I 2021 vart det inngått 9 100 separasjonar her til lands, viser nye tal frå statistikken Ekteskap og skilsmisser.

Det er 1 000 færre enn i fjor og det lågaste talet sidan 1980. Talet på skilsmisser var òg svært lågt, og enda i fjor på 8 900. Samanlikna med fjoråret er nedgangen svært stor for både skilsmisser og separasjonar.

– Mange har venta ein auke i talet på separasjonar og skilsmisser grunna slitasje i nære relasjonar som følgje av korona-tiltaka. Nedgangen i 2020 og 2021 går langt i å avkrefte dette, seier Karstein Sørlien i SSB.

– Dei siste ti åra har det vorte jamt mindre vanleg å skilje seg , spesielt blant dei over 35 år. I 2021 var hovudårsaka til nedgangen at det var færre i aldersgruppa 40-49 år som skilde seg enn i 2020, seier Karstein Sørlien.

Figur 1. Skilsmisser og separasjonar

Framleis få vigslar

Frå 1996 til 2017 var det mellom 22 000 og 24 000 vigslar i året, men dette talet har sidan sokke monaleg. I 2020, det første året med koronatiltak, var det ein kraftig nedgang til 16 200 vigslar. 2021 synte ei stabilisering rundt dette nivået med 16 100 vigslar.

– Framhaldet av pandemien, med ein kvardag prega av smitteverntiltak, var nok med på å bidra til at færre valde å gifte seg i 2021 enn tidlegare, seier Karstein Sørlien.

Figur 2 viser talet vigslar per månad for 2021 målt opp mot gjennomsnittet for dei fem siste åra. Han syner at det framleis er sommarmånadene juni, juli og august som er dei mest populære månadene for giftarmål. Samstundes er det òg i desse månadene at nedgangen i vigslar har vore størst samanlikna med dei fem åra føre.

Figur 2. Tal vigslar etter månad

Giftar seg seinare

Det har òg vore endringar i når i livet ein vel å inngå ekteskap. Figur 3 viser delen av kvinner i ulike aldersgrupper som gifta seg for første gang i løpet av året. Han syner altså kor vanleg det er å gifte seg for første gang i dei ulike aldersgruppene.

Figuren viser at andelen kvinner mellom 20-24 år som vel å inngå sitt første ekteskap har gått kraftig ned dei siste 40 åra, medan endringa for dei over 35 år har vore heller lita. Utviklinga er mykje den same for menn.

Figur 3. Førstegangsvigde per 1 000 kvinner etter aldersgrupper