Redusert innvandring og færre fødslar

Publisert:

Liten innvandring og få fødslar ga redusert folketilvekst i 2017. Det har ikkje blitt fødd så få barn sidan 2003.

Folketalet voks med 37 300 i 2017 som er ein nedgang frå 44 300 året før. Ved årsskiftet budde det 5 295 600 personar her i landet, viser kvartalstal frå statistikken over folkemengd.

Den svake folkeveksten er eit resultat av eit fødselsoverskot på 15 900 og ei netto innvandring på 21 300. Vi må tilbake til 2005 for å finne mindre tal for både fødselsoverskot og nettoinnvandring, og dermed også folkevekst. 

Figur 1

Figur 1. Fødselsoverskot, nettoinnvandring og folkevekst. 1988-2017

Liten innvandring og stor utvandring

Det flytta 58 200 personar til Noreg i 2017, samstundes utvandra det 36 800 personar. Nettoinnvandringa vart dermed på 21 300. Det innvandra nærare 8 000 fleire statsborgarar frå Europa enn statsborgarar frå resten av verda. Likevel stod statsborgarar frå land utanfor Europa for 90 prosent av nettoinnvandringa. Grunnen til dette er at det også utvandra svært mange europeiske statsborgarar, medan få med statsborgarskap frå land utanfor Europa utvandra.

Det var størst netto utvandring av statsborgarar frå Noreg, Island, Sverige, Estland, Tyskland og Slovakia. Netto utvandra det 1 800 norske statsborgarar medan nettoutvandringa for dei andre landa som toppar lista, varierte mellom 500 og 100.  Framleis kjem det fleire polske statsborgarar enn det reiser ut. Men talet er på veg ned. I 2017 var det ei netto innvandring frå Polen på 700 personar. Det er den minste nettoinnvandringa frå Polen sidan arbeidsmarknaden vart opna for dei nye EU-landa i Aust-Europa i 2004. Dei to siste åra har vi sett ei netto utvandring av statsborgarar frå Polen og dei baltiske landa i 4. kvartal.  I det siste kvartalet i 2017 utvandra det litt over 1 200 fleire statsborgarar frå desse landa enn det innvandra.

Figur 2. Nettoutvandring etter statsborgarskap. 4. kvartal 2017

Norge Polen Litauen Estland Latvia Storbritannia Romania Island Slovakia Frankrike
Nettoutvandring 714 640 252 161 156 147 121 91 86 51

Få fødde og få døde

Det knappe fødselsoverskotet er først og fremst eit resultat av at det berre blei fødd 56 600 levandefødde born i fjor. I løpet av dei siste 30 åra har vi berre sett mindre tal på fødde i 2002 og 2003. Før 1988 var det også ein periode med lågare fødselstal, men den gongen var det godt over ein million færre innbyggarar her i landet.

Figur 3

Figur 3. Levendefødte, døde og fødslesoverskot. 1970-2017

Vi er inne i ein periode med relativt få dødsfall. I 2017 døydde det 40 800 personar, om lag det same talet som året før. Vi må om lag 40 år tilbake for å finne færre døde. Grunnen til at det er så få som døyr for tida, er at det er dei små fødselskulla i det siste tiåret før andre verdskrigen som nå har nådd dei aldersgruppene då det døyr flest.

Opprydding i folkeregisteret

Om lag ein tredel av utvandringane siste året gjeld personar som Skattedirektoratet har gjort vedtak om å utvandre. Dette er personar som ikkje lenger har opphaldsløyve, eller som har flytta frå landet for lengre tid sidan utan å melde frå.

Asylsøkjarar

Asylsøkjarar som enno ikkje har fått opphaldsløyve i Noreg vert ikkje registrerte som busette i folkeregisteret og er difor ikkje registrerte som innvandra. Ein må vente til Utlendingsdirektoratet (UDI) har fått handsama søknadene deira før dei vert synlege i befolkningsstatistikken.