Lågare folketal i 201 kommunar

Publisert:

Ved utgangen av juni budde det 5 345 600 personar i Noreg. I første halvår auka folketalet med 17 400, men berre 208 av landets 422 kommunar tok del i auken. Folketalet gjekk nemleg ned i 201 kommunar i same periode.

Det var i allereie folkerike kommunar at ein vart fleire. I kommunane kor folketalet auka i første halvår, budde det i gjennomsnitt 20 300 personar ved utgangen av juni. Til samanlikning budde det i gjennomsnitt 5 200 personar i kommunane kor det var nedgang i folketalet, viser statistikken Befolkning

Folkeauken var òg ulikt fordelt blant landsdelane. I alt var det fem fylke med nedgang i folketalet i første halvår – dei tre fylka i Nord-Noreg, og dessutan Oppland og Sogn og Fjordane.

Stadig mindre innvandring

Som SSB skreiv i april, har dei siste åras minkande innvandring bidrege til flyttetap for mange utkantkommunar. I årets andre kvartal vart det registrert 10 600 innvandringar. Dette er færre enn i årets første kvartal, og det lågaste talet for noko kvartal sidan 2006. Likevel vart det registrert positiv nettoinnvandring, altså fleire innvandringar enn utvandringar, i alle fylka. Dimed verka inn- og utvandringsmønstera framleis dempande på den nedgangen i folketalet som fann stad i visse fylke.

Annleis då med flyttingar innom landet. Desse bidreg til folkevekst i nokre fylke og nedgang i folketalet i andre, som ein kan sjå av Figur 1.

Figur 1. Nettoinnflytting. Innanlandsk og frå utlandet. 2. kvartal 2019

Nettoinnflytting, innanlandsk Nettoinnflytting frå utlandet
Heile landet 0.00 0.88
Østfold 2.79 0.83
Akershus 2.18 0.95
Oslo -1.14 1.53
Hedmark 0.29 0.46
Oppland -1.16 0.72
Buskerud 1.15 0.92
Vestfold 1.83 0.62
Telemark 0.16 0.71
Aust-Agder 0.97 0.68
Vest-Agder -0.97 0.46
Rogaland -0.06 0.79
Hordaland -0.46 0.54
Sogn og Fjordane -1.41 1.17
Møre og Romsdal -0.67 0.57
Trøndelag -0.90 0.80
Nordland -1.07 1.18
Troms Romsa -3.65 1.07
Finnmark Finnmárku -1.52 1.29

I andre kvartal var det netto innanlands fråflytting i alle fylka i Nord-Noreg og på Vestlandet, mens eit fleirtal av fylka på Austlandet hadde ei netto tilstrøyming. Dette er eit framhald av dei innanlandske flyttemønstera som SSB skreiv om då tala for første kvartal vart publisert. Det var Østfold som hadde flest netto innanlandsflyttingar i høve til folketalet, med 2,79 per 1 000 innbyggjarar. I motsett ende av skalaen låg Troms, med -3,65 netto innanlandsflyttingar per 1 000 innbyggjarar.

Færre fødslar

I samband med publiseringa av befolkningstala for første kvartal spurde SSB om den langvarige trenden med færre fødslar kunne vere i ferd med å snu. Det ser no ikkje ut til å vere tilfelle – fødselstala for andre kvartal syner at den nedgåande trenden frå dei seinare åra heldt fram. I alt vart det registrert 14 200 fødde i Noreg i andre kvartal, eller 2,67 fødde per 1 000 innbyggjarar. På grunn av sesongvariasjonar er dette fleire enn i første kvartal, men tek ein omsyn til desse variasjonane og samanliknar med tal for andre kvartal i tidlegare år, vert trenden nedover tydeleg.

Figur 2

Figur 2. Fødde i andre kvartal, og fødde i andre kvartal per 1 000

I høve til folketalet vart det fødd flest born i Oslo og færrast i Hedmark, høvesvis 3,63 og 2,07 born per 1 000 innbyggjarar.

Opprydding i folkeregisteret

Om lag ein tredel av utvandringane siste året gjeld personar som Skattedirektoratet har gjort vedtak om å utvandre. Dette er personar som ikkje lenger har opphaldsløyve, eller som har flytta frå landet for lengre tid sidan utan å melde frå.

Asylsøkjarar ikkje med i statistikken

Asylsøkjarar som enno ikkje har fått opphaldsløyve i Noreg, vert ikkje registrerte som busette i folkeregisteret, og dei er difor ikkje med i statistikken som innvandra. Ein må vente til Utlendingsdirektoratet (UDI) har fått handsama søknadene deira før dei vert synlege i befolkningsstatistikken.

Kontakt