Talet på Stillinga må være utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar er til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som berre er opne for interne søkjarar, blir ikkje rekna som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir talt med sjølv om den på referansetidspunktet er oppteken. Talet på ledige stillingar er ein størrelse på behaldninga av ledige stillingar på referansetidspunktet, ved utgangen av midtre månad i kvartalet. gjekk opp med 7 000 frå 4. kvartal 2021 til 1. kvartal 2022. Det svarer til ein oppgang på 7,3 prosent. Dette viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar.

–Tala på ledige stillingar var rekordhøge i heile 2021. Dette kvartalet ser vi ein ytterlegare auke og talet på ledige stillingar er no over 100 000, det høgaste på over 10 år, seier Tonje Køber, seksjonssjef for arbeidsmarknad og løn.

Figur 1. Ledige stillingar. Trend, sesongjusterte og ujusterte tal

Stor etterspurnad innan bygg og anlegg

I fjor steig etterspurnaden etter arbeidskraft meir enn vanleg i byggje- og anleggsverksemder gjennom året, frå eit normalnivå i 1. kvartal med 5 600 ledige stillingar. Samstundes var talet på Ikkje-busette er definert som personar registrert i Folkeregisteret med planlagt opphald i Noreg på under seks månadar. Ikkje-busette omfattar personar med eit mellombels personnummer (D-nummer) eller som er registrert som utvandra, men jobbar i Noreg. lågare enn vanleg, viser tal frå arbeidsforhold og løn. I 1. kvartal i år var det 9 300 ledige stillingar i næringa, så auken fortsett.

–Vi ser at fleire pendlar til Noreg for å jobbe. Berre i byggje- og anleggsbransjen er det ein auke på 7,2 prosent dette kvartalet, men nivået er ikkje tilbake på same nivå som før korona.

Flat utvikling i talet på jobbar

Ledige stillingar i prosent av det totale talet på stillingar, som består av arbeidsforhold og ledige stillingar. Ei endring i prosentdelen ledige stillingar kan dermed både komme som følgje av endringar i talet på ledige stillingar, og i talet på arbeidsforhold. var på 3,3 i 1. kvartal. Dette svarer til ein auke på 6,5 prosent. Også dette er det høgaste målt i denne statistikken. Talet på jobbar vaks jamt gjennom heile fjoråret, men tal frå statistikken arbeidsforhold og løn viser no at denne veksten har flata ut.

Lågaste arbeidsløysa sidan 2009

Tal frå Arbeidskraftsundersøkinga (AKU) viser at Personar 15-74 år utan inntektsgivande arbeid som prøvde å skaffe seg slikt arbeid i løpet av dei siste fire vekene, og som kunne ha starta å arbeide i løpet av to veker vert rekna som arbeidslause. Ufrivillig permitterte vert rekna som arbeidslause dersom dei har vore permitterte samanhengande i minst tre månader og elles oppfyller kriteria om søking og tilgjengelegheit. har falt til 3,1 prosent dette kvartalet, det lågaste nivået som er målt sidan 2009. Figur 2 viser utviklinga i forholdet mellom arbeidslause i prosent av Summen av dei sysselsette og dei arbeidslause, dvs. personar med tilknytning til arbeidsmarknaden, slik begrepa blir benytta i AKU. (den horisontale aksa) og prosentdelen ledige stillingar (den vertikale aksa), vist ved Beveridgekurva. Kvart punkt i figuren viser eit nivå på både ledige stillingar og arbeidsløyse i eit gitt kvartal. Linjene mellom punkta indikerer utviklinga over tid.

Talgrunnlag for figur 2: Ledige stillingar (Statistikkbank-tabell 11587) og Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal (Statistikkbank-tabell 07458)

Frå kurva ser vi tydeleg at nedstenginga etter utbrotet av korona gav eit høgt nivå på arbeidsløysa, medan prosentdelen ledige stillingar var lågare enn vanleg. I periodane der tiltak vart oppheva har prosentdelen ledige stillingar vore høg og arbeidsløysa gått ned. I løpet av årets første kvartal vart alle restriksjonar i forbindelse med koronapandemien oppheva som medførte høg aktivitet på arbeidsmarknaden. Auke i prosentdelen ledige stillingar, nedgang i både arbeidsløysa og den skjulte arbeidsløysa tydar på at aktiviteten i arbeidsmarknaden er høg.

–Arbeidsløysa er låg og etterspurnaden etter arbeidskraft er høg. Sidan det framleis er så mange ledige stillingar kan det tyde på at det er eit misforhold mellom etterspurnad og tilbod av arbeidskraft, avsluttar Køber.

Koronakrisa påverkar statistikken over ledige stillingar på fleire vis som er viktig å ta omsyn til når ein tolkar tala. I dei sesongjusterte tala har vi følgt Eurostat sine retningslinjer som seier at effekten av koronakrisa ikkje skal inngå i grunnlaget for sesongmønsteret. Det inneber at vi frå og med 2. kvartal 2020 antar at sesongmønsteret er uendra, og at vi korrigerer for den systematiske sesongvariasjon berekna på data før koronakrisa. Vi gjer dette frå og med 2. kvartal fordi referansetidspunktet for 1. kvartal i statistikken over ledige stillingar er utgangen av februar, altså månaden før koronakrisa inntrefte. Vi avsluttar handteringa av koronakrisa etter 1. kvartal 2022. Frå og med 2. kvartal 2022 vil nye data inngå i grunnlaget for sesongmønsteret.

Talet på arbeidsforhold (jobbar), som vil seie størstedelen av nemnaren i prosentdelen ledige stillingar, har bevega seg mykje etter 2. kvartal 2020. Særleg gjeld dette næringar som i større grad har blitt ramma av dei nasjonale tiltaka for å redusere spreiinga av koronaviruset. Ein nedgang i talet på arbeidsforhold i perioden heng saman med oppseiingar, langvarige permitteringar (permitteringar over 90 dagar blir ikkje rekna som sysselsetting), mindre bruk av tilkallingsvikarar og færre nytilsettingar. Ein nedgang i talet på arbeidsforhold fører isolert sett til ein auke i prosentdelen ledige stillingar, medan ein auke vil føre til det motsette.