2021 vart eit år med meir normal folkeauke, etter at Noreg i det første året av pandemien hadde den lågaste folkeveksten på nesten 20 år. Det syner nye tal frå statistikken Befolkning.

Årsaka til den låge veksten i 2020 var i hovudsak svært låg innvandring grunna tiltaka mot koronapandemien. Samanlikna med 2020 auka talet på innvandringar med 15 900 i 2021, til ein total på 53 900. Dette er på nivå med åra mellom 2017 og 2019.

Også talet på fødde auka i 2021, og bidrog til folkeveksten. Det vart fødd 3 100 fleire i 2021 enn i 2020, etter at fødselstalet hadde sokke kvart år frå 2014 til 2020. I alt vart det fødd 56 100 barn i 2021.

– Det vert framleis fødd få barn i eit historisk perspektiv, så etter ein såpass stor auke frå 2020 til 2021 blir det spanande å sjå om oppgangen fortset i åra framover, seier demograf Ane Tømmerås.

Med 42 000 døde i løpet av året enda fødselsoverskotet – talet på fødde minus talet på døde – på 14 100. Det er ein auke på 1 700 samanlikna med 2020.

Talet på døde auka med 1 400 frå 2020. Tømmerås seier at ei litt høgare dødelegheit var venta.

– Dødelegheita var låg i 2020, og dessutan har befolkninga vorte eldre. Dermed er det ikkje unaturleg at det døydde litt fleire i 2021, forklarar Tømmerås.

SSB publiserer detaljert statistikk om fruktbarheit og dødelegheit 9. mars.

Folkevekst i alle fylke utanfor Nord-Noreg

I 2021 var det folkevekst i alle fylka utanom dei to nordnorske. Det tyder at Innlandet gjekk frå nedgang i 2020 til oppgang i 2021. Veksten var sterkast i Viken, der det vart 13,5 nye innbyggjarar for kvar 1 000.

– Begge dei nordnorske fylka hadde fødselsoverskot og positiv nettoinnvandring, altså fleire innvandringar enn utvandringar. Det var innanlandsk fråflytting som gjorde at befolkninga i nord minka i 2021, seier Tømmerås.

– Men samanlikna med året før, var det i dei nordnorske fylka at fødselstalet auka mest. I Nordland vart det fødd 13,7 prosent fleire barn enn i 2020. For Troms og Finnmark var auken på 9,6 prosent, fortset Tømmerås.

– Dessutan heldt folkeveksten fram i urbane kommunar som Bodø, Harstad, Tromsø og Alta, poengterer Tømmerås.

Også i Senja og Rana var det ein liten folkevekst igjen etter to år på rad med befolkningsnedgang på over 100 personar.

Låg vekst i Oslo

Oslo hadde ein folkevekst på 2 800 personar. Det er det lågaste sidan 2000, og fylket hadde fleire år med folkevekst på over 10 000 personar i mellomtida.

– Både fødselsoverskotet og innvandringa til Oslo auka. Det som trekker folkeveksten i hovudstaden ned, er ein auke i talet på flyttingar til andre stader i Noreg, seier Tømmerås.

Ho peiker på to ting som er viktig å ha med seg når ein tolkar desse tala:

– I fjerde kvartal 2021 var det færre utflyttingar enn i same periode i 2020. Det kan tyde på at auken i utflyttingar har flata ut, sjølv om det er for tidleg å seie det sikkert.

– For det andre flyttar Oslo-folk stort sett til andre sentrale kommunar, spesielt dei som ligg nær Oslo, til dømes Bærum, Lillestrøm og Lørenskog. Mange av dei som flyttar frå Oslo kommune, blir altså buande i tettstaden Oslo eller i eit anna byområde. Det er ikkje snakk om ein stor flyttestraum frå by til land, seier Tømmerås.

Nedgangen heldt fram i dei minst sentrale kommunane

SSB deler kommunane inn i seks grupper etter kor SSB nyttar nærleik til blant anna arbeidsplassar og servicefunksjonar til å måle sentralitet. Sjå kva kommunar som høyrer til kva sentralitetsnivå her: https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/128/korrespondanser/619. dei er. I 2021 var det høgare folkevekst enn i 2020 på alle dei seks nivåa, mykje grunna auken i fødslar og innvandringar. Likevel minka befolkninga i dei to minst sentrale nivåa for femte året på rad.

– Det har i lang tid vore slik at ein større og større del av befolkninga bur i dei sentrale kommunane. Dette heldt fram i 2021, seier Tømmerås.

I dag bur 45 prosent av befolkninga i kommunane som utgjer dei to høgaste sentralitetsnivåa. Her finn vi blant anna dei største byane og kommunane rundt desse. Dette er 5,5 prosentpoeng meir enn for 30 år sidan, og 1,7 prosentpoeng fleire enn for ti år sidan.

– Andelen av befolkninga som bur i sentrale kommunar gjer ikkje kjempesprang frå år til år, men veks litt kvart år. Over tid vert endringane store, seier Tømmerås.

Til samanlikning er det som regel ein liten befolkningsnedgang på dei to lågaste sentralitetsnivåa. Mellom 1992 og 2022 har det gjeve eit samla folketap på 58 500 for desse kommunane. For 30 år sidan budde 18,4 prosent av befolkninga i desse kommunane. Det talet er no 13,4 prosent.

Finn tal for din kommune

Under finn du lenker til ferdige tabellar med nøkkeltal for alle kommunar sortert etter fylke.

Viken

Oslo

Innlandet

Vestfold og Telemark

Agder

Rogaland

Vestland

Møre og Romsdal

Trøndelag

Nordland

Troms og Finnmark