Stadig mindre folkeauke

Publisert:

Folketalet vaks med 11 200 personar i tredje kvartal. Dermed budde det 5 356 800 personar i Noreg då kvartalet var over.

Takk vere sesongvariasjonar var folkeauken og fødselsoverskotet høgre i tredje kvartal enn i dei tre føregåande kvartala, men samanlikningar med tidlegare års tredjekvartalstal syner at folkeauken i Noreg held fram med å bremse opp. Det viser nye tal frå statistikken Befolkning

Årvisse rørsler i befolkningsutviklinga

Det tredje kvartalet er ei tid på året med fleire fødslar, færre dødsfall og høgre nettoinnvandring enn dei andre kvartala. Soleis er det inga overrasking at alle desse punkta gjev oss ein monaleg større folkeauke i tredje kvartal enn vi såg i dei tre kvartala som kom føre. 

Men om vi held tala opp mot tredjekvartalstal frå dei siste ti åra, ser vi at folkeauken stadig sakkar på farten. Folkesetnaden vaks med 2,1 personar per 1 000 innbyggjarar i årets tredje kvartal; tilsvarande tal har falle jamt sidan 2012, då det låg på 4,1.

Figur 1. Folkevekst per 1 000 innbyggjarar i tredje kvartal

Folkevekst per 1000 innbyggjarar
2010 4.1218423
2011 4.03928628
2012 4.10097602
2013 3.63707918
2014 3.64712705
2015 3.07824947
2016 2.92497125
2017 2.3705414
2018 2.1793342
2019 2.09112209

Færre fødslar og innvandringar

Det har vorte registrert 42 300 fødslar i årets ni første månader, 500 færre enn i same tidsrom i fjor. Av desse vart 14 700 registrert i tredje kvartal, noko som gjev 2,7 fødslar per 1 000 innbyggjarar i kvartalet.

Som ein kan sjå av Figur 2, har talet på fødslar per 1 000 innbyggjarar aldri vore lågare i årets ni første månader på denne sida av årtusenskiftet. 

Figur 2. Fødslar per 1 000 innbyggjarar i årets tre første kvartal

Fødslar ved 1000 innbyggjarar
2000 10.2159377
2001 9.73019689
2002 9.38226737
2003 9.45121497
2004 9.54682963
2005 9.47071506
2006 9.68354043
2007 9.55103154
2008 9.77783732
2009 9.83807388
2010 9.62366068
2011 9.38813953
2012 9.28550828
2013 8.98106198
2014 8.90905827
2015 8.84041208
2016 8.75202355
2017 8.32147948
2018 8.05721371
2019 7.92643819

Også innvandringa har sokke etter toppåra i byrjinga av tiåret, sjølv om ho stadig er høgre enn i åra kring 2000. Nettoinnvandringa for siste kvartal var 6 200, det lågaste talet for eit tredjekvartal sidan 2006. Som ein ser av Figur 3 nedanfor, har ho likevel vore ganske stabil det siste året. På same tid som det har vorte færre innvandringar, har det nemleg òg vorte færre utvandringar.

Figur 3

Figur 3. Innvandring, utvandring og nettoinnvandring. Fire kvartals glidande snitt

Opprydding i folkeregisteret

Om lag ein tredel av utvandringane siste året gjeld personar som Skattedirektoratet har gjort vedtak om å utvandre. Dette er personar som ikkje lenger har opphaldsløyve, eller som har flytta frå landet for lengre tid sidan utan å melde frå.

Asylsøkjarar ikkje med i statistikken

Asylsøkjarar som enno ikkje har fått opphaldsløyve i Noreg, vert ikkje registrerte som busette i folkeregisteret, og dei er difor ikkje med i statistikken som innvandra. Ein må vente til Utlendingsdirektoratet (UDI) har fått handsama søknadene deira før dei vert synlege i befolkningsstatistikken.

Kontakt