021, kan vi få den første auken i fruktbarheitstalet på 12 år.

Kvinners gjennomsnittsalder ved fødsel har auka i fleire år. Det har han også gjort hittil i 2021. I 2. kvartal 2020 var han 31,36, mot 31,59 i årets 2. kvartal.

Samanlikna med 2. kvartal i fjor var det ein nedgang i talet på fødde per kvinne i aldersgruppa 15-24 år, medan det var ein tydeleg auke for dei mellom 30-34 år.

Figur 2. Fødde i 2. kvartal, per 1 000 kvinne. 1. januar

Flyttetap i storbyar

Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Tromsø hadde alle ein nedgang i folketalet i 2. kvartal. Felles for desse store byane var at det var innanlandske flyttingar som var hovudårsaka til nedgangen. Det var altså fleire som flytta frå enn til fleire av dei største byane.

Det var Oslo som hadde det største flyttetapet i absolutte tal. Flyttestraumane har vore store, med 9 600 innanlandske utflyttingar og 7 500 innflyttingar. Tala for både utflyttingar og innflyttingar er dei høgaste SSB har målt i 2. kvartal så lenge vi har ført kvartalsvis flyttestatistikk, og gir eit innanlandsk flytteunderskot på over 2 000 personar. Sidan 1997 er det berre i 4. kvartal 2020 at det innanlandske flyttetapet til Oslo har vore større.

Samstundes hadde nærliggande kommunar som Lørenskog, Lillestrøm og Nordre Follo innanlandsk flytteoverskot i same periode.

– Det tyder på at mange av dei som av ulike årsaker flyttar ut av byane vel å slå seg ned i nærliggande kommunar, fordi dei framleis ønsker å ha ei tilknyting til byen, seier Tømmerås.

4 av 11 fylke hadde folkeauke

Viken var fylket med størst vekst i 2. kvartal, mest grunna eit innanlandsk flytteoverskot på 3 500. I den andre enden av skalaen ligg Oslo, Trøndelag, og Troms og Finnmark med dei største innanlandske flyttetapa.

I vårt nordlegaste fylke hadde 23 av 39 kommunar eit innanlandsk flyttetap i 2. kvartal. Likevel sørgde ein auke i talet på tilflyttingar for at det innanlandske flytteunderskotet i Troms og Finnmark var lågare enn i same kvartal 2019 og 2020.

Figur 3. Innanlandske nettoinnflyttingar per 1 000 innbyggjarar. 2. kvartal

4 av 11 fylke hadde folkeauke i 2. kvartal. Sjølv om det er fødselsoverskotet som driv folkeauken dette kvartalet, skil Innlandet og Vestfold og Telemark seg ut med ein nedgang i talet på fødde. Innlandet var dessutan det einaste fylket med fødselsunderskot.

Ettersom mange ikkje melder frå når dei flyttar frå Noreg, kan Skatteetaten registrere personar som utvandra etter ei viss tid utan aktivitet og adresse i Folkeregisteret. Når desse utvandringane blir registrert, vert dei kalla vedtaksutvandringar. I 2. kvartal sto denne typen utvandringar for nesten heile auken i utvandringar, medan det var lite endring i utvandringar elles.