Diplomatiet, ein mannsbastion

Publisert:

Berre ein av ti norske ambassadørar er kvinner og heile 97 prosent av konsulane er menn. Utanrikstenesta har ikkje klart å hengje med i utviklinga mot lik tilgang for kvinner og menn i høgare stillingar.

Av Stein Terje Vikan

 

Ambassadørar og konsular vert utnemnt av regjeringa, og ein skulle såleis forventa at auken i kvinner i politikken ville føre til auke i desse toppstillingane, på lik linje med andre toppstillingar innan forvaltninga. Også samanlikna med andre land, kjem den norske utanrikstenesta eit stykke ned på lista. USA og Canada har høgast prosentdel kvinnelege ambassadørar med 22 og 18 prosent. Sverige har 13 prosent kvinnelege ambassadørar, medan Finland ligg lågt med berre 3 prosent. Finland har derimot 27 prosent kvinnelege konsular mot Sverige sine 10. I det heile kjem dei fleste land ikkje i nærleiken av likestilling når det gjeld stillingar som ambassadørar og konsular

Også eit stykke igjen blant statsråder...

I Noreg, som i mange andre land, er det ein større prosentdel kvinner i regjeringa enn i den lovgjevande forsamlinga. I 1999 var 42 prosent av den norske regjeringa kvinner. Det var framleis eit lite stykke igjen til Sverige som i 1999 hadde full likestilling på regjeringsnivå; like mange kvinner som menn. Også Finland hadde ein større prosentdel enn Noreg, med 44 prosent. Island skil seg ut blant dei nordiske landa med ein kvinnedel i regjeringa på berre 10 prosent. Elles i Vest-Europa er det tre land i sør, Hellas, Spania og Portugal, som skil seg ut i negativ retning, medan Tyskland følgjer etter dei tre nordiske landa på topp. Sjølv om det i nokre land er ein relativt stor prosentdel kvinner i regjeringa, er det framleis slik i dei fleste landa at kvinnelege regjeringsmedlemer stort sett har ansvaret for "mjuke" departement, det vil seia helse, sosial, kultur og utdanning.

Det er ikkje berre dei politisk valde stillingane som gjev makt. Lik tilgang for kvinner og menn på høgare stillingar innan den offentlege forvaltninga er viktig i eit likestillingsperspektiv. Prosentdel kvinner blant departementsrådar gjev eit bilete på stoda i forvaltninga. Her har Noreg langt fram til dei beste i klassa. Med berre 10 prosent kvinner blant departementsrådane ligg me langt bak Sverige med 34, Austerrike med 33 og USA med 29 prosent. Også Finland ligg godt føre oss med 15 prosent kvinner. Meir overraskande er det kanskje at Italia, som ikkje er kjent for å vera i likestillingsfronten, også har ein større prosentdel kvinnelege departementsrådar, med 12 prosent. Av vestlege land me har tal for her, er det Danmark som kjem klart dårlegast ut i eit likestillingsperspektiv. I 1999 var det inga kvinner blant departementsrådane i Danmark.

Det er felles for dei fleste land at det i toppstillingane i forvaltninga er færre kvinner enn det er blant dei valde politiske stillingane. Ei av årsakene til dette kan vera at ansiennitet og erfaring tel meir i tilsetjingar i forvaltninga enn i politiske val. Den raske endringa me har sett innanfor dei politiske verva når det gjeld kvinnedeltaking, vil kan hende også finna stad i forvaltninga, men i eit seinare tempo. Etter som fleire kvinner deltek i arbeidslivet og skaffar seg erfaring og ansiennitet, må me forvente at fleire kvinner vil konkurrere om toppstillingane også i forvaltninga.

Samanlagt gull til Norden

Sjølv om altså ikkje alle mål på likestilling er like flatterande for Noreg, hamnar de i nordiske landa nær eller heilt på toppen i dei fleste internasjonale samanlikningar. På UNDP (FN sitt utviklingsprogam) sin likestillingsindeks for 2000, Gender Empowerment Measure, tronar Noreg på toppen framfor dei fire andre nordiske landa.

 

Eit viktig aspekt ved likestilling er som nemnt tilgang til politiske og administrative nøkkelposisjonar der viktige avgjersler som påverkar samfunnsutviklinga vert tekne. Ser me på prosentdel kvinnelege medlemer i lovgjevande forsamlingar, kjem dei nordiske landa godt ut. Samanlikna med andre europeiske og nordamerikanske land, er det Sverige som i 2000 har størst prosentdel kvinnelege medlem (43 prosent), framfor Danmark (37) og Finland (37). Noreg hamnar på ein fjerdeplass med 36 prosent kvinner på Stortinget. Av dei største landa i EU er det berre Tyskland med 31 prosent som har meir enn 30 prosent kvinner i lovgjevande forsamling. Til samanlikning har Storbritannia 18 prosent og Italia og Frankrike 11 prosent.

I 2000 var det 7 land i Europa og Nord-Amerika som hadde ein kvinnedel i lovgjevande forsamling på over 30 prosent. Dette er ein auke på 3 land sidan 1990, då berre dei nordiske landa Noreg, Sverige, Finland og Danmark hadde nådd denne grensa. I 1980 hadde ingen nådd dette nivået. Denne grensa på 30 prosent kvinner vert ofte rekna som naudsynt for at kvinner sitt syn skal få verkeleg gjennomslag i politikken.

Dei fleste landa i Europa har no målretta tiltak for å auka kvinnedeltakinga på ulike samfunnsarenaer. Likevel varierer effekten av desse tiltaka frå mykje retorikk til klare tidsavgrensa mål. Det er difor kan hende ikkje rart at når ein ser på utviklinga i prosentdel kvinner i lovgjevande forsamling dei siste 10 åra, har ho vore svært ulik i ulike land i regionen. Medan spesielt dei nordiske landa har hatt ein klar auke, har det i mange andre vestlege land gått ganske sakte. I 1990 hadde 3 av dei noverande 15 EU-landa ein kvinnerepresentasjon på over ein fjerdedel, i 2000 var det 6. Dei aller fleste hadde opplevd ein auke, om enn svært moderat i nokre land. Berre Italia hadde hatt ein tilbakegang, i 1990 var kvinnerepresentasjonen 13 prosent, i 2000 var han 11.

Går me utanfor Europa, er det ein region som skil seg ut. I dei arabiske statane utgjer kvinner berre 3,7 prosent av medlemane i lovgjevande forsamling. Bortsett frå dette og det relativt høge nivået i Norden, er det overraskande likt i dei andre regionane i verda. I Amerika (Nord og Sør) og Asia ligg kvinnerepresentasjonen på rundt 15 prosent, i Afrika sør for Sahara og i Stillehavsregionen ligg han på litt over 11 prosent.

Meir informasjon: Stein Terje Vikan , tlf. 21 09 48 29.

Se også: emneområdet for likestillings-statistikk



Tabeller Kjelde
  • FN/ECE (2000): Women and Men in Europe and North America, 2000.

Kontakt