Størst folkevekst i Akershus

Publisert:

Endret:

Folkemengda i Noreg er berekna til 5 297 000 innbyggjarar per 31. desember. Det gir ein folketilvekst på 38 500, eller 0,7 prosent i 2017. Akershus vil få den største folkeveksten, mens Sogn og Fjordane blir det einaste fylket med negativ folkevekst.

For landet som heile har ikkje folkeveksten vore så liten sidan 2005, viser statistikken Folkemengde og befolkningsendringar. Nedgangen i folkeveksten heng hovudsakeleg saman med redusert nettoinnvandring til landet.

Berekningane viser at talet på dei som innvandra minus talet på dei som utvandra, ikkje har vore så lågt sidan i 2006.

I høve til folketalet viser berekningane at dei sentrale kommunane Nannestad, Ullensaker, Ås og Lørenskog, alle i Akershus, vil få den sterkaste folkeveksten.

Berekningane viser venta folketal ved utgangen av året 2017, og kommuneendringar som er venta 1. januar 2018, er difor ikkje tekne med.1

1 Figuren "Fødselsoverskot, nettoinnvandring og folkevekst" er fjernet fra publiseringen.

Figur 1. Berekna folkevekst. Fylke. 2017¹

Prosent
Finnmark Finnmárku 0.0
Troms Romsa 0.5
Nordland 0.3
Nord-Trøndelag 0.4
Sør-Trøndelag 1.1
Møre og Romsdal 0.2
Sogn og Fjordane -0.2
Hordaland 0.6
Rogaland 0.3
Vest-Agder 1.4
Aust-Agder 0.5
Telemark 0.2
Vestfold 0.9
Buskerud 0.8
Oppland 0.2
Hedmark 0.4
Oslo 0.9
Akershus 1.6
Østfold 0.9
Heile landet 0.7

Om berekningane

Folkevekst og folkemengd er berekna ut frå folkeregisteropplysningar om fødslar, dødsfall og flyttingar som var komne inn før 1. desember 2017. For desember 2017 er det i kvar kommune rekna med om lag tilsvarande endringar i folkemengd som i desember 2016. Dersom mønsteret for flyttingar, fødslar og dødsfall i desember 2017 viser seg å bli mykje ulikt det i desember året før, vil dei endelege tala for folkemengd 31. desember 2017 (og folketilveksten i 2017) avvike i samsvar med dei nye endringane.

For nokre kommunar vil difor berekna folketal 31. desember 2017 sjå ut som om ei utvikling er broten, utan at det er tilfellet. Som regel vil dette gjelde små kommunar. Ein lyt difor sjå på berekna tal som førebels informasjon.

 

 

Faktaside

Kontakt