Ikkje sidan 1927 har det vore så få bryllaup i Noreg

Publisert:

Det var 16 200 vigsler i 2020, ein nedgang på 19 prosent frå 2019 og det lågaste talet sidan 1927. Nedgangen har truleg samanheng med koronapandemien og myndigheitenes tiltak mot han.

– Førre gang det var så få vigslar i løpet av eit år budde det 2 771 000 personar i landet, altså berre litt over halvparten av folketalet i 2020, seier Ane Margrete Tømmerås i SSB.

Talet på vigslar var nokså stabilt frå midten av 1990-talet til midten av 2010-talet, før det har sokke i åra etterpå. Nedgangen på 3 000 vigslar frå 2019 til 2020 manglar sidestykke, og er den største nedgangen frå eitt år til eit anna sidan 1919.

Brattast nedgang på våren og sommaren

Nedgangen i talet på vigslar var altså uvanleg bratt, men han fordelte seg ikkje jamt utover året. Samanliknar ein 2020 månad for månad med eit gjennomsnitt for åra 2015-2019, vert biletet meir nyansert. Figur 1 viser blant anna at det var ein stor auke i februar.

– Det heng truleg saman med at det var fem laurdagar i februar månad i 2020, og ein av dei var attpåtil skotårsdagen. Dette var også før koronatiltaka blei iverksette. Samstundes var det også fleire vigsler i oktober og desember samanlikna med åra før, seier Tømmerås.

Figur 1. Vigsler per månad

Januar Februar Mars April Mai Juni Juli August September Oktober November Desember
2020 754 1179 609 609 1136 1944 1731 2802 1577 1623 951 1236
2015-2019 776.4 916.2 962 1110 1874.2 3477.8 3095.4 3822.8 2187.4 1320 948 1087.8

Vår- og sommarmånadene hadde synleg færre vigsler enn i åra før. Til dømes var det 300 færre vigsler i både mars og april enn i dei same månadene i 2015-2019. August er framleis den vanlegaste månaden for å inngå giftarmål, sjølv om dette var månaden med størst minke i talet på vigsler frå året før.

– Tala viser at korona-tiltaka frå 12. mars 2020 gjorde at mange utsette bryllaupet. Om dette leier til ein auke i 2021, ettersom mange av dei utsette bryllaupa kanskje skal gjennomførast i år i staden for, vil vise seg, seier Tømmerås.

Gjennomsnittsalderen for gifte held fram med å auke

Medan talet på vigsler fell, auka gjennomsnittsalderen for dei som gifta seg for første gong til 36,7 år for menn og 34,1 år for kvinner. Dette er ein auke på om lag eitt år for begge kjønn.

– Dette er ein uvanleg stor auke i gjennomsnittsalder ved giftarmål frå eitt år til eit anna, noko som kan tyde på at det var mange unge som utsette bryllaupet i 2020, seier Tømmerås.

Elles viser figur 2 at gjennomsnittsalderen ved første giftarmål har auka med nesten 11,5 år for begge kjønn i tida frå 1975.

Figur 2. Gjennomsnittsalder ved første giftarmål

Menn Kvinner
1974 25.3 22.8
1975 25.3 22.9
1976 25.5 22.9
1977 25.7 23.1
1978 25.9 23.2
1979 26.1 23.6
1980 26.2 23.6
1981 26.3 23.7
1982 26.5 24.0
1983 26.8 24.3
1984 27.0 24.4
1985 27.5 24.9
1986 27.5 24.9
1987 27.9 25.3
1988 28.1 25.5
1989 28.3 25.8
1990 28.8 26.2
1991 29.0 26.4
1992 29.2 26.6
1993 29.4 26.9
1994 29.8 27.2
1995 30.0 27.6
1996 30.5 28.0
1997 30.6 28.3
1998 31.1 28.6
1999 31.6 28.9
2000 31.8 29.2
2001 32.0 29.3
2002 32.2 29.5
2003 32.5 29.7
2004 32.9 30.0
2005 33.2 30.4
2006 33.4 30.6
2007 33.7 30.8
2008 34.1 31.2
2009 33.8 31.0
2010 33.8 30.9
2011 34.0 31.1
2012 34.1 31.3
2013 34.2 31.4
2014 34.3 31.6
2015 34.4 31.8
2016 34.6 31.9
2017 34.9 32.3
2018 35.0 32.5
2019 35.5 33.1
2020 36.7 34.1

Færre separasjonar og skilsmisser

Trass spekulasjonar om auke i talet på separasjonar og skilsmisser som følgje av korona-tiltaka, vart det færre av begge. I 2020 var det 250 færre skilsmisser og 310 færre separasjonar enn i 2019.

Figur 3 viser at vi må attende til 2015 for å finne ein tilsvarande minke. Den meir langvarige nedgangen i talet på separasjonar og skilsmisser heng saman med at færre og færre giftar seg og i staden er sambuarar.

Figur 3. Separasjonar og skilsmisser

Skilsmisser Separasjoner
1974 5061 6460
1975 5406 6943
1976 5648 7237
1977 5912 7497
1978 6063 7486
1979 6441 8271
1980 6466 8641
1981 6937 9183
1982 6973 9843
1983 7472 9942
1984 7781 10079
1985 8090 10193
1986 7813 10117
1987 8342 10616
1988 8689 11307
1989 9163 12480
1990 10055 12825
1991 10164 12350
1992 10106 12146
1993 10805 11928
1994 10795 11882
1995 10183 11968
1996 9836 11125
1997 9813 11464
1998 9213 11579
1999 9124 11883
2000 10053 12896
2001 10308 12752
2002 10450 13005
2003 10757 12772
2004 11045 13167
2005 11040 12758
2006 10598 12146
2007 10280 11413
2008 10158 11742
2009 10235 11935
2010 10228 11740
2011 10207 11238
2012 9929 11094
2013 9736 10912
2014 9556 10824
2015 9306 10507
2016 9345 10842
2017 9848 10594
2018 9545 10630
2019 9609 10422
2020 9355 10115

Faktaside

Kontakt