Talet på Stillinga må være utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar er til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som berre er opne for interne søkjarar, blir ikkje rekna som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir talt med sjølv om den på referansetidspunktet er oppteken. gjekk opp med 2 900 frå 2. kvartal til 3. kvartal i år, som vi kan sjå i figur 1. Det svarer til ein auke på tre prosent. Dette viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar.

– Tala på ledige stillingar har vore rekordhøge dei to siste kvartala, det høgaste i statistikken si historie, seier Tonje Køber, seksjonssjef for arbeidsmarknad og løn.

Effekten av koronakrisa inngår ikkje i grunnlaget for sesongmønsteret. Les meir om korleis koronakrisa blir behandla i denne statistikken nedst i artikkelen.

Figur 1. Ledige stillingar. Trend, sesongjusterte og ujusterte tal

Auke i talet på jobbar og nedgang i arbeidsløysa

Samstundes viser tal på arbeidsforhold og løn ein stor auke i talet på jobbar i same periode. Tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at Personar 15-74 år utan inntektsgivande arbeid som prøvde å skaffe seg slikt arbeid i løpet av dei siste fire vekene, og som kunne ha starta å arbeide i løpet av to veker vert rekna som arbeidslause. Ufrivillig permitterte vert rekna som arbeidslause dersom dei har vore permitterte samanhengande i minst tre månader og elles oppfyller kriteria om søking og tilgjengelegheit. går raskt ned, og er om lag på same nivå som før koronakrisa starta. Det er likevel stadig mange arbeidslause, sjølv om arbeidsgjevarane har mange ledige stillingar.

– Ein mogleg forklaring på utviklinga kan vere at dei arbeidssøkjande ikkje har den kompetansen som arbeidsgjevarane leitar etter, seier Tonje Køber.

Ein nyleg publisert artikkel over tal på arbeidsforhold og løn viser at omtrent ein av tre jobbar blant dei som pendlar til Noreg for å jobbe, Ikkje-busette er definert som personar registrert i Folkeregisteret med planlagt opphald i Noreg på under seks månadar. Ikkje-busette omfattar personar med eit mellombels personnummer (D-nummer) eller som er registrert som utvandra, men jobbar i Noreg., har forsvunne frå 3. kvartal 2019 til 3. kvartal i år. Den største nedgangen har kome blant yrke som vanlegvis ikkje krev høgare utdanning.

Figur 2

Talgrunnlag for figur 2: Ledige stillingar (Statistikkbank-tabell 11587) og Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal (Statistikkbank-tabell 07458)

Figur 2 viser utviklinga i forholdet mellom arbeidslause i prosent av Summen av dei sysselsette og dei arbeidslause, dvs. personar med tilknytning til arbeidsmarknaden, slik begrepa blir benytta i AKU. (den horisontale aksa) og Ledige stillingar i prosent av det totale talet på stillingar, som består av arbeidsforhold og ledige stillingar. Ei endring i prosentdelen ledige stillingar kan dermed både komme som følgje av endringar i talet på ledige stillingar, og i talet på arbeidsforhold. (den vertikale aksa), vist ved Beveridgekurva. Kvart punkt i figuren viser eit nivå på både ledige stillingar og arbeidsløyse i eit gitt kvartal. Linjene mellom punkta indikerer utviklinga over tid.

Frå kurva ser vi tydeleg at nedstenginga etter utbrotet av korona gav eit høgt nivå på arbeidsløysa, medan prosentdelen ledige stillingar var lågare enn vanleg. Etter kvart som tiltaka blei oppheva, har vi fått eit stigande nivå på prosentdelen ledige stillingar, medan arbeidsløysa nærmar seg nivået frå før koronakrisa.

Stor auke i ledige stillingar innan byggje- og anleggsverksemd

Næringane varehandel og pleie- og omsorgstenester i institusjon hadde flest ledige stillingar totalt, med høvesvis 9 700 og 9 500 ledige stillingar.

– Desse ligg no på eit høgare nivå enn før korona. Også undervisningsnæringa har hatt ein stor vekst i ledige stillingar dette kvartalet samanlikna med tidlegare år, seier Tonje Køber.

Det har vore stor etterspurnad etter arbeidskraft i næringa byggje- og anleggsverksemd det siste halve året. Dette er den næringa med størst andel ikkje-busette. Tal frå arbeidsforhold og løn viser at talet på jobbar i næringa blant ikkje-busette har hatt ein stor nedgang, og dette kan være med på å forklare auken i ledige stillingar.

Koronakrisa påverkar statistikken over ledige stillingar på fleire vis som er viktig å ta omsyn til når ein tolkar tala. I dei sesongjusterte tala har vi følgt Eurostat sine retningslinjer som seier at effekten av koronakrisa ikkje skal inngå i grunnlaget for sesongmønsteret. Det inneber at vi frå og med 2. kvartal 2020 antar at sesongmønsteret er uendra, og at vi korrigerer for den systematiske sesongvariasjon berekna på data før koronakrisa. Vi gjer dette frå og med 2. kvartal fordi referansetidspunktet for 1. kvartal i statistikken over ledige stillingar er utgangen av februar, altså månaden før koronakrisa inntrefte.

Talet på arbeidsforhold (jobbar), som vil seie størstedelen av nemnaren i prosentdelen ledige stillingar, har bevega seg mykje etter 2. kvartal 2020. Særleg gjeld dette næringar som i større grad har blitt ramma av dei nasjonale tiltaka for å redusere spreiinga av koronaviruset. Ein nedgang i talet på arbeidsforhold i perioden heng saman med oppseiingar, langvarige permitteringar (permitteringar over 90 dagar blir ikkje rekna som sysselsetting), mindre bruk av tilkallingsvikarar og færre nytilsettingar. Ein nedgang i talet på arbeidsforhold fører isolert sett til ein auke i prosentdelen ledige stillingar, medan ein auke vil føre til det motsette.